ISLAM: «Frelse av nåde og barnekår hjå Gud for Jesu skuld finst ikkje i islam, som er eingjerningsreligion,» skriver Tore Arnegard.

Islam versus kristentru

Vil du vera med på laget for å bringe evangeliet til dei?

Islam er den yngste av verdsreligionane, men etter kristendommen er det den største. I dag er det nær 1,7 milliardar muslimar i verda. Kristendom og islam er trass ein del ytre likskapar grunnleggjande forskjellige.

Det er ein annan Gud me møter i Koranen og islam enn i Bibelen. Muslimane trur ikkje på læra om treeinigheit og Jesus som Guds Son. Dei fornektar Jesu død og oppstode for våre synder, og dei kjenner ikkje Jesussom sin stadfortredar og Frelsar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frelse av nåde og barnekår hjå Gud for Jesu skuld finst ikkje i islam, som er eingjerningsreligion.

Kristen Muslimmisjon (KMM) og våre 2.140 støttespelarar sitt hovudmål er å bringe evangeliet til den muslimske verda. Me støttar opp om vårt arbeid i Israel, Indonesia, Senegal, India og her heime i Noreg.

Det har skjedd eit gjennombrot i misjonsarbeidet blant muslimar i vår tid, men framleis er dette ei forsømt misjonsmark. Difor er det behov for å styrke misjonsarbeidet blant muslimar på mange felt.

Blant anna dei omlag 200.000 med muslimsk bakgrunn her i Noreg. Vil du vera med på laget for å bringe evangeliet til dei?

Les også
Å dulle med islam
Les også
Fredshåpet som sluknet
Les også
NLMs folk bør lese Koranen
Les også
Ropte islamofobiske kommentarer og såret flere ved moské
Les også
Tenker ikke taktisk om islam