HØGRE: Desse ti løysingane er eit løfte vi gjev på vegne av Høgre sine lokalpolitikarar. I kommunane der vi vinn valet, skal dette følgjast opp, skriv Erna Solberg og Bent Høie. 


Høgre sine 10 løfter for eldre som bur heime

Det skal vere godt å bli gamal i Noreg. Vi lever lenger, og dei færraste drøymer om å bu på sjukeheim.

Faktisk er det slik at dei aller fleste 80- og 90-åringar bur heime. 87 prosent av nordmenn over 80 år bur framleis i eigen bustad - dei bur ikkje på sjukeheim, sjølv om mesteparten av debatten om omsorga i Noreg framleis handlar om sjukeheimar.

Difor presenterer vi i denne valkampen nokre klåre løfte til eldre som bur heime. Slik skapar vi ein eldreomsorg med tryggleik, trivnad og kvalitet i tenestene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Uansett kva alderdomen fører med seg, må dei som bur heime kunne føle seg trygge, og vite at hjelpa kjem når dei treng ho. For det er mykje som endrar seg etter kvart som ein vert eldre. Nokre endringar, som til dømes å miste førarkortet, kan opplevast som store og brå. Andre endringar, som å verte dårleg til beins, kjem kanskje litt gradvis.

Nokre opplever og å verte råka av alvorleg sjukdom som kreft eller demens. Det kan vere ein sjølv som vert sjuk, eller ein av våre næraste. Då må kommunen stille opp.

Vi går difor til val på fire konkrete tiltak som skal gjere det tryggare å bu heime lenger:

1. Trygg og enkel transport: Det må vere enkelt å kome seg til og frå aktivitetar. Å tilby føreseielege transportløysingar til ulike aktivitetar og gjeremål, vil gjere det enklare for fleire å delta. Dette kan organiserast anten ved hjelp av friviljuge, i samarbeid med private, eller med kollektivselskap.

2. Demensvenleg samfunn: Vi vil ha eit samfunn det menneske med demens kan delta. Mange som vert råka av demens, dreg seg attende og mistar nettverk, mykje fordi dei kjenner seg misforstått. Uansett diagnose har vi like fullt eit behov for å få bruke eigne ressursar, og bli møtt med respekt og forståing. Kommunane må difor setje i gang eit arbeid for å verte eit demensvenleg samfunn. Dette inneber at til dømes taxisjåførar, butikkpersonale og apotektilsette treng å ha noko kunnskap om demens.

3. Hjelp til småoppdrag: Mange heimebuande eldre synest det er ubehageleg når til dømes hagen ikkje vert teken godt nok vare på. Samstundes finst det friske eldre og unge som ynskjer å stille opp friviljug. Vi må difor kople desse menneska saman, slik at det vert enklare å få hjelp til småoppdrag i og rundt heimen.

4. Velferdsteknologi: Velferdsteknologi er fridomsteknologi som gjer det mogleg for eldre å vere meir sjølvstendige. Ved at vi sikrar at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi, kan fleire eldre meistre eigen kvardag og eigne helseutfordringar. Dette kan til dømes vere tryggleiksalarmar, GPS til heimebuande med demens, multidose-dispenserar eller digital avstandsoppfølging.

Mange eldre opplever at livet tek ei ny vending når ektefellen dør, eller helsa byrjar å svikte. Når vi ikkje har noko meiningsfylt å gjere i kvardagen, blir dagane og vekene lange. Einsemd blant eldre er eit aukande folkehelseproblem. Høgre vil difor at private, kommunen og friviljuge skal samarbeide om å lage fleire sosiale tilbod:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

5. Aktivitetstilbod: For å gjere det enklare å vere i aktivitet, bør eldre få bruke kommunen sine idretts- og kulturanlegg minst ein dag i veka til ulike treningsaktivitetar. Dette er ein fin måte å møte andre på, og samstundes vere i fysisk aktivitet.

6. Sosiale tilbod: I tillegg må kommunen, friviljuge og private aktørar samarbeide om å gje eldre som bur heime, eit sosialt tilbod på dagtid ein av dei andre vekedagane. Dette kan vere alt frå handlehjelp og datakurs, til eit tilbod om måltid saman med andre.

7. Mobilisering av friviljuge: Vi må jobbe meir saman med dei friviljuge kreftene i kommunen. Kommunane skal ha ein plan for å sikre at det vert enklare og tryggare å delta som friviljug. På den måten kan friviljuge ta ansvar for faste, felles aktivitetar gjennom veka, og tilbod retta mot den einskilde, som til dømes ordninga med besøksvener.

Når nokon har behov for hjelp til å meistre kvardagen, må vi sikre at kvaliteten på tenestene er god. For det er framleis for stor skilnad på kvaliteten på eldreomsorga frå stad til stad. Kvar du bur, skal ikkje avgjere kva slags kvalitet du får.

8. Kvardagsrehabilitering: Etter sjukdom eller skade kan mange eldre oppleve å ikkje greie like mykje som før. I staden for å hjelpe eldre med oppgåver dei kan greie å gjere sjølv, vil vi difor at alle kommunar skal tilby kvardagsrehabilitering.

9. Førebyggande heimebesøk: Vi tenkjer kanskje ikkje på kva for ting i heimen vår vi kan snuble i, dersom vi må opp om natta. Alle veit heller ikkje kva for aktivitetstilbod som er tilgjengelege i nærområdet deira. Å få informasjon om desse tinga gjennom eit førebyggande heimebesøk, kan gjere det mogleg for fleire å bu heime lenger.

10. Oppfølgingsteam: Med åra får mange av oss meir komplekse hjelpebehov. Mange opplever då at behandlinga vert stykka opp og delt. Vi vil difor at alle kommunar skal etablere eigne oppfølgingsteam, for å sikre at eldre som bur heime, får betre og meir koordinerte tenester.

Den viktigaste rolla til kommunen er å vere ein koordinator og kvalitetssjekkar for ulike tenester levert av både offentlege, private og friviljuge aktørar. Det er ikkje slik at det er kommunalt tilsette som må utføre alle tenestene. For å lukkast i eldreomsorga, må alle gode krefter takast i bruk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Desse ti løysingane er eit løfte vi gjev på vegne av Høgre sine lokalpolitikarar. I kommunane der vi vinn valet, skal dette følgjast opp, slik at vi får eit løft for eldre som bur heime.