ALVORLEG: Eg kan ikkje tru at kyrkjerådsleiaren tenkjer at samvitsspørsmål berre dreier seg om ting «man sier», men likevel, slik vel ho altså å argumentera i denne saka. Det er alvorleg, skriv Sofie Braut. På biletet ser vi kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Er ikkje tru og samvit viktige uttrykk for den vi er, Raaum?

Det kan høyrast ut som om Raaum seier at seksualiteten er det aller, aller djupaste i oss, mens tru og samvit høyrer til i dei meir overflatiske sfærer i det menneskelege.

Etter å ha blitt utfordra på leiarplass her i Dagen, kom Kristin Gunleiksrud Raaum på banen i avisa (10. juni) for å kommentera uthenginga av prest Børge Ryland på Osterøy.

Under den generelle overskrifta «Vi tar avstand fra trakassering» framfører Raaum fleire saker som ligg henne på hjarta. Kvinneprestar, LHBTQ+-personar, liberale prestar, Sandnes-paret som nyleg opplevde å få heimen rasert, den generelle brutaliseringa av samfunnsdebatten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mangt og mykje dukkar opp i innlegget til Raaum, men prest Rylands namn dukkar berre opp i ei tidleg bisetning. Kyrkjerådsleiaren kunne knapt vore tydelegare: så lenge ho meiner andre har og har hatt det verre, er ikkje tilfellet Ryland ei sak som har prioritet.

Raaum responderer altså ved å etablera eit krenkingshieraki der det underliggande spørsmålet blir «Kven har det verst?». Som respons til denne saka verkar det lite relevant.

Mest urovekkande er likevel at kyrkjerådsleiaren i stor grad distanserer seg frå problemstillinga ho er førelagd fordi, som ho seier, det «er stor forskjell på å bli hetset for det man sier og for det man er».

Her framfører ho det vi må kunna kalla eit snevert perspektiv på kristen tru og teologisk overtyding. Er trua noko mindre del av den vi djupast sett er enn til dømes seksuell orientering? Det kan nemleg her høyrast ut som om Raaum seier at seksualiteten er det aller, aller djupaste i oss, mens tru og samvit høyrer til i dei meir overflatiske sfærer i det menneskelege, at det berre er ein del av det «som vi seier»?

Det er i så fall ein måte å tenkja på som eg gjerne vil seia meg usamd i, ja som rett og slett slår meg som framandgjerande ut frå kristen tankegang. Vi veit frå mange stader i verda der trusfridom er omgitt av ein annan type brutalitet enn her heime, at det å få uttrykkja tru i tråd med eige samvit verkeleg handlar om identitet, og om å få vera det ein djupast sett er.

Eg kan ikkje tru at kyrkjerådsleiaren tenkjer at samvitsspørsmål berre dreier seg om ting «man sier», men likevel, slik vel ho altså å argumentera i denne saka. Det er alvorleg.

Osterøy-saka minner oss også om kor lite i tråd med realitetane kompromisset frå 2016 i grunnen var. Eg ser stadig leiarar i kyrkja seia at kompromisset fungerer godt, slik til dømes biskop Nordhaug sa då han nyleg kommenterte saka, og slik MF-professor Harald Hegstad hevda i lesarbrev i VL 12. juni. («Det er min klare oppfatning at [to likestilte syn og to likestilte praksiser] er en løsning som i det store og hele har vært vellykket og bidratt til å skape ro om saken»).

Det slike utsegn kanskje først og fremst røper, er kor langt det er mellom leiinga og fotfolket i Dnk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I toppleiinga gir nok kompromisset kvilepuls; no kan ein tona ned denne vanskelege saka til fordel for det mange, litt ullent, seier er ‘dei verkeleg viktige sakene’. Nedover i organisasjonen, derimot, kjenner fleire enn Ryland trøkket frå ein organisasjon som i mangt gjer felles sak med det sekulære samfunnet.

Det er vanskeleg å sjå at ikkje andre teologiske resonnement i nokså nær framtid kan koma til å hamna i tilsvarande skvis som ekteskapssaka.

Kyrkjerådsleiaren går i innlegget sitt langt i å nedprioritera problemstillingar ho som toppleiar i kyrkja våralltid burde ha for auga: Korleis gjemeir rom og skapastørre forståing for kristen tru: både i storsamfunnet og i folks personlege liv?

Og korleis skal vi i fellesskap bidra til meir medvit kring samvits- og trusfridom her i Noreg og elles i verda? Mange opplever jo nettopp den kristne trua og dei mange følgjene denne trua får for livet, som vår djupaste identitet:«For i han er det vi lever og rører oss og er til».