Al-Noor Islamic Centre i Bærum mandagen etter angrepet som rystet moskeen forrige lørdag. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Muslimhat må nedkjempast lokalt

Tida er inne for ein eigen handlingsplan mot muslimhat.

Ingen skal vere i tvil om at Høgre tek muslimhat på det største alvor. Den siste hendinga på al-Noor-moskeen i Bærum er ei brutal påminning om kor viktig det er at denne forma for hat vert nedkjempa. Politiet vil ikkje alltid kunne ha full oversikt i framkant av slike hendingar.

Difor treng vi tiltak for å nedkjempe dei haldningane som ligg til grunn for slike angrep. Eg er difor glad for at statsministeren, kulturministeren og religionsministeren er opne for at det vert laga ein eigen handlingsplan. Alle formar for rasisme og etnisk og religiøs diskriminering er heilt uakseptable. Vi har alle eit ansvar for å beskytte kvarandre, og ikkje minst alle våre minoritetar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Regjeringa har allereie jobba ei tid for å få til ein ny nasjonal handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering. Svært ofte er det nøyaktig dei same uttrykka og mekanismane det er snakk om, uavhengig av kva for ei gruppe som opplever trakasseringa. Fordomar, mangel på kunnskap, og falske nyheiter og konspirasjonsteoriar på nettet er blant fellesnemnarane. Mange av tiltaka for å nedkjempe rasisme og diskriminering er difor dei same: Kunnskap, forsking og haldningsarbeid.

Fleire hendingar den siste tida viser at det er trong for eit spesielt fokus på muslimhat. Utviklinga har gått svært raskt i negativ retning. Vi ser netthets, falske nyheiter og nettstader som spyr ut fordomar, hat og myter.

Desse haldningane brer seg også vidare i samfunnet. Regjeringa har allereie sett i gang fleire tiltak, men her er mi li ste over fleire konkrete tiltak som kan vurderast:

- Registrere muslimhat som motiv for hat-kriminalitet, i alle politidistrikt.

- Gjennomføre haldningsundersøkingar med eit fast intervall.

- Etablere og forsterke forskingsprogram om muslimhat i Noreg.

- Etablere og forsterke prosjekt som bidreg til auka kontakt mellom muslimar og ikkje-muslimar. Til dømes kan unge muslimar vitje skular og fortelje om korleis dei opplever å vere muslim i Noreg.

- Få fylke og kommunar med på ein fellesdugnad der arbeidet vert sett høgt på den politiske dagsordenen, i samarbeid med etatane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det må skapast arenaer for deling av kunnskap og erfaring. For å lukkast med dette, må vi få med oss Kommune-Noreg. For det er der arbeidet skal skje i praksis og i kvardagen. Dette er ein nasjonal dugnad, som må starte i lokalsamfunna våre. For Høgre er det viktig å skape verkelege løysingar på verkelege problem, for verkelege menneske.

Dette gjeld sjølvsagt også når muslimfiendtlege haldningar har auka i omfang. Vi kan ikkje ha eit samfunn der grupper vert ekskludert frå arbeidslivet, trakassert i sosiale mediar eller på andre måtar kjenner seg verdilause eller redde for å vise kven dei er. Difor meiner eg at det no er naudsynt med ein nasjonal handlingsplan mot muslimhat.