Kyrkjetungt miljøparti

Prestar og kyrkjefolk har gått til Miljøpartiet Dei Grøne. Sist ut er kateketen Marianne Bergsjø Gammelsæter. - Eg var lei av at KrF var blitt så blått og lefla med Frp, seier ho.

Måndag fortalde Dagen om partiet sin toppkandidat i Hordaland, Tom Sverre Tomren, som er sokneprest på Osterøy og tidlegare misjonær i Kamerun for Det Norske Misjonsselskap. Han er langt frå åleine frå kyrkja når han møter partifeller i Hordaland. Partiet, som er i ferd med å svinge seg mot sperregrensa i årets val, har ei rekkje prestar og kyrkjelege profilar med seg i vestlandsfylket.

Gammelsæter har i fleire år vore profilert kateket i Fjell kyrkjelyd på Sotra og har tidlegare site åtte år i kommunestyret for KrF i Fjell. For nokre år sidan melde ho seg ut av partiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg var så lei av at KrF var blitt så blått. Dei var meir opptekne av Israel enn dei viktigaste sakene. Då tenkte eg og fleire med meg i kyrkja: kva er viktigast no? Vern om skaparverket og miljø heng saman med rettferdig fordeling og fattigdom. Det er den viktigaste utfordringa verda står overfor no.

- Ei svøpe

Bergsjø Gammelsæter meiner at dagens regjering ikkje har teke miljø og fattigdom på alvor. Ei regjering av Høgre og Framstegspartiet ser ho på som det verste som kan skje. Ho trur på KrF når dei snakkar fint om miljø, men hevdar at det er så mange sterke krefter i partiet som prioriterer andre saker, så dei ikkje får gjennomslag.

- Fløyen med dei blå-blå var altfor sterk i partiet. Det har vorte partiet si svøpe.

I sommar melde ho seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne, også fordi dei har auka oppslutnad som kan gje dei reell innverknad, og fordi ho har stor tillit til førstekandidat og kyrkjekollega Tomren.

Døropnar til kyrkja

- Kvifor finn vi så mange frå kyrkja i MDG i Hordaland?

- Noko skuldast at Tom Sverre er ein frontfigur som er en truverdig døropnar. Eg trur det ligg eit latent engasjement hos folk. Det skulle berre mangle at ein finn engasjementet i kyrkja. Kvar elles skulle det vore? Viss vi ikkje ser at skaparverket og rettferdig fordeling er kjernen i kyrkja si tru, har vi ikkje teke Jesus på alvor. Vi har no hatt 20 sløve år der alle trur det går bra berre vi utvinn olje.

På sikt ser ho ikkje vekk frå at ho engasjerer seg meir aktivt i MDG.

- Min generasjon må utfordrast. Vi blir snart sitjande på hyttene og i dei store bilane våre og har nok med oss sjølv og det kristne miljøet vårt. Vi blir fanga i materialisme. Lever vi enklare, lever vi kanskje lykkelegare og tek betre vare på det vi har fått, seier Bergsjø Gammelsæter, som brukar ein tysdag i august til å plukke villbringebær i nærleiken av der ho bur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tom Sverre Tomren seier at det er viktig at han som prest og tydeleg livssynsbærar er med og bidreg til at partiet er ope for religion og kristentru.

- Slik får vi ikkje eit nytt type SV der kristendommen skal marginaliserast. Vi har dei tre m-ane: miljø, mangfald og medmenneske. Det står nær klassisk kristne verdiar, seier Tomren.

Kjenner seg ikkje att

Tomren var også tidlegare lokalpolitikar i KrF, men sa i Dagen i går at han var lei av å kjenne seg som ein gallionsfigur for miljø som vart røysta ned i viktige saker på fylkesårsmøtet.

Fylkesleiar Pål Kårbø i Hordaland KrF kjenner seg ikkje att i skildringa.

- På ein del felt var han radikal og ville gå lenger. Han har ikkje medvite blitt køyrt fram som gallionsfigur, men fronta miljøsaka. Andre fronta andre saker, og så avgjorde demokratiet.

- Er KrF truverdig i klimapolitikken?

- Eg meiner det. Vi har dempa oljeutvinninga og bidrege i klimaforliket.

DAGEN

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kyrkjefolk

Dei Grøne har markert seg som eit parti med ei rekkje teologar og prestar i vest:

Steinar Sneås Skauge, undervisningsprest i Meland, leiar for Miljøpartiet De Grønne i Lindås og Meland.

Lars Ove Kvalbein, rådgjevar miljø og forbruk ved Bjørgvin bispedømekontor, 11. plass på MDGs stortingsliste i Hordaland.

Marianne Støylen Skauge, prostiprest Nordhordland prosti, stod på vallista til MDG i Lindås ved kommunevalet i 2011.

Jan Rantrud, teolog, høgskulelektor, NLA Høgskolen Bergen, stod på vallista til MGD i Meland ved kommunevalet i 2011.

I tillegg er tidlegare leiar av Hordaland KrFU Tor Øyvind Westbye no fylkesleiar og toppkandidat for MDG i Sogn og Fjordane. I 2006 vart han fjerna frå nominasjonslista til kommunevalet etter å ha å ha uttalt at homofobi er årsaka til at KrF går imot ei kjønnsnøytral ekteskapslov og adopsjon for homofile.

Les også
Prest droppet KrF, vil på tinget for De grønneMiljøpartiet De Grønne
Les også
De Grønne ved den politiske perleporten