INTERNT: Med den uavklara valsituasjonen som no KrF har kome i, og under sperregrensa, så treng ein kanskje tid til å gå nokre rundar til internt, som til dømes fram mot landsmøtet til våren, skriv Harald Myklebust.

Kan KrF stole på Høgre…

Den indre «striden» som har kome fram desse siste 5–6 vekene, er for «innfløkt». Ein treng litt meir tid.

…i abortsaka i ei regjering der Frp og V er ihuga aborttilhengarar med sine liberale ideologiske standpunkt? Er det gløymt at nettopp abortsaka i H i si tid førte til at biskop Per Lønning (høgrerepr. i st.t.) la ned sitt embete for å forsvare det gudskapte og ukrenkelege fosteret i mammas mage? KrF – som det einaste partiet med ja til fosterets rettsvern, var tydeleg og ville ikkje inn i regjering med ansvar for ei fri-abort lov, inntil kuvendinga med Tønsbergvedtaket i 83, fordi ein ville likevel gå inn for å gjere fri-abortlova så skånsam som råd var.

Og kva har vi opplevd? Høgre tek ikkje på alvor i det prinsipielle at alt menneskeliv frå unnfangelsen av har livsrett! Og i den tilstand som barnet er i ved fødsel, skal få all merksemd slik at om noko ikkje er godt/friskt, skal styresmaktene legge alt tilrette for at foreldre og samfunn får stilt ressursar til disposisjon for å ta vare på «gudslånet»!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Meir enn nokon sinne må KrF vere tydeleg: Ja, til den svakes rett til å få leve frå unnfangelsen av, og få gode oppvekstvilkår. Nei til foreldrerett til å ta bort eit påbegynt og nytt liv i mammas mage. Tenkt om verdimedvitne konservatistar vågde å reversere abortlov i respekt for livet?

Heilt ufatteleg er det at Ap, SV og Rødt (sosialismens våpendragarar på dei svake- og undertrykte si side), ser raudt og vil ikkje stå opp for den svakaste svakes rett, fosterbarnet, men gjer dette til ein kvinnekamp. Dyrevernet (som vi skal hegne om) får langt betre vilkår. At sosialistiske ideologar kan akseptere og vil ha rett til å avbryte menneskeleg liv? Sjølvsagt kan det vere (ytterst få) omstende der samfunnet må opne for at liv mot liv vert vurdert, og at overgrep/valdtekt er ein faktor som grunn for å ev. å avbryte nytt menneskeliv.

Noko tilsvarande er i ferd med å skje i den andre enden av livsskalaen: Aktiv dødshjelp. Og her er det igjen liberalistane som er i føringa. Men dette synet snik seg inn i folket vårt, uansett politisk farge.

Så får vi sjå kvar KrF no går for å finne gehør for sine hjartesaker. At eit regjeringsansvar er målet, er forståeleg. Men til kva pris? Å binde seg til masta (regjeringserklæring) der ein må svelgje både kamelar (til høgre) eller krokodiller (til venstre), kan føre til at KrF sjølv vert slukt ! Sjølvsagt kan ein velje å halde fram dei siste tre åra i stortinget som eit vippeparti. Med den uavklara valsituasjonen som no KrF har kome i, og under sperregrensa, så treng ein kanskje tid til å gå nokre rundar til internt, som til dømes fram mot landsmøtet til våren.

Den indre «striden» som har kome fram desse siste 5–6 vekene, er for «innfløkt». Ein treng litt meir tid. Partiet må ikkje sjå at mange vil stå att i vegkrysset, uansett retningsval.

Les også
KrF på stedet hvil etter veivalget
Les også
DN-måling gir borgerlig flertall etter KrF-veivalg
Les også
Brundtland refser Solberg og KrF
Les også
Huitfeldt og Astrup i klinsj om abortstøtte
Les også
Venstres ledertrio skal sondere med KrF
Les også
Ap-politiker: Feigt av statsministeren å ikke svare på abortspørsmål