Bildet viser Johanneskirken i Bergen. Foto: Hanne Kristin Pedersen

Frå Åpen folkekirke til kandidat på Nominasjonskomiteens liste

Også vi som står på Nominasjonskomiteens liste vil ha ei open og inkluderande folkekyrkje!

Frå 2015 til 2018 var eg medlem i Åpen folkekirke (ÅF), og deltok på årsmøta. Ved Kyrkjevalet i 2015 stilte ikkje ÅF eiga liste i Bjørgvin, men vi var 4 medlemmer i ÅF som stod på Nominasjonskomiteens liste og vart innvalde i Bispedømeråd/Kyrkjemøte.

ÅF si hovedsak ved valet i 2015 var å få på plass liturgi for likekjønna vigsel, og eg røysta for det som vart fleirtalsvedtak. Men i vår melde eg meg ut av ÅF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 2018 vedtok Kyrkjemøtet nye kyrkjevalreglar. ÅF ville ha slutt på ordninga med Nominasjonskomiteens lister, men fekk ikkje fleirtal for det. For meg vart det viktig at nominasjonsprosessen ved kyrkjeval er godt forankra i det lokale kyrkjedemokratiet. Derfor røysta eg for å ha ordninga med Nominasjonskomite.

Den grunnleggande eininga i Den norske kyrkja er dei lokale sokna, og eg meiner det er ein styrke for den lokale kyrkja at at nominasjonsprosessen for val av Bispedømmeråd/Kyrkjemøte tek til i sokna.

Dei registrerte nomineringsgruppene ÅF og Bønnelista stiller også vallister. For desse er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to av styremedlemmene i lokalavdelinga. Eg har ikkje sett at det er regelfesta krav til lokalavdelingar som stiller liste på vegne av ÅF eller Bønnelista.

Dette kan opne for at svært få personar kan styre prosessen med nominasjon og kven som blir nominert. Dette er etter mi meining lite i samsvar med det som vi oppfattar som demokrati ved politiske val.

Ved kyrkjevalet i år stiller alle regionlag i ÅF eigne lister. Men eg takka nei til å stå på lista i Bjørgvin, og eg melde meg altså ut av ÅF. Valreglane har nok gjeve ÅF og andre grupper rett til å stiller lister.

Men sjølv om dei som nominerer både er engasjerte kyrkjefolk, og gjerne medlemmmer av kyrkjelege råd, så har dei ikkje eit tilsvarande demokratisk mandat til å lage liste som ein komite oppnemnd av den lokale kyrkja.

Kandidatane på Nominasjonskomiteens lister presenterer sjølve kva saker dei vil prioritere. Men kandidatane på dei andre listene skal veljast på lista sitt program.

ÅF er i programmet tydeleg på nokre få saker: sikre at vedtak om likekjønna vigsel ikkje vert reversert, om kjønnsinkluderande språk i gudstenesta, og om kyrkjevalreglar. Utover dette har ikkje ÅF noko avklart syn på mellom anna den viktigaste saka i komande periode,ny kyrkjeordning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Programmet til ÅF gjev ikkje noko svar på korleis ein skal følgje opp vedtaket om «at alle tilsette skal ha same arbeidsgjevar». Det kan forklare det Erling Birkedal skriv i Verdidebatt: «Når det gjelder kirkeordning er det i Borg faktisk personer fra ÅF sin liste som står lengst fra hverandre i sine forslag».

Etter at eg melde meg ut av ÅF og takka nei til nominasjon på ÅF-lista, vart eg noko overraskande nominert på førsteplass på Nominasjonskomiteens liste i Bjørgvin. Som utmeld frå ÅF og no kandidat på Nominasjonskomiteens liste, har eg gjort meg mange refleksjonar når eg les avisinnlegg om kyrkjevalet, og eg angrar ikkje på at eg har meldt meg ut av ÅF.

Som medansvarleg for tekst på Nominasjonskomiteens annonser meiner eg at vi seier det som det er. Når nominasjonskomiteen set opp liste vert det «lagt vekt på at lista skal representera ei breidde i kva kandidatane meiner i aktuelle kyrkjelege spørsmål». I annonseteksten står det derfor mellom anna:

«Kandidatene speiler et mangfold av oppfatninger, slik det også er i den norske folkekirken». Men ÅF-leiar Gard Realf Sandaker-Nielsen skriv i VL under overskrifta «Forvirrende iscenesettelse»: «Annonsen får det derimot til å fremstå som at de 155 enkeltpersonene er enig i et felles kirkepolitisk prosjekt med en felles visuell profil.» Nei, informasjonen vår er ikkje «forvirrende iscenesettelse». Informasjonen frå Nominasjonskomiteens liste er klargjerande!

I 2006 vedtok Kyrkjemøtet ei kommunikasjonsplattform for Den norske kyrkja. Der heiter det mellom anna i avsnitt Kjerneverdieråpenhet: «Den norske folkekirke vil være en åpen folkekirke».

Eller som kandidat på Nominasjonskomiteens liste i Stavanger, Therese Egebakken, skriv i Verdidebatt: «Kirken har allerede åpne dører og et varmt hjerte til medlemmer og våre medmennesker, uansett hvordan de har det og hvem de er». Også vi som står på Nominasjonskomiteens liste vil ha ei open og inkluderande folkekyrkje!

Kyrkjevalet i år handlar først og fremst om lokalkyrkja si rolle i den nye kyrkjeordninga. Derfor er det også viktig at dei som vert valde står på lista som har sitt utgangspunkt i den lokale kyrkja. I motsetning til ÅF stiller ikkje organisasjonen Frimodig kirke eigne lister, men har ved tidlegare val anbefalt kandidatar.

Det er vesentleg skilnad på å anbefale kven som bør veljast og å å stille eiga liste som nomineringsgruppe. Har Frimodig kirke forstått at organisasjonen ikkje har mandat frå veljarane til å nominere kandidatar til kyrkjevalet? Eg håpar det er derfor Frimodig kirke ikkje stiller lister!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Om Åpen folkekirke hadde gjort likeeins, ikkje stilt eigne lister, men anbefalt sine kandidatar, så hadde vi unngått dette med asymmetriske lister. Ordninga med Nominasjonskomiteens lister har vore lenge før Åpen folkekirke vart til.

Derfor er dei ulike listesystema eit større ansvar for Åpen folkekirke enn for Nominasjonskomiteens liste. Når vi ved valet i år også har Bønnelista, så er det å håpe at Frimodig kirke viser klokskap og ikkje kjem til å anbefale kandidatar!

På valdagen er det veljarane og ikkje organisasjonane som avgjer kven som blir vald. Eg er trygg på at for demokratiet i kyrkja er Nominasjonskomiteens liste det beste alternativet ved valet 9. september.

Sjølv om kandidatane har ulike prioriteringar, vil vi alle arbeide til det beste for den lokale kyrkja. Informasjon om den enkelte kandidat finn du på Nominasjonslisten.no. Godt val!

Vemund Øiestad, førstekandidat på Nominasjonskomiteens liste i Bjørgvin