Trekkjer seg frå sentralstyret

Sentralstyremedlem Astrid Aarhus Byrknes trekkjer seg for å gje plass til Karl Johan Hallaråker i KrFs øvste organ. Valkomiteen meiner det kunne vore plass til begge.

Byrknes står på andreplass på stortingsvalslista i Hordaland bak partileiar Knut Arild Hareide og kan få fast plass på Stortinget etter valet. Ho sit no i sentralstyret, men valde å trekkje seg for å gje plass til partiveteranenKarl Johan Hallaråker i det mektige partiorganet. Begge kjem frå Hordaland.

- Kvifor trekte du deg?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det var to kandidatar frå Hordaland i tillegg til at partileiaren kjem frå fylket. Det kunne bli vanskelig å få inn to. Eg visste at Karl Johan hadde lyst på ein sentralstyreplass. Etter ei heilskapleg vurdering bestemte eg meg for å trekkje meg for at Hordaland skal kunne samle seg om ein kandidat. 

- Var det ei vanskeleg avgjerd?

- Det har vore to lærerike år isentralstyret. Eg var innstilt på å fortsetje då eg fekk spørsmål om å stille til attval. 

- Korleis kan det tolkast at ei kvinne trekk seg til fordel for ein mann?

- Det må andre svare på, for meg er det ikkje ein kamp om posisjonar. Det er av omsyn til partiet.

- Vil Hallaråker bidra til å demme opp lekkasjar av veljarar til partiet De kristne?

- Det kan godt hende. Eg hadde det med i vurderinga, men det var ikkje det viktigaste. Karl Johan er ein dyktig ideolog, medan eg er meir praktikar som er oppteken av kvardagen i kommunane, seier Byrknes, som er ordførar i Lindås kommune. 

Takknemleg

Karl Johan Hallaråker er leiar iBergen KrF, tidlegare generalsekretær iIndremisjonsforbundet og rektor vedBildøy Bibelskole. Han er takknemleg for støtta Byrknes har gjeve han gjennom å trekkje seg. 

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg har ikkje bede om plass i sentralstyret, men har blittbeden om å stille, seier han.

- Vil du bidra til å demme opp forDe Kristne?

- Eg er glad for alle eg kan bidra til å demme opp for. 

- Plass til begge

Geir Bekkevold, leiar i valkomiteen, seier det er «trist å høyre» at Aarhus Byrknes har trekt seg.

- Ho er ein dyktig KrF-politikar og har gjort ein god jobb, seier Bekkevold.

Han meiner at det ville vore plass til både Aarhus Byrknes og Hallaråker i sentralstyret.

- Vi tenkte ikkje berre geografi, men også breidde. Vi håpte landsmøtet ville tenkje det same. 

- Var det unødvendig av Aarhus Byrknes å trekkje seg?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg håpte vi kunne unngå at nokon trakk seg.

Då det vart kjent at Hallaråker var foreslått til sentralstyret, sa Bekkevold at han bidreg til breidde i partiets profil og viste også til Hallaråkers kompetanse, fartstid og sterke engasjement for KrF. 

- Sterkt ynskje for Karl Johan

Aarhus Byrknes seier ho hadde oppfatta frå Hordaland-delegasjonen at det er vanskeleg med to kandidatar frå same fylke når ein i tillegg har partileiar frå same fylke. 

- Har du kjent deg pressa?

- Kva er det å kjenne seg pressa? spør ho. 

- Det var argument frå Hordalandsdelegasjonen om at dei ikkje kunne tale for oss begge to. I den samanheng kjende eg at det var eit sterkt ynskje for å ha Karl Johan. Då valde eg sjølv å seie at dei kunne sleppe det valet. Eg ville gjere det enklare for Hordaland-delegasjonen, seier ho. 

Valkomitéen hadde innstilt ni kandidatar til fem plassar i partiets øvste organ. Det er val laurdag føremiddag.

Følg KrF-landsmøtet direkte på nett-TV her på Dagen.no