EGYPT: Det er i grunnen ikkje ein ny katedral dei treng. Egyptiske kristne treng kyrkjer der dei bur – og tryggleik for at gudshusa ikkje blir brende ned eller øydelagde på anna vis, skriv ­Johannes ­Morken. På biletet talar president Abdel-Fattah el-Sissi til kristne i samband med ei juleguds­teneste. Foto: AP Photo / NTB scanpix

Kampen for kyrkjene i Egypt

Kva skal Egypts kristne med ein stor katedral når dei ikkje får godkjent kyrkjene sine der dei bur?

Ved inngangen til den ortodokse julefeiringa i Egypt, opna president Abdul Fatah al-Sisi 6. januar Midtaustens største kyrkje i det som skal bli ein ny administrativ hovudstad i landet.

Det er på eitt vis vakkert å sjå ein president i eit islamskdominert land gå til gudsteneste på ein kristen høgtidsdag og opna ein ny katedral samstundes som han opnar ein ny stor moské. Politiske symbolhandlingar treng ikkje vera uviktige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men eg er redd katedralen i praksis vil få lite å seia for kristne i Egypt. Det er i grunnen ikkje ein ny katedral dei treng. Egyptiske kristne treng kyrkjer der dei bur – og tryggleik for at gudshusa ikkje blir brende ned eller øydelagde på anna vis av ekstremistar eller stengde av styresmakter eller tryggingstenester.

Her har Egypt ein svært lang veg å gå. Ei ny lov frå hausten 2016 som vart framstilt som ei løysing, har slett ikkje løyst problemet.

Egypt har den største kristne minoriteten i Midtausten. Truleg utgjer dei kristne framleis ti prosent av folket. Dei viser oss mange stader eit aktivt og livskraftig kyrkjeliv.

Men i alle år har kristne i Egypt lidd under stor mangel på kyrkjer. Statistikk frå 2011 viser at etter folketalet har muslimar i Egypt meir enn fire gonger så mange gudshus som kristne.

De fleste kristne i Egypt høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja. For ortodokse kristne spelar kyrkjebygget ei større rolle i truslivet i kyrkjelyden enn for mange andre kristne. Liturgien er det sentrale pulsslaget i trua, og gudstenester kan ikkje haldast i rom som ikkje er vigsla og som ikkje har ikonostasar etc. For mange koptisk-ortodokse vil det å mista kyrkjebygget bety å mista dei viktigaste truspraksisane i livet.

Det ottomanske riket, som dagens Egypt var ein del av fram til dette riket braut saman i 1923, var det sultanen som skulle godkjenna kyrkjer. Intensjonen skal ha vore at sentralmakta skulle sikra kyrkjer der lokale makter eventuelt vegra seg.

No gav dette ikkje likestilling mellom moskear og kyrkjer. Og det blei det heller ikkje då Egypt arva systemet og har bygt på dette heilt til no. Tvert imot.

Når alle avgjerder om både reparasjon og nybygg skulle heilt inn til sentralmakta i Kairo, stod eit enormt byråkrati klart på vegen til å stikka kjeppar i hjula – gjerne på vilkårleg grunnlag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dessutan har Egypt eit enormt tryggingsapparat som har lov å blanda seg inn for å vurdera om ei kyrkje vil utløysa muslimsk uro i nabolaget. Diverre finst det særleg i Øvre Egypt (i sør) mange byar og landsbyar der synet av kyrkjebygg hissar opp ekstremistar som så utløyser lokal uro. Lang nok avstand til næraste moské og fare for lokal motstand har vore pålagde sjekkpunkt i alle kyrkjebyggsaker.

Lokale angrep på kyrkjer vart mange stader trappa opp i dei to åra Mohammad Morsi var president og Den islamske brorskapen forsøkte å islamisera landet frå 2011. I Minya-provinsen i Øvre Egypt var angrepa flest, der er spenningane sterkast også i dag.

