SAMARBEID: Bergliot Gaukhei (t.h.), leiar i Heimebakstpartiet og kommunevalgets klare vinnar, har vore på jakt etter samarbeidspartnarar til kommunestyret. Lillemor Lampe, listetopp i Minigrispartiet, har vist seg som ein nyttig alliert.

Lettare kaotisk situasjon etter historisk kommuneval

Heimebakstpartiet­ (HP) er største parti i den nye kommunen. Men med sju prosent oppslutning har Bergliot Gaukhei denne veka vore på leiting etter samarbeidspartnarar før ho kan hengja ordførarkjedet om halsen.

Krykkjebakkposten laurdag 19. september 2015

Den mangeårige leiaren i Krykkjebakksundet Husmorlag gjekk til val på ei einaste sak, nemleg kampen for å få handelslaget til å kvitta seg med den nye brødskjeremaskinen.

Ordførarkandidaten meiner innretningen har ført til ein kraftig nedgang i heimebaksten, noko som på sikt framstår som eit trugsmål mot kompetansen til unge kvinner som framleis satsar på eit liv som heimeverande husmødrer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under valkampen ville den nyslåtte politikaren ikkje svara på kva makt eit kommunestyre har til å få butikken til å kvitta seg med deler inventaret, men etter valet framstår listetoppen som ein politisk ringrev langt ut over det ein forventar av ei 58 år gamal dame utan yrkeserfaring.

Brødkuttar og minigrisar

Kort fortalt er dette oppskrifta ho har nytta:

• Samarbeid med Søndagspartiet (SP), der handelslagsstyrar Oldus Kneiken jr. er listetopp. Kneiken skal ha fått lovnad frå Gaukhei om støtte til søndagsopen butikk ein gong i månaden byte mot at han breier eit skreddarsydd klede over brødbakemaskina kvar fredag og laurdag.

• Samarbeid med Minigrispartiet (MGP) der listetopp Lillemor Lampe har har alliert seg med framståande feministar som kapellan Frida Finckeldrejer og Kvaslaug Kranglebotn.

Begge er i prinsippet tilhengjarar av brødkuttaren. Men sistnemnde sit i kassen på handelslaget og er nøgd med at ho får fri tre av fire søndagar. Frida Finckeldrejer, best kjend som nyskapande performancekunstnar, har fått tilsegn om kommunal støtte på 100.000 kroner til årlege haustutstillingar i heile fireårsperioden.

• Kommunal støtte til utgreiing av rassikring i Krykkjebakkdalen. Dette var lista Israels Vener (med stor V) si fremste kampsak i valet. Israelvenene reiser mykje både til israelstemne austpå og til Israel og har fleire gonger vorte stogga av steinsprang og jordras.

• Lovnad om servering av nybakt kringle med vaniljefyll og melisglasur på alle kommunestyremøte i heile fireårsperioden, eit krav det ikkje var vanskeleg for Bergliot Gaukhei å innfri.

• Lovnad til Leif O. Nielsen, frontfigur for Ordførarkjedepartiet (OP) om såkalla implementering av dette partiet sitt einaste krav, nemleg at ho skal hengja eit gamalt mopedkjede rundt halsen som eit synleg prov på ordførarverdigheten i kommunen med landets kanskje tettast forekomst av mopedar i høve til innbyggjartal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Imponert ekspert

Den lokale valeksperten Tarald Stangballe er imponert over det politiske handverket han har sett dei siste dagane.

– Bergliot Gaukhei framstår som ein hestehandlar av dei heilt store, seier Stangballe og syner til at Heimebakstpartiet sin frontfigur i løpet av nokre få dagar har samla støtte frå to tredjedeler av dei ni kommunestyremedlemmene.

Dei røysteføre hadde over 70 lister å velja mellom.

– Er det ingen taparar i dette spelet, Stangballe?

– Jau, sokneprest Theobald W. Glad frå Søndagspartiet er ikkje nøgd. Han får rett nok ein plass i kommunestyret, men måtte svelgja ein stor kamel då han vart vraka som varaordførar. Han fall for eige grep då han nekta å forhandla med Lillemor Lampe om adgang for ­minigrisar i Krykkjebakksundet kyrkje.