DEMOKRATI: «Har demokratiet vårt gitt oss så mange fordelar at vi ikkje maktar å gi akt på kva som formar framtida?» spør Berit Helgøy Kloster.

Kva krav kan stillast til eit demokrati?

I løpet av den siste månaden har eg erfart tre ulike demokrati som på kvar sin måte utforda meg og reiser spørsmål.

Nokre hundre meter frå den største samferdselsvegen i Den dominikanske Republikk, finn ein ei gruppe haitianarar. Dei vart invitert inn som plantasjearbeidarar for 3–4 generasjonar sidan. Nå utgjer dei over millionen, overlate til seg sjølv, utan rettighetar korkje til utdanning eller helsehjelp.

Ei lita naken jente, truleg vel eitt år, sit på ein stein og ser apatisk på meg. Mora har nokre klesfiller på seg, ho står og ventar på sin del av ein sjølvdauda gris som dei grillar på rek-ved. Eg forlèt dei, men dei fylgjer meg framleis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette landet har hatt demokrati i knapt 40 år, og er nå det nest rikaste i Karibia. Alle ser problemet med haitianarar, naboane dei inviterte inn til å ta slitet, men ingen er utolmodige på å finna ei løysing. Er demokratiet berre noko dei pyntar seg med?

Dette landet, Den Dominikanske Republikk, fløymer nå over av nye innvandrarar frå Venezuela.

Landet som er rikaste på naturressursar i Sentral-Amerika. Landet som for knapt 30 år sidan ved demokratisk val gav fridom til sin folkekjære president Hugo Chavez til å endre Grunnloven, og eigentlig verta like korrupt som dei andre. Nå er det ny president og på randa av borgarkrig. Alle som kan, forlèt landet.

Gjorde presidenten dei blinde, stilte dei ikkje spørsmål om framtida? Dei har demokrati.

På same tid kan eg fylgja «opprøret» frå heimlandet via media. Ein setning og eit bilde på Facebook resultere i regjeringskrise i verdast rikaste land og beste demokrati!

Er ikkje dette ei urovekkjande opphøging av sosiale media, har Donald Trump –metoden vorte anerkjent? Med litt historisk gjennomgang vart det «dråpen» som fekk frustrasjonen til å fløyme over. Men i eit demokrati der ni politiske parti utgjer Stortinget, burde det vera kravet til dei folkevalde at dei maktar å handtere ulikheter.

Var ikkje oppstyret om justisministeren ein regelrett mobbekampane? Noko som med lov nå er forbod. Vi kan mislike Frp og deira framgang, men dei er ein stor del av demokratiet. Og dei representera synspunkt som syner seg å stå sterkt i Europa.

Er Sylvia Listhaug-saka ein akseptert framgangsmåte, ja, så er vel spørsmålet kven som er neste mann ut? Det å samlast på grunn av felles uvenn, er ikkje konstruktiv politikk i fredstid. «#Metoo»-bølgja har letta på lokket slik at vonde kjensler kjem for dagen og oppgjørets time tikkar høglydt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«#Metoo» var ei kjensle oppvarming til Listhaug-saka. Sidan Sylvi Listhaug var «skinnande sølv» og utan #Metoo-anklage, fekk ho bilete måla på ei dør sentralt i Bergen i påskehøgtida. Det mest usmakelige og provoserande eg har sett.

Blasfemiparagrafen er borte, og ytringsfridommen kan brukast som eit lydlaust våpen. Mykje rimeleg er kunstnaren sponsa av offentlige midlar, og hugsar eg rett var ein universitetstilsett medverkande. Og ei gruppe studentar kom i media med smil som truleg held seg til dei skal tenkje eigen familie.

Det vi må spørja oss om, i demokratiet sitt namn, er kva type menneske er det som vil ta på seg politiske verv i framtida?

I media, også NRK, kan ikkje oljeministeren sitt namn nemnast utan at sex-skandala frå fortida skal omtalast, det er nesten som eit nytt etternamn. Same skjebne gjeld kulturministeren.

Fortida kan ikkje gjerast om, ingen kjenner det betre enn dei det gjeld. Men kvar er tilgjevinga frå oss tilskodarar? Kven vil våge å presentera seg sjølv som lytelaus ny politikar?

Det tærer på demokratiet sin energi til å få saker gjennom, når politikarane allereie nå driv valkamp for sine neste periode.

I tillegg har vi media, som intensivera jakta på å vera fyrst ute med personskandalar, avisa må selje sidan statsstøtta minkar.

Har demokratiet vårt gitt oss så mange fordelar at vi ikkje maktar å gi akt på kva som formar framtida?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
– Trump vil ha bedre bakgrunnssjekk før våpenkjøp
Les også
Trykke eller ikke trykke?
Les også
Retten til å mene noe annet
Les også
Grande til angrep på «illiberalt demokrati» i landsmøtetalen
Les også
Xi Jinping kan bli president på livstid