Mona Juul er president i FNs økonomiske og sosiale råd», ECOSOC. Foto: Richard Drew, AP Photo

Ser ikkje norske styresmakter kor løgnaktig resolusjonane mot Israel er?

Det er på tide at regjeringa tar sin israelpolitikk opp til revisjon så me slepp fleire slike usaklege åtak på Israel i FN frå norsk side.

Me har etter kvart vortne vane med at Noreg servilt følgjer dei israelkritiske landa under røystingar i FN-organ. Siste dagane i juli vart det lagd fram ein resolusjonstekst i «FNs økonomiske og sosiale råd», ECOSOC, der den norske FN ambassadøren, Mona Juul, er president.

Der heiter det blant anna at «den israelske okkupasjonen forblir et hovedhinder for palestinske kvinner og jenter når det gjelder å imøtekomme deres rettigheter, deres fremgang, selvtillit og medvirkning i utviklingen av deres samfunn». (Sitert etter dr. Michal Rachel Suissa i Senter mot antisemittisme.)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Israel er det einaste landet som er nemnt som hindrar kvinner i å gjera bruk av rettane sine. Og her stemmer Noreg for ein slik resolusjon saman med land som Saudi-Arabia, Iran og mange andre land der menneskerettar ikkje står høgt i kurs.

Ser ikkje den norske utanriksministeren (og statsministeren) kor løgnaktig ein slik resolusjon er? Det er vanskeleg å tru at dei ikkje ser det. Kvifor støttar regjeringa han då?

Spesielt ille er det at det går ut over ein tredjepart, Israel. USAs tidlegare FN ambassadør sette ord på det då ho uttalte: «Det er å gjøre fullstendig narr av menneskerettighetene når mann tillater Saudi Arabia, Iran, Pakistan og Jemen å påstå at Israel er verdens eneste stat som begår brudd på kvinners rettigheter.»

Det er på tide at regjeringa tar sin israelpolitikk opp til revisjon så me slepp fleire slike usaklege åtak på Israel i FN frå norsk side. Det har vore alt for mange der Noreg anten stemmer for antiisraelske resolusjonar eller i beste fall avstår frå å røysta. Noreg bør gå aktivt inn for å støtta Israel – fordi det ville vera rett.