SØNDAGSSTRID: Geir Bekkevold (KrF) har lite til overs for at regjeringa og Venstres Trine Skei Grande vil utvida opningstidene på søndagar. Foto: Thomas Winje Øijord, NTB Scanpix

KrF set foten ned for søndagshandel

KrF har ingenting å gi i forhandlingar om søndagshandel, seier stortingsrepresentant Geir Bekkevold.

– For KrF er det ingen glideskala her. Vi håpar til sjuande og sist, og særleg no når alle høyringssvara kjem inn, at dei tre andre partia skjønar at dette er ein usedvanleg dårleg idé, seier Geir Bekkevold (KrF) til Dagen.

Han er første nestleiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, og er ikkje overbevist om at Venstres løysing er vegen å gå når det gjeld søndagsopne butikkar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tirsdag sa Trine Skei Grande at hoikkje vil gå for nokon av dei to forslaga i høringsrunden, sjølv om det eine skal vere etter modell av Venstres forslag. Det er høringsfrist 30. juni.

Frp har av den grunn gjeve ho pepar for å vere vinglete og illojal, ifølgeDagens Næringsliv.
Samstundes har statsminister Erna Solberg tru på at dei vilfinne ei løysing før regjeringa sender ei melding om saka til Stortinget.

Stengte kjøpesenter

Overfor Dagen skisserer Skei Grande ei løysing der kommunane får sjølvstende til å bestemme om butikkar enkelte gater og områder skal kunne få halde søndagsope.

Altså går ho ikkje inn for at kommunane må sei ja eller nei til søndagsopne butikkar i heile kommunen på ein gong. Skei Grande er heller ikkje fan av å la kjøpesenter halde ope, men at til dømes Karl Johans gate i Oslo burde kunne vere ope for turistar og andre kundar.

Spår press frå kjøpesenter

Geir Bekkevold har ikkje tru på Skei Grandes modell.

– For å ta eit døme frå min eigen heimkommune, Skien: Dersom ein bestemmer at berre Skien sentrum skal få halde ope, trur eg at det ikkje vil ta lang tid før det kjem eit massivt trykk på lokalpolitikarane frå det svære kjøpesenteret som ligg litt utanfor sentrum, for at dei også skal kunne halde ope, seier KrF-politikaren.

Han spår at kjøpesenter vil nytte argumentet med konkurransevridning for alt det er verd.

– Venstres modell har ikkje trua på. Dersom berre Karl Johan skal opne butikkar i Oslo, trur eg ikkje det tek lang tid før Steen & Strøm kjem til å hive seg på og presse gjennom at dei også skal vere opne, sjølv om dei ligg i ei sidegate. Eg trur dette berre vil påføre kommunar store utfordringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tribuneeffekten

Bekkevold trur det vil kome ein «tribuneeffekt» mellom nabokommunar som har sagt nei, dersom ein kommune opnar likevel på søndagar - altså at dersom éin reiser seg, gjer til slutt alle det.

– Då trur eg det ikkje går langt tid før politikarane i nabobyen også heldt ope, fordi ein er livredd for handelslekkasje mellom kommunane. Venstres forslag er ein hybridløysing, som eg synast er enno meir ytterleggåande enn det regjeringa foreslår.

– Få teikn til negativ effekt

Civita kom onsdag med et nyttnotat om økonomiske effektar av søndagshandel. Forfattaren er Stian Skår Ludvigsen, Venstre-politikar og statistikk- og analyserådgjevar.

Han har målt effektane av søndagshandel i og rundt kommunane som dei siste åra har fått status som typiske turiststader.

– Vi finn få teikn til at søndagshandel har hatt negativ effekt på nabokommunane. Små endringar i pendling inn og ut av ein kommune kan fort få større konsekvensar for omsetninga i detaljhandelen enn kor vidt ein nabokommune innfører søndagshandel eller ikkje, skriv Ludvigsen.

– Kva bevis har du for at søndagshandel vil slå negativt ut, Bekkevold?

– Vi må sjå på kva erfaringar som er gjort i andre land, som Danmark. Der ser du den effekten. I Danmark har dei opna for søndagshandel, og nærbutikkane har forsvunne. All konsentrasjon er no på kjøpesentra. Det er ikkje slik at folk handlar meir, men dei fordeler handlinga på sju dagar i staden for seks. Det er dyrt for dei som driv butikkane.

KrF har ingen glideskala

– Er det ikkje greitt å ha ein open handlegate på søndagar når det kjem turistar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi skal la dette styrast heilt av turistane. Eg trur det er mange mammaer og pappaer her i Oslo som synast det er veldig flott at dei kan bu i by med tid til kvarandre på søndagane. Turistane klarar seg nok veldig bra med dei opningstidene og høva dei har allereie, som den berømte brustadbua der ein kan handle nødvendige matvarer.

Han er oppteken av kva det vil gjere med familiane og samfunnet dersom ein fjernar kviledagen på søndagar.

– Korleis skal de greie å hindre at Venstre og regjeringspartia blir samde om å opne meir opp på søndagar?

– Vi kjem til å kjempe med nepp og klør heilt til det skal takast ei avgjersle, for å få regjeringa til å snu i den saka.

– Då må de vel gå inn i forhandlingar?

– Vi kjem sikkert også til å bli konsultert, men for KrF er det ingen glideskala her. Så vi håpar til sjuande og sist, og særleg no når alle høyringssvara kjem inn, at dei tre andre partia skjønar at dette er ein usedvanleg dårleg idé, seier Bekkevold.