Skal vi berre gi opp?

«Til kven skal eg gå, når ikkje eg veit meg mi armaste råd», syng songaren, og denne setninga spratt opp i sinnet mitt, og ned på papiret her.

Det gjeld KrF generelt, og KrF i Bergen spesielt: Ikkje berre har Dag Inge Ulstein forlate byrådet i Bergen, men no seier også Rebekka Ljosland takk for seg, og att sit ein framleis noko ukjend kar for mange: Håkon Pettersen (som tok over etter Ulstein).

Og i bystyret er gruppa blitt til to (av fire) fordi to ikkje greidde å følgje opp sine lovnader til KrF-veljarar og programmet dei vart valde på, og gjekk til PDK. Og no er det berre vel fire månader att til bystyrevalet. Korleis skal dette gå?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og som om ikkje dette er nok, er KrF-skuta i ferd med å forlise (under sperregrensa).

Det såkalla retningsvalet for fem månader sidan var «tufta» på to alvorlege «misstak»: Abortsaka vart fronta som ei positiv sak for KrF («historisk sjanse») og eit klart og tydeleg nei til regjeringssamarbeid med Frp frå landsmøtet før siste stortingsval, vart overkøyrd og sett til sides.

Halvparten av ikkje berre aktive KrF-arar, men av vanlege KrF-veljarar, har sett seg på gjerdet eller gått til andre parti. Den tydlege KrF-leiaren, Knut Arild Hareide, som med stort frimod og entusiasme peika på ein mogeleg «ny veg» for kristen-demokratisk politikk, skulle kanskje vi ha hatt litt meir tid å sette oss inn i.

Her vart det knappe to månader som gjekk før partiet valgte å sei nei takk til det, og partitilliten vart kraftig svekka... Og 100 dagar har gått sidan KrF rekte ut handa til sin vanskelegaste politiske rival på høgresida, Frp. Og hadde KrF vore uavhengig, ville ein kanskje kunne hatt ein fleirtalsallianse i Stortinget for å få såra, traumatiserte og vergelause krigsborn heim til Noreg...

Kva er det att av KrF? Bedehuskulturen som i si tid fødte KrF, rekrutterer ikkje lenger aktivt medvitne KrF-politikarar. Kristen sed og skikk forvitrar, evangelisk forkynning i bedehus, kyrkje og i andre trussamfunn, får sviktande oppslutning. Kanskje ikkje så rart då at KrF tapar terreng.

KrF hadde og har hatt ein sentral plass, og har prega mange store og avgjerande saker i dette vårt kjære velstandssamfunn. Men har så denne velstanden sett vår åndelege verditrong til sides og dermed «avsett» KrF?