Difor skal vi be – utan å manipulere

Kan den førekoma? Svartekunstene i gamle dagar med formlar i Svarteboka var vel forsøk på å fanga Vårherre med hans eigne ord.

Bøn er eit forunderleg tema. Bøna har så mange uttrykksmåtar at det er ikkje lett å få oversikt.

Bøna er universell – og eit element i alle religionar. Kva ber heidningane om? Får heidningane positive bønesvar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bøn er ofte tema i Bibelen

Bodskapen må vera at bøn er viktig, eit stort gode og grunnlag for store velsigningar. «Be, så skal de få» heiter det i Jesu munn i Matt 7,7. Det er greitt å ta innover seg. Vanskelegare vert det å ta til seg den store lovnaden hos Mark 11,24: «Alt det de ber om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det».? Litt som å ta spennetak i lause lufta.

Skal bønene vera korte eller lange? Bibelen omhandlar begge deler. Marias bøn i bryllupet i Kana er ei av dei kortaste: «Dei har ikkje meir vin». «Kyrie eleison!» frå den blindfødde var også lang nok til at Jesus handla. Røvaren på krossen nøydde seg med to setningar: «Tenk på meg når du kjem i ditt rike».. Eittordsbøna ba Jesus sjølv for den døvstumme: «Effata!»

«Be uavlatelig» oppfordrar Paulus i 1 Tess 5,17. Og i 1 Tess 3,10 fortel han at: «Natt og dag bed vi inderleg…» Men det vil neppe bety at me skal mumla bøner utan stans, men som Karsten Isachsen skriv om: – å vera i bedemodus heile tida – vera open for det som Gud har å seia oss. I sine lange einsame bilturar har han korkje musikk eller dagsnytt: – men han sit der og er «inntrykksåpen». Bøn bør vera tovegskommunikasjon der ein må gå stilt «for å høyra Guds fottrinn».

I Ap 12,5 står det: «Kyrkjelyden bad inderleg til Gud for han». Det er altså kvalitetsskilnad på bøn. Oppramsing utan engasjement duger ikkje. At bøn kan ha ulik kvalitet og tyngde ser me i forteljinga hos Matt 17,14 der læresveinane ikkje makta å driva den vonde ånda ut. Jesu forklaring var: «Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste». Altså ligg kvalitetsskilnaden hos bedaren. Hans faste kan vera med å gje auka kraft til bøna.

Når det vart tillyst bønemøte på bedehuset for 50-100 år sidan, skjedde det alltid knelande på golvet ved kvar sin stol. Ukomfortabelt, – men hadde truleg sitt tilsikta føremål og verknad. Det var både inkluderande og ekskluderande på dei som vart inviterte til å delta.

Har deltakartalet noko å seia for utfallet av bønene? I Matt 6,6 står det: «Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt…». Altså åleine. I Matt 18,19 les me: «Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen». Men me har vel alle ei kjensle av – og ei erfaring med at det å be i samla tropp – gjev styrke til bøna?

Forbøn

Paulus bad om forbøn – for seg og for andre – einskildpersonar og grupper. Kva er det for mekanisme som kan dryssa goder og velsigningar over eit anna menneske ved mi bøn? Er bøneretten ein flik av Guds allmakt? Har Gud gjeve oss eit verktøy med guddommelege fullmakter og verknader?

Men kvifor skal me be når Gud på førehand veit kva me treng? Matt 6,8: «Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det». Og ennå tydelegare Rom 8,26: «For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden ber for oss med sukkar det ikkje finst ord for». Så kanskje den rettaste bøn er ei ordlaus bøn til Gud?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Har bøn tilbakeverkande kraft? Fleire døme tyder på det. Gud er ikkje bunden av tida slik som me er. Hjå oss heiter det før, nå og heretter. For Gud er alt nå. Han står utanom tida. Gud har sagt at me skal be. Tidspunktet for han er underordna. For han er alt nå. Bøn etter at svaret er gitt har hatt sin verknad. Ingen kan vita kva svaret hadde vore dersom ikkje bønene hadde blitt bedt. Men Gud visste om bøna og baka den inn i sitt svar.

