SKULAR: Vi har ved å dra eit skilje mellom private ideelle skular og private kommersielle skular, klart å bli samde. Det er i samsvar med KrF sitt program og også dei forlik vi har vore med i på Stortinget, skriv Trude Brosvik (biletet). Her frå landsmøtet i april.

KrF sikrar dei ideelle skulane

Ambisjonen vår er at nye Vestland fylke skal ha den beste skulen i landet.

Skulepolitikk har alltid vore viktig for KrF, både for å sikre ein god felles offentleg skule, og for å opne for skular bygd på livssyn og alternativ pedagogikk. Det siste for å ta vare på retten til eigne val. Vi er glade for den semja vi har fått til, og for positive formuleringar som forpliktar fleirtalet på det nye fylkestinget.

I forhandlingane som har vore i etterkant av valet til nytt fylkesting, har KrF funne saman med V, Sp, MDG, Ap og SV. Dette er i samsvar med dei konstellasjonane vi har vore i før og som vi før valet sa ville vere første prioritet. I arbeidet med politisk plattform har det vore stor merksemd frå KrF på opplæring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Særleg sidan KrF og SV/Ap har hatt relativ stor skilnad på korleis vi ser på private skular. Vi har ved å dra eit skilje mellom private ideelle skular (det vi i KrF kallar friskular og som er bygt på livssyn eller alternativ pedagogikk) og private kommersielle skular, klart å bli samde. Det er i samsvar med KrF sitt program og også dei forlik vi har vore med i på Stortinget.

KrF har oppnådd mykje:

- Vi har saman sikra at dagens desentraliserte skulestruktur, slik han er i vedtekne planar, ligg fast i perioden.

- Vi skal ha god dialog og godt samarbeid med dei private ideelle skulane i fylket, og ønskje om endringar i tilbod på desse skulane skal vurderast i samsvar med friskulelova.

- Vi ønskjer derimot ikkje fleire private kommersielle skular, eller utviding av eksisterande tilbod i perioden.

- Vi skal arbeide for å førebygge psykiske lidingar, og ha ein systematisk gjennomgang av tilbodet innanfor skulehelsetenesta i heile fylket, med mål om å sikre alle elevar eit tilfredsstillande tilbod.

- Når det gjeld saka om inntak til vidaregåande skule, så skal vi ha ei utgreiing der målet er å ivareta både ein rett til å gå på ein skule nær der ein bur og framleis valfridom til å søkje andre skular.

Dette blir ein viktig jobb, og er i samsvar med KrF sitt program og faktisk også regjeringa si politiske plattform. Målet er å sikre at færrast mogleg må bli ufrivillig hybelbuarar, at elevar framleis har eit fritt skuleval, at vi ikkje får «eliteskular» som manglar både kjønnsbalanse og mangfald, og at mindre skular i distriktet ikkje skal bli tappa for elevar, og slik gå mot nedlegging.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Vi slår også fast at alle elevar er likestilte, uavhengig av funksjonsevne, og har same rettar. Denne setninga har vore særleg viktig for oss i KrF å få med. Vi seier vidare at vi skal utgreie korleis tilbodet til menneske med nedsett funksjonsevne skal organiserast i det nye fylket, ut frå at ein også skal ivareta tilrettelagt tilbod og at inkludering er ein verdi som står sterkt i den norske fellesskulen.

Høg gjennomføring, god kunnskapsformidling og trivsel vil vere sentralt. Det får vi til ved å bygge på det beste frå både Sogn og Fjordane og Hordaland. Ambisjonen vår er at nye Vestland fylke skal ha den beste skulen i landet.