Utan kulten døyr kulturen

Ei svensk undersøking (Linnéuniversitetet i Växjö) syner at talet personar som meiner det er viktig at samfunnet bygg på kristne verdiar har auka frå 20 til 40 prosent på ni år.

Auken er størst mellom menneske som ikkje er medlemar i noko kyrkjesamfunn og ikkje går til kyrkje, såkalla «nones».

Dette skjer medan talet som identifiserer seg som kristne er uendra, medan talet menneske som set av tid kvar helg til å gå i kyrkja og delta i gudstenesta, er synkande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Er det muleg å bygge opp eller halde oppe ein kristen kultur utan praktiserande kristne menneske?

Kultus betyr gudsdyrking, og kultur er nettverket som veks fram og formar eit samfunn der menneske brukar talent og kreativitet i skapande arbeid for fellesskapen. Kulturen i eit samfunn avspeglar den kultus som har levert verdiane samfunnet bygg på. Den som ynskjer eit samfunn prega av felles verdiar og ein felles kultur, må difor slutte opp om kultusen det heile spring ut av.

Kultur i vår del av verda har vakse fram av kristendom. Vår rettspraksis, moraloppfatning og ålmene verdisyn har til no avspegla dei judeo-kristne verdiane. Om det skal halde fram slik, står og fell med om det finst menneske som ber og lever ut ei klassisk kristen tru. Det igjen føreset spesielt at menneske nyttar sundagen til det han vart meint å vere. Sundagen er Herrens dag, gjeven oss til kvile og gudsdyrking.

Eit par timar kvar sundag skulle vere investert i deltaking i den gudstenestefeirande forsamlinga for å få del i han som gav sitt liv for oss og den kulturkrafta som veks fram av evangeliet. Slike samlingar skaper ringverknader i samfunnet.

Det er løfterikt om det også i vårt land er slik at stadig fleire verdset dei kristne verdiane, men tilsvarande skræmande at stadig færre vel å investere tid kvar sundag for å feire messa. Denne endringa i folkeleg vane kan bli dyrt kjøpt både på det individuelle planet og for kulturen vår.

Å halde kultusen gåande, handlar om å delta i liturgien, i undervisning og oppbygging, i bøner og tilbeding, i skriftlesing og utlegging, i sakrament og fellesskap. Det manglar ikkje på plass for kultus-deltakarar. Både kyrkjer og bedehus er meir tome enn godt er. Og døyr kulten, døyr kulturen. Då vert kjeldene som kultur veks fram av, innturka. Eit felles verdigrunnlag kverv. Og i tomrommet som då oppstår, vil andre verdiar kjempe om plassen.

Vi kan snart ikkje lenger tale om kristen kultur når stadig fleire vel bort det fundamentale, å ta del i det mest heilage. Dette som er livsnødvendig for kvart kristent menneske, er også eit spørsmål om overleving for den kristne kulturen.