Kva er det med Israel?

Venstresidens blinde, prinsippløse syn på Israel er mystisk.

Eg er ikkje ein såkalla «fanatisk kristen», men ein vanleg katolikk.

Men noko har eg alltid stussa ved; Kvifor er det så mange som blir svarte i auga når ein nemner ordet ISRAEL. Israel som er den einaste demokratiske regionen i midtausten. Som har ytringsfridom, som skapar arbeid for både jødar, araberar og palestinarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På tross av at verda har større og meir urettvise konfliktar som f.eks delar av Marokko som er okkupert. Kina som har okkupert delar av sørkinahavet som FN har forkasta som rettsstridig. Kina som undertrykkjer og torturer ei stor muslinsk folkegruppe. Burma som har drive ei muslimsk folkegruoppe på ei grusomt vis. Eg kan nemne mange. Men det er Israel som er syndebukken for det meste.

Kvifor talar ikkje våre politikarar om urettvisa som kristne i Palestina opplever dagleg som forfylging, trakasering og undertrykking. Kvifor er det aldri på dagsorden at hundretusen av jødar og kristne vert forfylgd i mange muslimske land. Kvifor? Eg tenkjer at det er kun på grunn av at det er Israel, der vår kristne tru har sin røter og si vugge.

Det er her mitt logiske forankra bygdevet stoppar opp. Her må det vera noko meir, noko større en sjølve saka: eit hat mot Israel?. Jesus nemde at jødane skulle vera ein «støytestein for verda» Dei drap Jesus Kristus. Er det på grunn av dette at store delar av verda, har lagt jødane og Israel for hat?

Eg har vore aktiv i FO – fellesorganisasjonen i mange år som både foretakstillitsvald for eit helseforetak og som styremedlem. Nemde ein der noko som kunne stille spørsmålsteikn ved dei palestinske myndighetane, vart eg sett på som ideologisk fråfallen. Mange vart myrke i auga, nærast hatefulle når eg freista å forstå nyansane om Israel. Kjende eg ofte på ei form for eit ideolgisk hat, sjølv om denne konflikten har meir enn berre ei side, men mange og nyanserte.

Spesielt venstresida i Noreg, nører opp under dette hatet og blir meir enn mørkemenn og unyanserte i sitt syn på Israel, berre fordi det er Israel og ikkje Kina, Qatar, emiratane, Myanmar, Kongo eller andre diktatur som verkeleg undertrykkjer folk. Venstresida nemner svært sjeldan kristne i Irak, Iran, Egypt og i mange muslimske land som vert forfulgt og torturert Kvifor? Fordi kristne er forbundne med Israel. Det passar ikkje inn i det verdensbilete venstresida og media har. Desverre. Det er grunnen til, etter mi oppfatning, at debatten og meiningsytringar rundt dette vert svært unyansert og blind ideologi, slik eg ser det.

På bakgrunn av dette vert denne problematikken for meg ulogisk og sågar uforståeleg, både ut frå eit akademisk, religiøst og sosiologisk synspunkt.