FRIDAG: KrF meiner det er viktig å ta vare på søndagen som ein familiedag, felles fridag og helgedag, skriver Trude Brosvik. 


Det viktigaste

Psykiske vanskar hos ungdom aukar sterkt. 
Det har heilt sikkert samansette årsaker, 
men skal vi ikkje våge å seie at heimen 
og familien er viktig?

Barn og unge sin oppvekst er den viktigaste oppgåva vi som politikarar kan få ansvar for. Derfor er det å legge til rette for familiane ei så stor sak for KrF. Fordi vi har tru på at trygge famliar gjev trygge born. Vi har tillit til at dei aller fleste foreldre vil og veit det beste for sine eigne born.

Derfor har KrF stått i front, og somme tider ganske åleine, om viktige familie-reformar som barnetrygd og kontantstøtte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No har KrF fått gjennomslag for å auke barnetrygda, for første gong på 20 år. For dei som har lite, er auken på 7500 kr opp til 6 år ei god hjelp. Det er fagleg uttalt at barnetrygda er det viktigaste middelet vi har mot barnefattigdom.

KrF-arar i kommunane vil i tillegg kjempe for at barnetrygd og kontantstøtte ikkje skal reknast med i grunnlaget når sosialstøtta vert bestemt. Det vil vere god utjamning for dei som har minst og treng hjelp.

KrF har også fått vedtatt eit Fritidskort for born mellom 6 og 18 år. Dette vil gje alle ein sjanse til å vere med i eit organisert fritidstilbod, ved at deltakaravgifta vil bli dekka. Erfaring frå Island viser at dette i tillegg har vore eit svært godt førebyggande tiltak mot rusbruk hos unge.

Psykiske vanskar hos ungdom aukar sterkt. Det har heilt sikkert samansette årsaker, men skal vi ikkje våge å seie at heimen og familien er viktig? KrF vil gje familiane høve til å velje meir tid og gjere eigne val medan borna er små. Vi meiner det er arbeidslivet som må tilpasse seg familiane, ikkje omvendt.

KrF vil halde på ein skulestruktur for vidaregåande skule som gjer at færrast mogleg må flytte på hybel som 16-åringar. Og vi vil styrke helsesjukepleiar tenesta og ha miljøkoordinator på alle skular.

Søndagsopne butikkar kan stå som eit døme på praktisk politikk som betyr noko. KrF meiner det er viktig å ta vare på søndagen som ein familiedag, felles fridag og helgedag.

Høgresida i politikken meiner fridomen til å handle og forbruke er viktigare, og gløymer at valet den eine gjer påverkar den andre sitt høve til å velje. Slaget om søndagsopne butikkar vil stå i kommunestyret. Derfor er det viktig å stemme inn eit sterkt KrF.

Stem for det viktigaste - Godt familieval