Sauer steller kyrkjegard på Manhattan

Kyrkje midt i New York valde ei uvanleg erstatning då kyrkjegardsarbeidaren vart pensjonist.

Berre bakenden på ein av dei tre urbane sauene er synleg gjennom gjerdet då eg kjem til Old St. Patrick´s Cathedral. Dei gnafsar gras på baksida av den katolske kyrkja som ligg i Mulberry Street. Denne gata begynner i Chinatown og held fram gjennom Little Italy. Med andre ord er vi midt i smørauget til «The City that never sleeps». Der har det ikkje dyr beita på mange generasjonar.

– Eg har barneborn i området, fortel Angela Glass, som også stoppar opp ved gjerdet som skil oss frå sauene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lokkar barnebarn

Sjølv bur katolikken Glass i Charlotte i Nord-Carolina - byen som er kjend for å vere heimstaden til verdsevangelistenBilly Graham (97).

– Barnebarna mine er ikkje vane med dyr, fortel ho.

Dermed var det stor stas å få møte husdyr då dei besøkte besteforeldra.

Glass synest det kunne vere ekstra kjekt å ta med barnebarna hit for å sjå sauene.

Fekk løyve

Ein mann i 40-åra dukkar opp ved gjerdet.

– Har de lyst til å sjå sauene, spør Tom Derrigan, som han viser seg å heite.

For tre år sidan vart mannen med ansvaret for å stelle kyrkjegarden pensjonist. På spøk føreslo presten å erstatte han med sauer. Men spøken vart alvor - og søknaden om løyve vart innvilga av styresmaktene.

– Eg hjelper til som frivillig, fortel Derrigan.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tek bilete

Ein afroamerikansk ungdom stoppar opp og tek bilete av sauene med telefonen sin.

– Det er rart med sauer her. Det er eit artig syn som får deg til å verdsetje dyr, seier Dean, som nøyer seg med å fortelje fornamnet sitt.

– Blir du meir interessert i kyrkja?

– Det gir noko å forbinde kyrkja med, seier han.

Også bier

Tom Derrigan påpeikar at sauen har ein sentral plass i bibelforteljingane.

– Det er den nest mest omtalte skapningen i Bibelen, seier han.

Old St. Patrick´s Church har også skaffa seg andre levande vesen som såvidt er nemnde i Skrifta.

– Vi har ti bikuber bak kyrkja, fortel han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Folk kjem og ser på dei også.

Opnar dører

Ei ny kvinne har stoppa opp ved gjerdet.

– Sauene er bra for nabolaget, seier Lisa Nett.

– Det er flott om det kjem meir levande dyr i byen, seier ho.

Ofte er ho innom på biblioteket over gata.

– Det er alltid nokon som står og ser på dei. Det er veldig fredeleg.

Sjølv har ho gått til gudstenester i kyrkja, men er ikkje medlem.

– Sauene er ein fin måte å pone dørene til kyrkja, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Knyter kontakt

Det er tredje året sauer beitar utanfor kyrkja frå 1800-talet. Dei tre sauene som har fått kome hit i år, heiter Faith, Hope og Charity (Tru, Håp og Velgjerning). Første året var det Gold, Frankincense og Myrrh (Gull, Røykjelse og Myrra) som gjorde jobben.

Sommarbeitet vert avslutta midt i september.

Presten Donald Sakano har opplevd at sauene ved eit par høve har etablert kontakt med menneske som har slutta seg til kyrkjelyden, ifølgje det katolske nettavisaaleteia.org.

Endra befolkning

Den gamle katedralen vart erstatta ein meir kjend lenger oppe på Manhattan i 1879. Kyrkja har teke imot bølgjer av katolske immigrantar, særleg irar på 1800-talet og italienarar på 1900-talet. No er det i stor grad unge vaksne som har godt betalte jobbar som bur i området. Presten samanliknar dei med andre migrantar som kom tidlegare. Mange av dei var også kyrkjeframande då dei gjekk i land.

– Vi treng å støtte dei åndeleg og hjelpe til med å byggje dei opp åndeleg så dei kan leve i ei verd som er full av fallgruver og utfordringar som er framande for kristendomen, seier han.