MISJON: Fasto har aldri prioritert å bruka mykje pengar på seg sjølv. Reiselysta har jamt over blitt dekka ved å vitje familie og gjennom deltaking på kristne stemne og krins­møte, skriv Olav Vestbøstad.

Takk, Fasto!

I dag fyller eldste tanta mi 90 år. På bursdagen hennar er eg på jobbreise i Indonesia. Denne teksta er mi bursdagsgåve til henne.

I vår familie har eldste systera til pappa heile tida gått under namnet Fasto. Diverre er helsa hennar slik at det må bli ei svært enkel 90-årsfeiring. Det passar godt for Fasto og hennar liv. Dei 90 åra kan opp­summerast med orda gudsfrykt med nøysemd.

Fasto vaks opp med Kinamisjonen og har vore trufast støttespelar i alle år. Ho har aldri sett eit misjonsfelt med eigne auge. Likevel har ho vore på alle, i tankar og bøner. Gjennom misjonsblad, bøker og forteljingar frå levande misjonærar har ho hatt god oversikt over dei ulike felta og arbeidet der. Kinamisjonen har vore hovudengasjementet, men ho har støtta trufast opp også om andre arbeidslag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tanta mi har aldri stifta eigen familie, men ho har likevel hatt mange born. I mange år var ho husmor på ein kristen internatskule. Mange av ungdommane ho var i kontakt med den gongen har ho fylgd seinare.

I byrjinga av 40-åra reiste Fasto heim for å ta seg av foreldra. Det vart bygd nytt hus der ho og foreldra flytta inn. Huset var fint og praktisk, men standarden var enkel. Det var eit poeng at eit nytt hus ikkje skulle gå ut over det som skulle gå til misjonen. Eg vaks opp i grannelaget og fekk kome på besøk når eg ville.

Fjernsyn var uaktuelt å ha i hus, men platespelar hadde ho. Eitt av høgdepunkta var å få spele «Barnatro» med Lapp-Lisa. Barnebibelen med 100 forteljingar frå Bibelen var også populær for meg og brørne mine. Spesielt hadde me sansen for den dramatiske forteljinga om David som kappa hovudet av Goliat.

Tanteborna var viktige for Fasto, men resten av bygda låg også på hjarta hennar. Difor vart ho både søndagsskulelærar og leiar på Yngres. På Yngres nytta me i fleire år studiehefta i serien «Lær dei vegen». Fasto identifiserte seg heilt og fullt med dette. Ho ynskte at flest mogleg skulle få lære den rette vegen og bli glad i Bibelen og i Jesus.

Eg spelte orgel i fleire år. Ein av dei fyrste songane eg lærte var ein enkel, tysk folketone. Fasto hadde eit trøorgel i stova, og eg fekk spele på det. Ho la merke til at eg lika å spele den enkle folkevisa. Ein dag sa ho at me kanskje kunne prøve å lage ein tekst som passa og som fortalde om Jesus. Eg vart aldri nokon orgelvirtuos, og det vart aldri til at me sette tekst til folketonen. Ynsket om å få vere eit vitne om Jesus vart likevel sådd i meg.

Fasto brukte sine gåver i tenesta for Jesus. Ho spelte gitar i musikklaget, ho song solo og duett og hadde andaktar for alle aldersgrupper. Songstemma var god og gitarspelet enkelt. Det viktigaste var ikkje det musikalske, men innhaldet. Det skulle vera sentralt evangelisk.

Fasto var ein katalysator i prosessen som etter kvart førte til at eg reiste ut som misjonær. Ho gav gradvis utfordringar og ansvar. Misjonærinnviinga vart ei høgtidsstund for kona mi og meg, men det var og ein stor dag for Fasto. Tidlegare hadde ho vore med på å senda ei nabokvinne til Etiopia og det var fleire andre misjonærar frå bygda og frå miljøet på internatskulen.

Det var likevel ekstra stort for Fasto å sjå at ein av hennar eigne tantegutar vart misjonær. I tillegg til at ho støtta misjonsarbeidet økonomisk, var ho ein trufast bønnepartnar. Det er med stor takksemd eg tenkjer på at eg dagleg har blitt løfta fram for den himmelske Gud frå eg var liten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fasto har aldri prioritert å bruka mykje pengar på seg sjølv. Reiselysta har jamt over blitt dekka ved å vitje familie og gjennom deltaking på kristne stemne og krinsmøte. Etter å ha tenkt grundig over saka, unte ho seg tur til Amerika med Sunnhordlandsmusikken, eit fellesmusikklag i Indremisjonssamskipnaden.

Klimaavtrykket etter Fasto har, trass sine 90 år, vore relativt lågt samanlikna med nordmenn flest. Lågt CO2-avtrykk, men stort misjonsavtrykk. Fasto har levd lokalt, men i tankar, ord og gjerningar har ho hatt eit globalt fokus. Ynsket har vore at endå fleire skulle bli kjent med Jesus. Ein av songane Fasto har vore glad i er «Det er nok det som Jesus gjorde».

Det er mi bøn for Fasto at ho inn i 90-åra sjølv får kvila i dette som ho i alle år har ivra for å formidle til andre.