Etter det som i 2013 faktisk var eit militærkupp – rett nok med stor folkeleg støtte – kom general Abdul Fattah al-Sisi til makta i 2014. Han har lovd den koptiske kyrkja vern mot terror, og han har stilt på nokre høgtidsgudstenester for å visa støtte til den kristne minoriteten.

I september 2016 blei det vedteke ei ny lov om bygging av kyrkjer. Den skulle syta for å få gitt bygg som i mangel på kyrkjer, er tekne i bruk som gudshus, legal status. Den skulle også gjera det enklare å få godkjent reparasjonar og å få bygt nye kyrkjer.

Men enkelt er det ikkje blitt.

Ein komité skulle vurdera søknader om å få godkjent kyrkjer som ikkje har status som kyrkjer. Innan søknadsfristen gjekk ut i september 2017, var det kome nær 3800 søknader – som ikkje dekkjer alle som kunne søkt.

Ved utgangen av november i 2018 var berre 508 av søknadene godkjende. Med denne farten vil det ta seks nye år før prosessen er i mål. Men sjølv det er for optimistisk.

Mange av desse gudshusa har berre fått ei mellombels godkjenning. Dei fleste vil ikkje ha råd til å oppfylla alle krava til brannsikring og anna som dei må for å bli endeleg godkjende, heiter det i ein rapport frå Egyptian Initiative for Personal Rights (EIPR). I rapporten heiter det at mange andre bygg ikkje er omfatta av dei same strenge og dyre krava som kyrkjene må oppfylla.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei gudshusa som så langt har fått mellombels godkjent-stempel, ligg dessutan i område med minst lokale spenningar. Kva vil komiteen gjera når dei skal godkjenna kyrkjer i dei område der det er sterkast motstand?

Og motstand er det. EIPR-rapporten har dokumentert 15 tilfelle av sekterisk vald og spenningar knytt til søknader om godkjenning av kyrkjer utan legal status i perioden september 2017 til oktober 2018.

I ni tilfelle vart bygga stengde for godt, enten av statlege organ som visste det var kyrkjer, eller av lokale tryggingsfolk som grunngav det med lokal muslimsk motstand.

Det uttrykte føremålet med den nye lova i 2016 er totalt underminert i praksis, heiter det.

I tida sidan 2016 er det berre godkjent åtte heilt nye kyrkjer, heiter det i ein annan rapport, frå Project on Middle East Democracy. Dette er klart dårlegare statistikk enn Hosni Mubarak kunne skilta med. Han var kjent for å ha «sirupsfart» i kyrkjesaker, medan moskear hadde meir eller mindre fritt fram.

«Lova har ikkje løyst det grunnleggjande problemet: at staten behandlar kyrkjer som eit tryggingsproblem som må handterast på ein slik måte at det ikkje provoserer fram konflikt med det muslimske samfunnet», heiter det i rapporten «Prayers unanswered» - eller «Ubesvarte bøner».

I tillegg skjer det framleis trakassering av kristne under gudstenester. Og framleis vil tryggingstenestene «løysa» lokale konfliktar gjennom forsoningsmøte. Det betyr at når ytterleggåande muslimar trakasserer eller tyr til vald, blir det ikkje rettssak, men ein «forsoningsprosess» der kristne held fram som den tapande parten – som kanskje til og med vert truga på livet til forsoning med overmakta.

Dagens Egypt er eit hardare regime enn regimet til Hosni Mubarak som vart fjerna av revolusjonen i 2011. Fengsla er så fulle av politiske fangar at president al-Sisi må byggja nye fengsel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølv om al-Sisi gjev kyrkjene eit rom å vera kyrkjer i, er rommet på fleire måtar innsnevra. Når bygging av kyrkjer i mange lokalsamfunn framleis vert sett på som eit tryggingsproblem, viser det at trusfridommen er klart innsnevra.