MINNESMERKE: Då hundreårsdagen for folkemordet vart minna i Jerevan i 2015, sende Noreg berre ein ambassadør, skriv Johannes Morken.

Flaut å ikkje anerkjenna folkemord

Er det av omsyn til NATO og vår allierte Tyrkia, eller av omsyn til oljeverksemda vår i Aserbajdsjan, Armenias nabo og hovudfiende, Noreg ikkje vågar å godta at det var folkemord? Det er det all grunn til å spørja.

Noreg må slutta med bortforklaringar og offisielt slå fast at armenarane og andre kristne blei utsette for folkemord i det som i dag er Tyrkia.

Den amerikanske kongressen har no med overveldande fleirtal anerkjent at armenarane blei utsette for folkemord. No får vi håpa at president Trump set vedtaket i verk. Diverre har tidlegare amerikanske presidentar vike unna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

President Erdogan rasar sjølvsagt mot kongressvedtaket og har kalla den amerikanske ambassadøren inn på teppet. Erdogan hevdar at eit land med så grove synder på samvitet som USA, ikkje har nokon rett til å fortelja Tyrkia korleis landet skal handtera fortida.

Alle land har ei plikt til å gjera opp for all gamal urett også for overgrep mot eigne minoritetar. Den plikta har både USA og Noreg. Og den plikta har også Tyrkia. Vi må ikkje la oss skremma av Erdogans sinne.

Samstundes som Noreg i tur og orden tek oppgjer med historiske synder mot våre minoritetar norsk politi hjalp tyskarane med holocaust, og vi har undertrykt samar og kvenar må vi snakka sant også om folkemord mot kristne grupper i det tyrkiske riket.

Det er godt dokumentert kva som hende for vel 100 år sidan. Kring halvannan millionar armenarar vart drepne. I tillegg kom assyriske og greske offer. Å vita eksakt kor mange er uråd. Men det er inga fagleg usemje om at det var omlag så mange, kanskje fleire. Tyrkia har i fleire tiår truga sine allierte til å vera tause om at det var folkemord.

Armenarane og andre kristne grupper var utsette for grove overgrep lenge før 1915. Men natta til 24. april dette året blei leiande armenske intellektuelle og embetsmenn arresterte og myrda i Konstantinopel dagens Istanbul. Bak stod dei nasjonalistiske ungtyrkarane som hadde fjerna sultanen frå makta i det osmanske riket.

Etter å ha teke livet av dei som aktivt kunne formulera motstand, gjekk ungtyrkarane laus på «det armenske problemet». Dei kristne minoritetane måtte vekk. Dei stod i vegen for eit muslimsk Tyrkia. Den første verdskrigen gav ungtyrkarane eit dekke for bestialiteten. Heile det austlege Tyrkia blei i praksis tømt for armenarar, grekarar og assyriske (syriakiske) kristne. Store landområde blei med makt overtekne av herskarane.

Tyrkia hevdar at det var krig der folk på alle sider døydde. Men nesten alle folkemord blir gjennomførte nettopp under dekke av krig. «Jødeproblemet» blei, som vi veit, også freista løyst ein gong for alle under dekke av krig, to-tre tiår etter folkemordet på armenarane. Ungtyrkarane brukte krigen for å fyra opp latente krefter som lett kunna aktiviserast i sekterisk vald. Resepten var enkel, velkjend og bestialsk.

I ei bratt fjellskråning søraust i Tyrkia ligg byen Mardin. Her ragar fleire kyrkjespir side om sida ved minaretane, det er ikkje vanleg i dagens Tyrkia der moskeane dominerer. Vi i Stefanusalliansen prøver i dag å støtta dei 2-3000 syrisk-ortodokse kristne som har klort seg fast i det som var eit kristent kjerneområde. For 100 år sidan var det fleire hundre tusen kristne i området Tur Abdin. Minnet er sterkt hos desse om folkemordet og andre overgrep både før og etter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Desse få kristne veit alt om korleis det er å vera i hjelpelaus klemme mellom tyrkiske og kurdiske styrkar. Den klemma er no kristne nordaust i Syria igjen i etter at Tyrkia invaderte området for å fjerna kurdarane. Dei få kristne søraust i Tyrkia følgjer dramaet i Syria med vakne blikk og vonde minne. På gjesting i Mardin i Tyrkia er det rett ut sagt flaut å tenkja på at Noreg ikkje vågar å tala sant om brotsverka for 100 år sidan.

I Tyrkia er det straffbart å bruka ordet folkemord. Når overgriparane og deira etterfølgjarar ikkje erkjenner ansvaret, blir folkemordet verkeleg vellukka, påpeikar Civita-historikar Bård Larsen med rette: Først fysisk utsletting, så fornekting. Noreg må slutta med det som i praksis er ei hjelp til Tyrkia med å dekkja til alvoret.

Er det av omsyn til NATO og vår allierte Tyrkia, eller av omsyn til oljeverksemda vår i Aserbajdsjan, Armenias nabo og hovudfiende, Noreg ikkje vågar å godta at det var folkemord? Det er det all grunn til å spørja.

Noreg har offisielt sagt at diskusjonen om det var folkemord, må overlastast til historikarane. Og det er, hevdar Noreg, prinsipielt problematisk å nytte omgrepet folkemord om hendingar som fann stad før FNs folkemordkonvensjon blei vedteken i 1948.

I tråd med ein slik merkeleg logikk kan heller ikkje holocaust reknast som folkemord. Folkemordkonvensjonen blei dessutan til for å setja folkerettslege ord på bestialitet som alt hadde hendt, og for å vera budd på framtida i lys av den mørke fortida.

Det er på tide å snakka sant om folkemordet. Då hundreårsdagen for folkemordet vart minna i Jerevan i 2015, sende Noreg berre ein ambassadør. Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF) uttalte den gongen til VG: «På 100-årsmarkeringen for folkemordet i Armenia hadde det vært flott om statsministeren representerte Norge. Eller i alle fall en fra regjeringen».

Ropstad sa også: «En anerkjennelse er en vinning for alle parter. Tyrkia kan komme seg videre fra et nasjonalt traume, og armenerne kan få den anerkjennelsen det internasjonale samfunn i snart 100 år har nektet dem.» No sit Ropstad sjølv i regjeringa. Det er tid for klar tale om dette traumet. Regjeringa må tala på våre vegne. No.