Solveigs salmesong

Solveig Slettahjell tek spranget frå jazz tilbake til salmar på den nye plata si. For det var med salmane songkarrieren starta.

- Det var med desse songane eg vart ein songar og fann den musikalske ståstaden min for første gong, seier Slettahjell om salmeutvalet på plata som har fått tittelen «Arven».

- Fordi det er det dette er: Min musikalske arv. Foreldra mine song desse songane, besteforeldra mine song desse songane, brørne, onklane og tantene mine, vi song dei i familiekor, i ungdomskor, i vokaltrioar, vokalkvartettar og solo, fortel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den unge Solveig song seg gjennom ei lang rekkje kristelege songbøker kvar ettermiddag etter skuletid, på bedehuset og i kyrkja. Så vart dei liggjande i mange år medan ho sysla med anna musikk, før ho vende tilbake etter 20 år.

- Eg synest eg er så uendeleg heldig som har fått vakse opp i denne musikktradisjonen kor songen og det inderlege og ikkje minst fellesskapet står så sterkt. Og det har følgt meg. Dette inderlege og forventninga om at det skal handle om noko meir enn deg sjølv når du syng. Musikken betyr noko meir. Og eg har lært det her.

På «Arven» har ho musikalsk følgje av Tord Gustavsen, Sjur Miljeteig og Nils Økland og byr på salmar som blant andre «Blott ein dag», «O Jesus opne du mitt auge», «Tenk for ein jubel» og «Slik som eg var».

(©NPK)