KLIMA: Saman med kristne, jesidiar og andre tek muslimen Amina Hasan Golden (biletet) tak for å skapa eit nytt klima for minoritetar i Irak. Det står det djup respekt av, skriv Johannes Morken.

Til kamp mot djevelske krefter

Skal dei attverande kristne og andre religiøse minoritetar i Irak ha sjanse til å overleva, må landet ta oppgjer med valdsideologi og eit skulepensum som hatet gror ut av.

Når Stefanusalliansen vert spurt kva vi fokuserer på i Irak, er eitt av svara dette: Vi gjer vårt til at lærarar, imamar, politikarar og mediefolk skal læra at ikkje-muslimar er likeverdige borgarar. Dei er ikkje trugsmål som ekstremistar så kan prøva å utrydda.

Så langt har irakiske styresmakter ikkje hatt mot eller vilje til å ta oppgjer med kvifor «den djevelske krafta IS», for å sitera presten Emanuel Youkhana i Nord-Irak, oppstod nettopp i Irak. IS fekk veksa fram i eit gamalt og farleg religiøst jordsmonn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I kaoset og borgarkrigen etter den øydeleggjande amerikanske invasjonen i 2003 vart kristne drepne i terror, og store skarar flykta. Då IS slo til i 2014, vart nye skarar truga på livet, drepne – og dei fleste jaga på flukt. Drapsmaskina ramma jesidiane aller hardast.

Korleis få bukt med valdsbølgjer mot ikkje-muslimar i Irak? Vi har vener som ikkje har gitt opp, same kor grufull historia er same kor dyster framtida kan sjå ut.

Lat meg fortelja historia om Amina Hasan Golden. Ho er muslim. Golden er dagleg leiar i organisasjonen Masarat som ho var med på å starta i 2005. Dei vil endra holdningar gjennom bøker, magasin og filmar.

Sjølv har Amina Hasan Golden levd heile livet i eit religiøst mangfald. No vil ho læra dette bort til sentrale aktørar i samfunnet. Analysen hennar er treffsikker og brutal:

«Valden i Irak kjem frå skulane og moskeane. Det einaste som vert undervist der om ikkje-muslimar, er at dei følgjer falske religionar,» seier Golden i siste utgåve av Magasinet Stefanus

Amina Hasan Goldens far er shia-muslim, mora er sunni-muslim. Ho vaks opp i Bagdad med ei jesidi-kvinne som barnevakt – jesidiane er den minoriteten IS prøvde å utrydde med eit reint folkemord.

Seks år gamal blei Amina send til ein kristen privatskule. Som muslim fekk ho også der innføring i islam, kristendom var berre for de kristne. Slik er systemet.

Det første glimtet av religion fikk ho i første klasse – Amina såg ein kross om halsen på biskopen, den øvste leiaren for skulen. Barnevakta forklarte at dette er dei kristnes religiøse symbol. Kvinna viste henne eit smykke med det religiøse symbolet til jesidiane. Amina spurde mora si om ho kunne bruka symbola. Svaret var nei – sidan ho er muslim.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I sjette klasse fekk Amina hijab. På ungdomsskulen fekk ho mandearar som vener – dei reknar seg som etterfølgjarar av Johannes Døyparen. Bestemora forbaud henne å eta maten deira, «dei er ikkje ein abrahamittisk religion».

Faren forklarte om Abraham som stamfar til muslimar, jødar og kristne. «Jesidiar og mandearar er ikkje blant desse». Men det var ikkje farleg at ho hadde ete hos jesidi-kvinna – maten vert laga av menneske.

Som journalist kom Amina Hasan Golden til ein by der det bur mandearar, mange muslimar reknar dei som «ureine». Ho gjekk for å eta middag på ein restaurant eigd av ein mandear. Han kunne ikkje fatta at ein muslim ville eta hos han – ingen andre enn mandearar kom dit. Han tok bilete av seg og henne og gav biletet heidersplass på veggen.

Borgarkrigen i 2006 utløyste blodig terror mot kristne og andre minoritetar som flykta. I 2010 angreip seks sjølvmordsterroristar frå Den islamske staten/al-Qaida kyrkja Sayedat al-najat i Bagdad. Dei drap 58 og skada nesten 80.

Då gjekk Masarat til regjeringa og sa at valden kjem frå skulen: Når alle muslimar lærer at minoritetar er truslar mot det sanne – islam, vert det skapt eit farleg ideologisk jordsmonn som ekstremistane utnyttar.

Masarat kopla til seg religiøse leiarar og arrangerte konferansar. No skal det satsast på undervisning. Med støtte frå Stefanusalliansen vert det oppretta eit eige institutt for studiar i mangfald.

Imamane lærer i praksis ingenting om mangfald. Ein imam snakkar kanskje til tusen kvar veke, difor er det viktig kva ein imam seier om ikkje-muslimar.

Lærarar får i praksis heller inga undervisning om minoritetar, til og med på universitetsnivå. «Då vi tok dette opp, svarte utdanningsministeren at dette er systemet – som det ikkje kan gjerast noko med», seier Amina Hasan Golden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom det nye instituttet skal representantar for fire minoritetar utforma undervisningsmateriell om eigen religion. Så langt er det laga lærebøker om bahaiar og jesidiar, dei neste blir om kristne og mandearar.

I oktober skal muslimske lærde som underviser imamar, inviterast til eit tre månaders kurs. I februar er det mediefolk og politikarar sin tur. I skuleferien neste år er det tid for lærarar.

«Valden og diskrimineringa startar med falske stereotypiar og manglande forståing for og kunnskap om minoritetane», seier Amina Hasan Golden. Muslimar må, seier ho, mellom anna læra at Irak var Midtaustens første kristne kongedøme, før muslimane kom.

Saman med kristne, jesidiar og andre tek muslimen Amina Hasan Golden tak for å skapa eit nytt klima for minoritetar i Irak. Det står det djup respekt av.