USAs president Donald Trump. Foto: Manuel Balce Ceneta, AP/NTB scanpix

Hjelp Trump der han er

Vi kan ikkje gå inn i ein valkamp der veljarane er det minste i tvil om korleis vi stiller oss til Trump og hans ideologi.

Varaordførar i Bergen, Marita Moltu (partiuavhengig i bystyret) har to gonger i løpet av ei veke tatt Trump i forsvar på statskanalen. Blant anna på Debatten 21. mars. Ho klarte ikkje å seie noko negativt om hans kontroversielle framtoning. Det tar seg rett og slett ikkje ut om dette blir ståande uimotsagt i Bergen.

Utgangspunktet var at Hareide blei bua på etter å ha åtvara mot Trump på Oslo Symposium i midten av mars. Til meir eg ser, til større forståing får eg for at Hareide har prøvd å dra KrF imot venstre. Den gule sentrumskrafta var i ferd med å bli mørkeblå og blodfattig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her handlar det ikkje om å vere politisk korrekt, men å vere tydeleg på kven vi absolutt ikkje kan hente ideár frå. Trump gjer kanskje det han lovar, men etter mitt syn er det nettopp det som er litt av problemet.

Trump seier at han står opp for det ufødte liv, men det livet som allereie er født har han ikkje problem med å tyne. Han framstår som ein som støttar Israel. Det er positivt.

Det gjer eg òg, men for han er nok dette eit lite «offer» i høve til kor mange følgjarar han vinn på det. Gode familieverdiar er kanskje ikkje Trump si aller sterkaste side, sjølv om dette er noko han framhevar som ei av sine kampsaker. Det kan virke som mange høgreorienterte kristne går inn i ein transe så lenge desse tre forløysande orda blir uttalt.

Då vil det vere taktisk lurt for ein bereknande president å bruke dette som lokkemat. Dette sausar han så saman med daglege, overlagte løgner. Samstundes demonstrerer han eit kvinne- og menneskesyn som burde vore heilt uhøyrt i dagens samfunn.

Det er alltid lettast å leggje ansvaret over på andre når noko går galt. Men vi bør gå i oss sjølve når vi er uroa for at dei kristne verdiane skal forsvinne. Dette kan verken Arbeiderpartiet eller andre få skulda for.

I staden for å kritisere og heve peikefingeren og andre fingrar bør vi snakke meir med folk i alle lag og prøve å forstå dei. Vi kan ikkje møte hat med hat, men vere trygge på at det vi trur på har kraft nok i seg sjølv.

USA har betydd mykje for landet vårt, men vi treng mindre påverknad frå dagens «Trump-USA», ikkje meir. Eg høyrer stadig at vi ikkje må kritisere andre kristne miljø. Målet er jo at vi skal vere ein einskap. Men, både kristne og parti med kristeleg i namnet kan lett bli kopla til dei haldningane som er styrande på Oslo Symposium og hos vararodførar Marita Moltu.

Poenget her er ikkje om ein er høgre- eller venstreorientert KrF-ar. Eg meinar at Trump sitt tankegods går langt over streken mot blåbrun side av skalaen. Vi kan ikkje gå inn i ein valkamp der veljarane er det minste i tvil om korleis vi stiller oss til Trump og hans ideologi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Media kan bli ein fiende og klimaendringar kan bli sett på som eit menneskeskapt påfunn. Dette er usunne eksempel som ikkje kan prege vår lokalpolitikk.