TENKING: Det er lite av den prinsipptenkinga Bernt T. Oftestad (biletet) står for, frå teologiske professorar og kyrkjeleiarar av luthersk merke. Eg les han difor alltid med interesse, skriv Johannes Kleppa.

Lærerikt om katolsk konvertering

Eg kjenner ikkje Bernt T. svært godt, men såpass godt at eg brukar omtala han som «min katolske venn». Sjølv om Oftestad forlèt bedehuset med si pietistiske orientering, har han framleis mykje med seg derifrå.

Professor Bernt T. Oftestad har skrive om sin veg frå bedehuset via Menighetsfakultetet (MF) til den katolske kyrkja. Oftestad er ein uvanleg lærd og reflektert mann og teolog, så dette måtte verta lærerikt og spennande – nesten same kva posisjon lesaren sjølv har.

Eg kjenner ikkje Bernt T. svært godt, men såpass godt at eg brukar omtala han som «min katolske venn». Opp gjennom åra har han skrive mange bøker og artiklar som er til lærdom og ettertanke, også for folk som ikkje er katolikkar. Det er lite av den prinsipptenkinga han står for, frå teologiske professorar og kyrkjeleiarar av luthersk merke. Eg les han difor alltid med interesse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mykje med frå bedehuset

Oftestad startar si «konversjonshistorie» i heimen og på bedehuset i Askim. Han omtalar dette i positive ordelag, ikkje minst når det gjeld mora sin åndeleg kvalitet. Han har også stor respekt for faren som var lekpreikar i Indremisjonsselskapet. Sjølv om Oftestad forlèt bedehuset med si pietistiske orientering, har han framleis mykje med seg derifrå.

Han har slik sett eit nokså paradoksalt forhold til bedehuset, men på ingen måte nokon opprørsposisjon. Ut over det som gjeld forholdet til foreldra og barndomsheimen, er det praktisk talt ingen ting i boka av personleg og familiær karakter. Kone og barn er ikkje nemnde, og det er forståeleg. Boka er konsentrert om Oftestad sin veg til å verta katolikk, og hans plass i den katolske kyrkja. Slik sett er det ei personleg trus- og teologihistorie.

Utviklinga på MF

Ja, det er nettopp som teologihistorie boka er mest spennande og lærerik, særleg ved at denne historia er sett gjennom brillene til ein bibelforplikta professor i kyrkjehistorie som vandrarar frå luthersk til katolsk kristendomsforståing. Det vert dregne lange kyrkjehistoriske og teologihistoriske liner, men det meste er konsentrert om utviklinga i Oftestad si tid, og slik han personleg har opplevd dette, særleg knytt til tida på MF. Det var jo svært spesielt at ein MF-professor vart katolikk. Det har med hans personlege utvikling å gjera, men og med utviklinga ved MF.

Ja og amen

Det vil føra for langt her å skissera alle dei teologiske problemstillingane den lærde professoren tek opp, analyserer og vurderer. Det meste av dette er knytt til MF, miljøet rundt Kirkelig Fornyelse og til biskopane og Kyrkjemøtet. Svært mykje av det Oftestad her tek opp, er like aktuelt for ein pietistisk bedehusmann som for ein katolsk konvertitt, og i svært mykje kan ein seia ja og amen.

Den gjeld ikkje minst det som gjeld at MF forlèt den apostoliske autoriteten ved måten fleirtalet argumenterte på i kvinneprestspørsmålet på 1970-talet, og konsekvensane det måtte få. Det vart innført eit subjektivt tolkingsprinsipp.

Ein treng likevel ikkje verta katolikk av den grunn. Ein kan halda fast på eit ortodoks bibelsyn som legg avgjerande vekt på apostlane sin autoritet, og la det liggja til grunn for bibeltolking og læresyn.

Kyrkjeleg avstand

Oftestad omtalar sjølvsagt MF-lærarane, både som hans lærarar og som hans kollegaer. Det er interessant å få nokre glimt frå innsida av det som skjedde i dei avgjerande åra på MF frå 1970-talet og utover. Han omtalar professorane både med kritikk, tilslutnad og respekt. Det er talande at Carl Fr. Wisløff kjem godt ut, sjølv om den kyrkjelege avstanden mellom dei var nokså stor.

Sakramentsyn

Det er særleg utviklinga i kyrkje- og sakramentsynet som fører Oftestad i katolsk retning, og slik er det ofte når lutheranarar vert katolikkar. Her er avstanden mellom Oftestad og meg så stor, at eg ikkje alltid heilt forstår at han kan vurdera og oppleva det slik han gjer. Den åndelege «gehalten» vert så annleis, at eg kan ikkje forstå at konvertering kan vera løysinga på den teologiske og åndelege utviklinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg les altså boka og følgjer Bernt T. Oftestad si utvikling med ein kombinasjon av respekt og eit sårt sinn. Her er teologisk vinning på nokre område, men åndeleg tap på andre.

Uansett er her mykje til ettertanke og lærdom, men «min katolske venn» si trusreise førte meg ikkje nærmare å verta katolikk, heller tvert imot! Det var flott å få denne boka og denne trushistoria. Det er ei lærd og reflektert framstilling utan litteraturliste eller noteapparat.

KONVERSJONSHISTORIE: Det var flott å få denne boka og denne trushistoria. Det er ei lærd og reflektert framstilling utan litteraturliste eller noteapparat, skriv Johannes Kleppa.
Anmeldt/Bok

Bernt T. Oftestad

Veien og målet

– en konversjonshistorie

Efrem 2021

Ib. 240 sider