UTFORDRAR: Alle som kjenner ti
...
UTFORDRAR: Alle som kjenner til Andreas Håtveits teologiske profil og har eit snev av kjennskap til norsk debattkultur, veit at som representant for Kristen-Noreg er du kul berre så lenge du ikkje utfordrar synet på fri seksualitet som har etablert seg som det mest hårsåre paradigmet i kongedømet. Her er Håtveit fotografert under OL i Sotsji i 2014. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix
debatt
Helseministeren og Håtveit’en
Del
Dersom ein trur at det seksuelle samlivet høyrer til innan rammer gitt av Gud som ei god gåve til mennesket, vert ein konsekvens at leiarane med glede og frimot fremmar dette idealet.

Mediebiletet av Andreas Håtveit, frå han svevde som høgt dekorert ungdomshelt i X-games, til han dukka opp som eit friskt pust i familieprogrammet «Mesternes mester» har vore prega av kristen-feelgood i beste sendetid. Lysluggen med Bibelen på nattbordet og Jesus-tru skrive over panna bidrog til breidde i persongalleriet hos NRK, og han gjorde det godt i konkurransen. «Kul kristen?» Kanskje det.

Men alle som kjende til Håtveits teologiske profil og har eit snev av kjennskap til norsk debattkultur, veit at som representant for kristen-Noreg er du kul berre så lenge du ikkje utfordrar synet på fri seksualitet som har etablert seg som det mest hårsåre paradigmet i kongedømet.

Det er som ein eigen grammatikk har senka seg ned over heile medie-Noreg: alle skal bøyast etter same skeive skjema. Nåde den som bøyer seg for noko anna, til dømes for ei anna trusmessig overtyding, med eit anna seksuelt paradigme som konsekvens. Vi fekk nyleg innblikk i same logikken i NLA-saka, der ein liten minoritet våga å ytra seg om at ein homofil også kan lengta etter å vera hetero.

Fy, skam. I det frigjorte Noreg har vi å akseptera at visse gater er einvegskøyrte. Dermed var Håtveit kul heilt til han vart tydeleg om eigen teologi og dei konsekvensane han meinte det måtte få for leiarskap i KRIK, ein organisasjon som står hjarta hans nært.

Rett nok ville synspunkta hans ikkje skilja seg nemneverdig frå det eit stort fleirtal vanlegvis vil meina om leiarskap: nemleg at leiarar for ein organisasjon bør representera organisasjonens verdiar og synspunkt i ord så vel som i handling. Slik sett er det lite kontroversielt ved måten Håtveit resonnerer her.

Dersom ein altså trur at det seksuelle samlivet høyrer til innan rammer gitt av Gud som ei god gåve til mennesket, vert ein konsekvens at leiarane med glede og frimot fremmar dette idealet. Ikkje fordi livet alltid stemmer med idealet. Men fordi idealet likevel er godt og verdifullt og ein del av eit større mønster for den som ønskjer å ha Bibelen som autoritet i livet.

I andre samanhengar vil jo gjerne kristne forsvara dei gode ideala. For ei tid sidan fekk vi i Stavanger Bispedømme medie-stryk og miljøversting-stempel fordi vi arrangerte ein stor studietur til Tyrkia for prestane i bispedømmet.

Eg såg ikkje mange ta til orde for å dempa ned idealet om å vera miljøvenleg og restriktiv med framtidige flyreiser fordi det er vanskeleg å leva opp til. Naturleg nok. Vi treng ideala, sjølv om vi, som KRIK-saka viser, kan vera ueinige om kva dei skal vera.

Det merkelege med tilfellet Håtveit er sjølvsagt ikkje kommentarfeltets harde dom; ingen forventar applaus for klassiske teologiske synspunkt i slike saker. Meir urovekkande var helseminister Bent Høies Facebook-utfall datert 19. oktober.

Her dreg han utan å blunka ei linje frå den autoritære utviklinga i Polen til Andreas Håtveits teologiske overtyding, i eit innlegg som rører saman fleire ulike element av personleg og politisk art.

Det prinsipielle ser ut til å gleppa fullstendig i farten, ettersom han utan vidare klassifiserer Håtveits ekteskapssyn som «en livsfarlig beskjed» og rundar av med å kopla synspunkta hans til sjølvmordsstatistikken på den spekulative måten vi verken ønskjer eller forventar frå ein statsråd.

Spørsmålet melder seg naturleg nok: skal no borgarane sin trusfridom underordnast ministrars personlege liv? Meiner Høie heilt på alvor at det, i eit fritt samfunn, er uakseptabelt å hevda at ekteskapet er ei gudgitt ordning for ein mann og ei kvinne?

Og vidare: dersom Håtveits perspektiv på ekteskapet er så utåleleg, korleis kan Høie akseptera at Den norske kyrkja no har det som vert kalla «to teologisk likestilte syn» i denne saka? Dersom det eine av desse er livsfarleg og kopla til sjølvmordsstatistikken, burde Høie adressera dette på ein heilt annan måte.

Skal ministerposten brukast til å utradera bestemte synspunkt i det samfunnet han er sett til å styra, bør han gå strukturelt til verks før han går på enkeltpersonar. Trusfridom blir uansett ein parodi når det er redusert til kunsten å sitja heilt stilt om ein avvik frå majoritetssynet.

Tilfellet Andreas Håtveit viser oss at det er er på tide å koma ut i opent lende. Her handlar det om trusfridom, og ministerens haldning verkar svært uklar på dette punktet. Trusfridom er ein grunnleggande menneskerett, og treng ikkje å koma i konflikt med diskrimineringslovverket der ein maktar å oppretthalde god prinsipiell tenking.

Utan det har vi ikkje lenger noko vern for trusfridom her til lands, då vert det opp til oss alle «å ta oss saman», slik medlem av Bjørgvin bispedømmeråd Oddny Miljeteig nyleg tilrådde i ein NRK-debatt der ho argumenterte mot å målbera eit tradisjonelt ekteskapssyn.

Men: eit samfunn der vi alle skal «ta oss saman» og koma inn i konsensussamfunnets majoritetstakt under det liberale samfunnets stadig meir overflatiske sjølvforståing som «tolerant», er faktisk ikkje fritt. Ein skal ikkje forventa at alle skjønar det. Men det bør vera innafor å forventa det av helseministeren.

andreas håtveit,homofili,krik,bent høie,debatt,bibelen,sofie braut