BOK: Kristin Tveiten har skrevet boken «Menneske og møll».

Sterkt og vart om familie som opplever overgrep

Far var overgripar. Det førte til mykje vondt. Ekteskapet mellom han og mor gjekk i oppløysing. Eit av dei fire barna, Nina, fekk så store vanskar at livet tok slutt, altfor tidleg.

Dei tre andre mista så godt som kontakten med far. Han gifta seg på nytt, men dei fekk aldri noko kontakt med stemora.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til overmål døydde også mor til dei fire barna ganske kort tid etter skilsmisse.

Hjelpetrengjande

Men no er far vorten gammal, og skrøpeleg og hjelpetrengjande. Etter fleire tiår utan kontakt ringjer han ei av døtrene, Marianne, som er eg-person og forteljarstemme i romanen.

Han lurer på om det er nokon i familien som vil arva den gamle rosemala kista.

Marianne og dei to søskena er rådville. Skal dei berre avvisa kontakt med far, fordi tilhøvet til han er øydelagt for alltid?

Eller bør dei svara, og møta han, som trass alt er far deira? Betyr tilbodet om kista at ein prosess er i gang hjå han? Er det noko han vil gjera opp for?

Skuldkjensle

Dette er i kortform utgangspunktet for debutromanen. Kanskje er boka litt langdryg. Men Tveiten skriv godt.

Ho kjem nær personane og dei mange — og mange slags og høgst ulike — kjenslene som denne livshistoria rører opp.

Dei tre barna veit kva far har gjort. Dei unner han ikkje noko godt, men kjenner på skuldkjensle om dei let han i stikken og ikkje vil ta opp att kontakten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Romanen spenner over godt og vel to år. Far vert svakare etter kvart. Kontakten mellom desse fire tek seg opp, parallelt med at livet til far går mot slutten.

Var det vanskeleg å ha kontakt med han medan han levde, vert gravferda — og gravlegginga — ikkje mindre smertefull både for dei tre barna, svigerbarna, barnebarn og fleire med.

Smertefullt tema

Etter kvart får me lesarar innsyn i kva far gjorde seg skuldig i. Me anar det nok ganske tidleg i romanen, men Tveiten held oss likevel i spenning nesten til dei siste sidene.

Rett forstått er dette ei god bok om eit ytst smertefullt tema. Det gode er dei truverdige kjenslene og sant menneskelege reaksjonane som er fint og vart skildra. Det smertefulle treng ein ikkje seia meir om.

I romanen er dette lagt til 1980-talet. Då var det mykje mindre fokus på sånt enn det har vore dei siste tiåra. Det er tankevekkjande å lesa kor øydeleggjande det er for einskildpersonar og heile familiar når overgrep i nære relasjonar skjer.

Anmeldt/Bok

Kristin Tveiten

Menneske og møll

Roman

Samlaget 2021, ib.; 228 sider