Roa ned no, Tomas Moltu

Mitt råd til Tomas Moltu er dette: Roa deg ned, gode ven, gå ikkje inn for å vraka sentrale tillitsvalde som er umisselege ressurspersonar for partiet.

Det er underleg å registrera at ein fredens mann somTomas Moltu no beint fram er på «krigsstien» etter sentrale personar iKrF.

Først galdt det partileiarKnut Arild Hareide, som valde å gå iPride-demonstrasjonen i Oslo i juni, noko han grunngav med solidaritet med dei mangehomofile som miste livet i terroraksjonen i Orlando i USA stutt tid før marsjen i Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var eit val eg meiner han skal respekterast for, jamvel om verkenTomas Moltu, eg eller mange andre KrF’arar ville tenkt oss å gjera det same. Til det var det for mange sider ved denne marsjen me ikkje kunne identifisera oss med.

Med bakgrunn i denne situasjonen, går Tomas Moltu til det drastiske steget å råHordaland KrF til å vraka Knut Arild Hareide ved nominasjonen til stortingsvalet til neste år. Det er sanneleg eit drygt stykke.

Så har Tomas Moltu notert seg at tidlegareKrFU-leiarEmil André Erstad skal vikariera som politisk rådgjevar for partileiaren ein periode. Personleg har eg lært Emil André Erstad å kjenna som ein særs dugande ungdomspolitikar, utan at eg kjenner hans standpunkt i einskildsaker. Også han vil Tomas Moltu ha bort. Er det slik å forstå at Tomas Moltu meiner alle som ikkje er samde med han i alle politiske saker, bør vrakast?

IKrF, somi alle andre politiske parti, er det partiprogrammet som gjeld. I alle parti er det òg slik at ikkje alle er samde i alt som står i programmet. Men alle har rett til å arbeida for sitt syn ved utforminga av programmet.

I inneverande periode gjeld til dømes denne formuleringa om ekteskapet i KrF sitt program:

«KrF er opptatt av å sikre ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne i lovverket. Dette har vist seg å vere den mest stabile ramma rundt oppveksten for barn. Ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne har djupe røter i tru og tradisjon i kulturar over heile verda.»

Mange av oss vil arbeida for at om lag slik skal programformuleringa vera også for neste stortingsperiode. Der står Tomas Moltu og eg fritt til å arbeida for vårt syn.

Mitt råd til Tomas Moltu er dette: Roa deg ned, gode ven, gå ikkje inn for å vraka sentrale tillitsvalde som er umisselege ressurspersonar for partiet, jamvel om det skulle vera nyansar i syn på einskildsaker, som til dømes å gå i demonstrasjonstog.