Ei gruppe ber for ein dødssjuk. Men personen døyr. Ei anna gruppe veit ikkje det og ber vidare. Vil desse bønene bli annulert? Sjølvsagt ikkje. Det er ingen tidsfrist for bøn. Jes 65,24: «Før dei ropar vil eg svara». Ropet kom etter at svaret frå Gud var gjeve. Det er aldri for seint å be.

Bønesvar. Ei sann historie om bønesvar fortald av ein 10-års gut: «Eg var på veg til hønsahuset for å sjå etter egg. På verpestaden var det jammen eitt i tillegg til reils-egget og lyste kvitt i halvmørket. «Nå blir mamma glad», tenkte eg, tok det fine, ferske egget og var på veg opp frå løa med det. Det var så godt å halda i og så fint å hipsa opp og ta igjen i handa. Handa var likevel litt ufri. Det var jo eit egg. Men, tenkte eg, hadde det vore ein stein, ville eg kunna hipsa det høgt opp og ta hys utan den minste fare for å mista det. Eg let som det var ein stein og kasta det litt høgare. Og så endå høgare. Men då vart eg fælen, det var jo likevel eit egg – handa stivna og egget datt rett i bakken! Splæsj! sa det. Eg storkna i heile kroppen, sto rett opp ned og våga ikkje sjå og ba inderleg til Gud at det ikkje hadde skjedd. Men eg høyrde at det hadde skjedd og måtte sjå: Det var eit under! Egget låg uskadd i den blaute gjørma i søkket av eit hestefar. Eg lyfte egget varsamt opp or skiten, vaska det vel og bar det inn til mamma. Ho vart glad for egget, og eg sa ingenting om underet eg hadde opplevd».

Den manipulerande bøna

Kan den førekoma? Svartekunstene i gamle dagar med formlar i Svarteboka var vel forsøk på å fanga Vårherre med hans eigne ord.

Det er to døme i NT – då Peter ropte frå båten på Genesaretsjøen: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet!». «Ja, visst er det eg, men det er ikkje di sak å gå på sjøen, – men kom berre du!» sa kanskje Jesus med eit smil – «men det er på eige ansvar – eg har bede deg å vera i båten». Så gjekk det som det måtte: – då Peter såg det harde veret og det hasardiøse stuntet han hadde lagt opp til – svikta trua og motet, og han sokk ned. Det løyste ut den fortvila bøna «Herre, frels!» – som straks vart innfridd. Han hadde ingenting ute på sjøen å gjera – anna enn for å få ei strålande oppleving å visa til.

I Matt 4,3 fortelst det om då djevelen prøvde seg med ei manipulerande freisting for den utsvelte Menneskesonen: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!».

Det nærliggjande svaret ville vera – «Javisst, det er inga sak: «Bli til brød!» Og Jesus ville ha vist både for Satan og seg sjølv at han var Guds Son.

«Ver trottuge i bøna» seier Paulus

Når treng ein trott? Når noko er langdrygt og balesamt. Når noko krev uthald – når noko ikkje kan gjerast med eit rykk eller skippertak. Så dersom me blir motlause i våre bøneliv, kan det vera trøystefullt at Paulus erkjenner at det er eit arbeid – stundom kanskje eit slit – men det har si løn. Luk 18,2: Den urettferdige domaren. Matt 15,22: Den kananeiske kvinna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vakraste som står om bøn er vel orda i Op 5,8 – at Gud samlar opp bønene i gullskåler.

Bøna kan sjåast på som eit middel til eit gode, eit åndeleg bad, eit styrkeløft og ei krafttilførsle – eit tilbod frå Gud til eit godt og fornya kristenliv.