KRF: Eg gjer jobben min for KrF i Hareid kommune ut innverande valperiode, fordi eg er vald inn på KrF sitt program. Vegen du har staka ut vidare for KrF, er ikkje ein veg for meg, skriv Marit Øien Sæverud i sitt brev til Kjell Ingolf Ropstad (biletet).

Vegen du har staka ut vidare for KrF, er ikkje ein veg for meg

Ope brev til Kjell Ingolf ­Ropstad

Kjære Kjell Ingolf, du er etter mi oppfatning ikkje ein samlande leiarkandidat for KrF i tida som kjem. Mange likar deg veldig godt, og meiner at den vegen du har staka ut for KrF er den beste vegen å gå for partiet. Vegen din inneber eit nært samarbeid med Høgre, Frp og Venstre i regjering.

Vegen du har valt inneber også høge posisjonar for deg personleg. Du kan no smykke deg med ministertittel, og du er av valnemda i KrF innstilt til å bli den nye leiaren i partiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då Møre og Romsdal KrF hadde sitt fylkesårsmøte i mars månad, hadde du hovudinnlegget fredag kveld. Mange likte det dei høyrde, og er glade for at KrF er med i det tidlegare nemde regjeringssamarbeidet. Dei er einige med deg i retningsvalet, og synest det er fint når du listar opp gjennomslag for KrF i regjeringsplattformen.

Du fekk også ein del kritiske spørsmål. Nokre av spørsmåla svarte du godt på, mens andre valde du vekk.

Underteikna høyrer til blant dei som let seg begeistre av Knut Arild Hareide sin tale i haust, og som trur at vegen han peika på var verd å prøve ut. Knut Arild Hareide sin veg vekte interesse og engasjement blant mange som før ikkje hadde sett på KrF som eit aktuelt parti for dei.

Det ga håp om at nye veljargrupper ville kunne oppleve KrF som sitt parti. Eg har også møtt fleire tydelege ytringar om at eit KrF som samarbeider med Frp, ikkje er i eit parti for dei.

Vi veit ikkje kva som kjem til å bli valresultatet for KrF i september, det vil tida vise. Eg har trekt meg frå KrF-lista, både til Møre og Romsdal fylkesting, og til Hareid kommunestyre på grunn av regjeringssamarbeidet KrF no har med Frp. Det er uråd for meg å drive valkamp i ein slik situasjon.

Eg skulle ønskje at du, Kjell Ingolf, tek inn over deg at du ikkje er ein samlande kandidat til å byggje KrF vidare. Det ser ut til at du har vore meir oppteken av å lytte til Erna, og hennar visjon om eit borgarleg samarbeid som styrkjer partiet Høgre, enn å lytte til Knut Arild Hareide sine råd.

Du representerer KrF i eit fylke der samarbeid med Høgre og Frp gir vekst, og derfor er det kanskje naturleg at du er så overtydd om at eit slikt samarbeid er framtida for partiet. Eg fryktar at det er Høgre (og Frp?) som vert den store vinnaren, og at sentrum i politikken vert borte.

Eg gjer jobben min for KrF i Hareid kommune ut innverande valperiode, fordi eg er vald inn på KrF sitt program. Vegen du har staka ut vidare for KrF, er ikkje ein veg for meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med vennleg, og trist, helsing.