TREDJE KJØNN: Det gode livet er ikkje knytt til nøytrale personnummer eller unisex-toalett. Det er heller ikkje slik at ein tredje kjønnskategori vil hjelpa folk med å få det godt med seg sjølv, skriv Sæbjørg Hageberg Kjeka.

Alle menneske ønskjer å leva gode liv og ha det godt med seg sjølv

Det gode livet er ikkje knytt til nøytrale personnummer eller unisex-toalett.

Dei fleste vil vera einige i påstanden i overskrifta – både dei som argumenterer for eller mot at vi skal ha meir enn to kjønn og dei som meiner at ekte­skapet er for mann og kvinne. Det er for dei fleste også sjølvsagt at vi skal arbeida for at ikkje menneske­ blir mobba, trakassert eller ­diskriminert, men i staden kan kjenna seg trygge der dei er. I det mangfaldige samfunnet er dette viktig.

Når Rosa kompetanse presenterer seg sjølv i Dagen (4. des. 2019) som dei som veit korleis dette må løftast fram, må det likevel vera lov til å vera ueinig i det eller stilla spørsmål ved det, utan at ein skal bli kalla «personer som ser ut til å ha liten kjennskap til vårt arbeid».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På nettsida si presenterer Rosa kompetanse seg som «et kompetansemiljø som tilbyr faglig bistand og undervisning om kjønns- og seksualitetsmangfold», som jo er det organisasjonen deira, FRI, jobbar for. Dei tilbyr altså informasjon om at det finst «eit mangfald av kjønn» før dette er utgreidd eller vedteke i Stortinget – faktisk med støtte frå både Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet!

Då det i 2016 vart vedtatt i Stortinget at juridisk kjønn er noko ein kan søkja om å få endra, også for born i skulealder som har samtykke frå foreldra, var også det etter påtrykk frå mellom anna organisasjonen FRI som den gongen heitte LLH. I Pride-paraden i 2014 var dette ei viktig fanesak.

Likeeins har FRI gjennom Rosa kompetanse systematisk arbeidd for at ein skal innføra ein tredje kjønnskategori i Noreg, slik det vert fremja forslag om frå AP og MDG (forslag 174S og 166S) som 11. desember skal handsamast i Stortinget. Viss dette blir vedtatt, har FRI og deira støttespelarar igjen lukkast med å ta eit markert skritt bort frå tradisjonell forståing av kjønn. I staden er det identitetsforståing som vert løfta fram som det essensielle.

Hos FRI blir identitet forstått som «det som utvikles når vi er komfortable med vår egen oppfatning av oss selv, og vi får anerkjennelse og bekreftelse fra omgivelsene på denne selvoppfatningen.» Det ligg altså som ein premiss for identitetsutvikling at ein er komfortabel med med si eiga oppfatning av seg sjølv og samfunnet sin respons på denne sjølvoppfatninga.

For det første ser ein då bort frå at eit menneske er påverkeleg av forhold utanfor seg sjølv, og ein oppfattar identitet som noko relativt stabilt under gitte tilhøve. Hovudproblemet er likevel at identiteten vert knytt til andre si oppfatning, og ein konsekvens av at omgjevnadene ikkje responderer slik personen ønskjer det, vil då vera at ein automatisk kan oppleva det som kritikk, fordøming eller til og med trakassering.

Gjennom alle tider har kjønna vore mann og kvinne, han og ho, maskulin og feminin, og i vår tid kan vi også få vita kjønnet på barnet lenge før det vert fødd. Eit eventuelt tredje kjønn kan ikkje oppdagast på ultralyd, og det vil ikkje vera på plass ved fødselen.

Derimot ligg det som ein føresetnad for eit tredje kjønn at ein forstår kjønn som skild frå biologien, slik mellom anna ein del feministar og filosofar har argumentert for, og konsekvensen blir at borna må læra at kjønn er noko vi opplever eller føler. Å leggja opp til noko slikt, er å be om fleire identitetsproblem og identitetskonfliktar.

Det gode livet er ikkje knytt til nøytrale personnummer eller unisex-toalett. Det er heller ikkje slik at ein tredje kjønnskategori vil hjelpa folk med å få det godt med seg sjølv. I staden vil det skapa nye utfordringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Derfor må vi uavhengig av ein tredje kjønnskategori gjera vårt beste for at alle menneske skal ha gode liv og ha det godt med seg sjølv, men vi kan ikkje byggja politikken og samfunnet på kjensler og paroler heia fram i fargerike paradar i byar og ­bygder. Viss vi gjer det, er det fare for at vi ­misser både oss sjølve og ­kulturen vår.