Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Lukka i livet er å følgja Guds ord

Det vil koma ein dag då vi vil sjå alt i eit nytt lys. 

Eg møter det nye året fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Etter eit langt liv som kristen gler eg meg meir enn nokon gong over Guds ord og priser Herren for alle velsigningane eg finn i Ordet frå Gud. Eg har prøvd å vera uthaldande i å forstå og leva etter Guds ord.

Eg har lært Ordet utanåt. Eg har grunda på Ordet. Eg har venta på at Ordet skulle opna seg for meg. Kvar gong det skjer blir eg fylt av glede. Eg har prøvd å lata Ordet styra livet og oppførselen. Eg har funne håp og fred når eg har late Ordet leia meg. Guds ord er min rikaste skatt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Salme 119 har heilt frå ungdommen vore motiverande og oppmuntrande for meg. Eg trur at denne salmen er svært viktig for alle kristne. Den gleda salmisten finn i å leva etter Guds ord, er ei glede vi treng i vår tid.

Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt, seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens lov.

I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som målast med den velsigning det er å leva etter Guds ord.

Eg ønskjer den komande generasjonen i landet skal få oppleva dette velsigna livet. Velsigna er dei menneske som lever etter Herrens lov. Lukkelege er dei som er heile i si ferd, dei som lever eit liv i integritet. Velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord.

Herrens lov har sitt opphav i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias - det levande Ordet - vart Guds vilje synleggjort. Jesus stadfesta Herrens lov ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine» (Joh 14,15).

Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Jesus. Det handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit. Glede og velsigning er knytt til det å ta vare på Guds lovbod og søkja han av heile sitt hjarte.

Salme 119 startar med å prisa lukkeleg dei som har eit rett forhold til Guds ord. Dette treng vi å gje akt på i våre dagar når så mange trur at dei veit betre enn Gud. Mange bortforklarer eller fornektar det Gud har sagt i Bibelen for å leva slik dei sjølv vil. Dersom vi som kristne ønskjer å leva i velsigning må vi ta vare på Guds ord som vårt arvegods. Det viktigaste vi kan gje vidare til dei som kjem etter oss er tillit til Guds ord.

Å ta vare på Guds lovbod er å halda dei og leva i samsvar med Ordet slik Jesus baud oss: Gjer alle folkeslag til læresveinar ved å døypa dei og læra dei å halda alt det eg har bode dokker! Bibelen skal ikkje stå til pynt i ei bokhylle, men levast ut i kvardagen. Lukka i livet er ikkje å få mange likes i sosiale media, men å lyda Guds ord trass i kva andre meiner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den Gud, som har skapt oss, har også gjeve oss instruksjonar om å leva rett. Han har gjeve oss påbod. Han har sagt korleis han vil vi skal leva. Han har vist oss at det finst ein rett måte å leva på. Vi kan ikkje leva slik vi vil om vi vil finna lukke og velsigning i livet. Det finst berre ein måte å leva rett på: å elska Gud og menneske ved å vera nøye med å halda Guds ord!

Gud er god, og alle hans vegar er gode for alle menneske, ja, for alle samfunn. Det er godt å ha denne enkle trua på Guds ord. Det er trygt å gå på Guds vegar. Det er aldri galt å gjera det Gud seier.

Mange menneske trur dei er så kloke og smarte at dei veit betre om kva som er godt for barn og unge enn Skaparen. Dei snakkar forakteleg om å leva etter det ei gammal bok seier. Bibeltru folk vil seia at vi lyder ikkje Guds ord berre fordi det gjer oss lukkelege og er godt for oss.

Nei, vi held oss til Guds ord fordi Gud krev det. Guds ord er ikkje berre velmeinte og gode råd som vi kan gjera kva vi vil med. Det er hans påbod og befalingar det gjeld. Våre moderne og såkalla intellektuelle bortforklaringar rikkar ikkje ved Guds befalingar. Vi må vera nøye med å gjera det Gud seier, fordi det er Gud som seier det!

Velsigningane er tallause når vi gjer Guds vilje. Ingen som set si lit til Herren og går på hans vegar blir til skamme. For Herren tek seg av oss og lønner oss med ære når tida er inne.

Vi kan møta motstand og motgang. Vi kan bli håna og spotta. Vi kan bli gjort til latter og gjort narr av. Vi kan bli skjelt ut og bli snakka stygt om. Men alt dette er berre midlertidig. Det vil koma ein dag då vi vil sjå alt i eit nytt lys.

Det kjem ein rekneskaps dag for alle menneske. Det kjem ein dag då Gud skal lønna kvart menneske etter sine gjerningar. Den dagen vil vi ikkje bli til skamme, om vi har levd etter Guds lov.