Idol-sangere stiller opp for Plan

Søndag 12. mai sender TV 2 programmet «Idol gir tilbake». Gamle og nye kjenningar frå Idol stiller opp for å få folk til å bli Plan-fadrar.

Stian Blipp og Solveig Klop­pen leierTV-sen­din­ga der kjen­nin­gar som Kurt Nil­sen, Tone Damli, Ma­rion Ravn, Jenny Langlo og Alek­san­der With opp­trer - i til­legg til fi­na­lis­ta­ne i Idol i år.

Fat­tig­dom på nært hald

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi får sjå glimt frå Stian Blipp, Jenny Langlo og Alek­san­der With sine rei­ser medPlan Norge. Dei har møtt barn i Zam­bia, Ugan­da og Ma­la­wi.

- For meg var det utru­leg sterkt å få opp­le­ve fat­tig­dom på nært hald. Dei fles­te av oss i dette lan­det er så ufat­te­leg pri­vi­le­ger­te at vi ofte ikkje for­står kor hel­di­ge vi er. Det å kunne sjå at mi hjelp er med på å endre liv som treng det sårt, er heilt uvur­der­leg, seier Jenny Langlo, vin­na­ren av Idol 2011.

«Idol gir til­ba­ke» blei ar­ran­gert også i 2007.

- Sterkt inn­trykk

Helen Bjørn­øy, ge­ne­ral­sek­re­tær i Plan Norge, seier om dette om sen­din­ga i år:

- Det blir ein søn­dags­kveld eg trur vil gjere sterkt inn­trykk på folk i alle hei­mar.

84 mil­lio­nar barn

Plan har ar­beidd for og med barn i 75 år og ar­bei­der i land i Asia, Afri­ka og Sør-Ame­ri­ka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Plan Norge har 120.000 fad­rar. To­talt når Plan ut til 84 mil­lio­nar barn gjen­nom ulike pro­sjekt.