Språk i norsk kyrkje - ei tidslinje

1000-ta­let: Noreg vert krist­na. Kyr­kje­leg lit­te­ra­tur som bi­bel­teks­tar, hel­gen­le­gen­der, li­tur­gi­ar og etis­ke ret­nings­lin­jer var i stor grad forma på latin, men gans­ke snart vart mykje om­sett til det nor­rø­ne språ­ket

1100-ta­let: Det kjem nokre re­li­giø­se dikt i tra­di­sjo­nel­le nor­rø­ne verse­mål. Døme på slike er «Geis­li» (Strå­len), «Liknar­braut» (Nåde­ve­gen), «Harm­sol» (Sol i sorg) og det noko sei­na­re «Lilja» som er vigd til Maria

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1200-ta­let: Frå slut­ten av dette hundre­året og fram­over for­tel flei­re kjel­der om dug­leik i det nors­ke språ­ket som ein føre­set­nad for å få kyr­kje­le­ge em­be­te i Noreg. I krist­nings­pe­rio­den hadde dei fles­te pres­ta­ne ut­len­din­gar, men for å få den nye re­li­gio­nen rot­fest i lan­det, la kyr­kja vekt på å lære opp nord­menn til kyr­kje­leg te­nes­te.

1300- og 1400-ta­let: Svarte­dau­den og unions­po­li­tik­ken sette nors­ken under sterkt press frå nabo­lan­da. Det nors­ke skrift­språ­ket var på vi­kan­de front i flei­re ge­ne­ra­sjo­nar før re­for­ma­sjo­nen vart inn­ført i 1536, som kon­so­li­der­te ut­vik­lin­ga. Frå midt på 1400-ta­let vart alle konge­brev skriv­ne på dansk, og etter 1500 vart nes­ten ingen em­bets­brev skriv­ne på nor­rønt. I 1510 gjekk også erke­bispe­se­tet i Ni­dar­os over til dansk.

Ca år. 1700: Det førs­te ka­pit­let av Pau­lus´ brev til ro­ma­ra­ne vart om­sett til jær­dia­lekt av Jacob Rasch.

Midt på 1700-ta­let: For­tel­jin­ga om Pau­lus i møte med kong Agrip­pa og sjø­fer­da til Malta, etter Lud­vig Hol­bergs dans­ke kyr­kje­his­to­rie, vart om­sett av Knud Leem.

1736 og 1739: Kon­fir­ma­sjon og all­muge­sku­le vert inn­ført. Språ­ket er dansk.

1800-ta­let: Spen­nin­ga mel­lom dansk språk og norsk vert skjer­pa. Frå 1860 er det to ho­vud­stra­te­gi­ar. Knud Knud­sen og til­hen­ga­ra­ne hans tok ut­gangs­punkt i det dans­ke bok­språ­ket og til­hen­ga­ra­ne hans tok ut­gangs­punkt i det dans­ke bok­språ­ket og ville gjere det meir og meir norsk. Ivar Aasen ot­tast for at dette ville gjere nors­ken meir dansk. Han ville der­imot forme eit nytt skrifts­råk ba­sert på le­van­de dia­lek­tar og nor­rø­ne føre­døme.

1855: Ivar Aasen om­set­te «Vaar Gud er oss so fast ei Borg»

1858: Aasen om­set­te ska­pings- og synde­falls­soga frå 1. Mose­bok og for­tel­jin­ga om den bort­kom­ne sonen frå Lukas 15 til ny­norsk

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1869: Bi­bel­sel­ska­pet gir pres­ten J. N. Skaar i opp­drag å re­vi­de­re var­samt det nye tes­ta­men­tet. Den re­vi­der­te teks­ten vart trykt i 1873. Med dette tok for­nors­kin­ga av bi­bel­språ­ket til, men det låg fram­leis nær dansk.

Cirka 1870: Unge idea­lis­tar syter for om­se­tjin­gar av ka­te­kis­ma, nye og gamle sal­mar og to av evan­ge­lia til norsk lands­mål.

1889: Om­set­jin­ga av Det nye tes­ta­men­tet lands­mål vart fer­dig­stilt. Pro­sjek­tet føre­gjekk i re­gi­en til Det nors­ke sam­la­get og hadde fått øko­no­misk støt­te frå Stor­tin­get. Ti år sei­na­re gav Bi­bel­sel­ska­pet det ut i ei re­vi­dert form og i ei inn­bin­ding og ut­styr som gjor­de at det fak­tisk fram­stod som eit tes­ta­ment.

1892: Kyr­kje­stats­rå­den auto­ri­ser­te eit hefte med sal­mar av Elias Blix. Det var opp til kyr­kje­ly­da­ne å av­gje­re om dei ville nytte desse i guds­te­nes­te­ne sine.

1904: Den førs­te full­sten­di­ge bok­måls­om­set­jin­ga av Bi­be­len vert gitt ut av Bi­bel­sel­ska­pet

1907: Al­tar­boka på ny­norsk vert god­kjend av kyr­kje­stats­rå­den og teken i bruk året etter

1921: Den førs­te full­sten­di­ge om­set­jin­ga av Bi­be­len på ny­norsk kjem ut på Stu­dent­mål­la­gets for­lag

1930: Bi­bel­sel­ska­pet gir ut ny om­set­jing av Bi­be­len på bok­mål som vert gjel­dan­de kyr­kje­bi­bel

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1938: Ny­norsk­ut­gå­va av den nye om­set­jin­ga kjem ut

1978: Ny om­set­jing på både bok­mål og ny­norsk frå Bi­bel­sel­ska­pet. Jus­tert ut­gå­ve i 1985.

1988: Norsk Bibel gir ut ei al­ter­na­tiv om­set­jing av Bi­be­len. Ny­norsk­ut­gå­ve kjem i 1994. Re­vi­der­te ut­gå­ver i 2007.

1997: Bi­bel­for­la­get kjem med si om­set­jing »Bi­be­len Guds Ord» på bok­mål.

2011: Bi­bel­sel­ska­pet kjem med ny om­set­jing på både bok­mål og ny­norsk.

Frykta meir gudløyse med nynorsk i kyrkja

* Nynorsk - eit språk utan framtid?

* Bokmål for materie, nynorsk for ånd

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Bare 4 av 117 nye kristne bøker er på nynorsk

* Vekslar mellom nynorsk og bokmål

* Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet

* - Fornyinga av bibelspråket kjem frå nynorsk