SOLBERG: Støre burde læra av byrådsleiaren i Bergen korleis han ordla seg i reservasjonsrettdebatten. Statsminister Solberg talar om kvinna sin situasjon. Det er å plassera debatten på det høgverdige planet som den høyrer heime på, skriv Karl Johan Hallaråker. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

Nå treng KrF samling

Stor gratulasjon til KrF for tydeleg avtrykk i regjeringsplattforma og på plass i viktige verdidepartement. Forhandlingsdelegasjon og statsminister fortener stor ros.

Det har vore underleg å lesa og høyra om mediehus sitt detektivarbeid for å få tak i misnøgde partitillitsvalde - som villig har stilt opp med å setja seg sjølve framføre partiet dei skulle tena.

Kritikken mot at partiet står sterkt langs kysten og på Vestlandet, er underleg. Kven kritiserer Senterpartiet for at dei står sterkt på bygda!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har vore relatert til KrF i snart seksti år. Det har vore brytningar før også, men aldri slik oppførsel som ein del «raude» viser nå. Det er meir enn trist - for oss som set partiet sitt program først.

Eg høyrer visseleg ikkje til kompaniet som applauderer Frp. Men utgongspunktet for saka sist haust var altså at stortingsgruppa kom til den konklusjon at partiet måtte gå i regjering. Landsmøtet gav då svar på retningsvalet.

Dersom nei til Frp var det einaste «saliggjerande» ved sist valg, kan ein jo undra seg over at det berre var Vestlandet/Sørlandet som fekk inn representantar? Innlandet, Trøndelag og nordover burde jo strøymd til KrF-urna!

Eg hadde forventa at landsstyret i etterkant samrøystes støtta opp om regjeringsplattforma - som dei visstnok rosar - og ikkje prøvde seg på omkamp om retningsval. Dei som kritiserer partiet for å gå i regjering så splitta, bør ikkje gløyma at avgått leiar ville i regjering med Støre om han vann med ei røyst! Det var visst ikkje splitting.

Gjennom åra har partiet presentert seg som eit ikkje-sosialistisk parti. Det er hovudgrunnen til at partiet - sjølv om ein i Stortinget kan samarbeida til begge sider - alltid har søkt regjeringsmakt påikkje-sosialistisk side. At landsmøtet nå valde Erna, burde ikkje overraska.

Ser ein på verdiprofilen til Ap og SV, ser ein tydeleg at verdifellesskap her kan vera på enkeltsaker, men svært vanskeleg på djupare plan. For ein gamal kjempar for livsrett for barna i mors liv, går det kaldt ned over ryggen å høyra dei hatske utfalla frå aborttilhengarane.

Snakk om raus omgongsform! At ein vanskeleg etisk debatt skal torpederast på den måten som vi nå har vore vitne til, er uhyggeleg.

Ap-leiar Støre har dokumentert tydeleg at regjeringssamarbeid med han ikkje kan vea aktuelt. Han talar berre om kvinna sinkropp, utan ein tanke for det verjelause livet ho ber. KrF kan visseleg ikkje regjera med ein slik person.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Støre burde læra av byrådsleiaren i Bergen korleis han ordla seg i reservasjonsrettdebatten. Statsminister Solberg talar omkvinna sin situasjon. Det er å plassera debatten på det høgverdige planet som den høyrer heime på.

Leiardebatten og kritikken mot Ropstad er usakleg. At ein gamal tidlegare stortingsrepresentant stilte opp på Dagsrevyen kvelden før regjeringsskiftet med kritikk mot han, var kort og godt ufint. Ropstad leia vinnarsida og er då ikkje samlande, seier ein. Skulle det vera logikk i slikt, må ein seia at Hareide er like ueigna fordi han leia taparsida!

Eg har ikkje høyrt nokon på «blå» side som ønskte Hareide bort. Han valde det diverre sjølv. Eg kjenner Ropstad både frå det offentlege rom og innsida i sentralstyret. Ein meir samlande og dyktig allrundpolitikar skal ein leita lenge etter. Han representerer ikkje private synsingar, men heile partiet sitt program.

Når eit parti må føreta leiarskifte, må ein gratulera KrF som har ein så dyktig og inkluderande kandidat. Valkomiteen får tydeleg lett jobb.

Alle som ønskjer å setja partiet sitt gode program fremst, bør nå gå på banen for å løfta KrF til nye høgder. Eg håpar vi snart slepp fleire krokføter frå misnøgde. Det er den gode regjeringsplattforma og ikkje Frp sitt program som er styringsplakaten.