- Vi er ei kyrkje i vekst. I Oslo er kyrkjene våre sprengfulle
og under nattverden hender det at folk må knele ned på trappa
utanfor. Då slår forbipasserande opp store auger, seier
informasjonskonsulent Andreas Dingstad i Oslo katolske bispedømme
til DagenMagazinet.
Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske
kyrkje som får statstilskot fortel at det 1. januar i år var 67.000
katolikkar her i landet. Det er 17 prosent meir enn på same tid i
fjor. Kyrkja sine eigne og rykande ferske tal syner at det i dag er
registrert 83.116 katolikkar i Noreg. Av dei er 68.794 registrert
under bispedømet i Oslo, 5.563 i Trondheim og 3.030 i Tromsø.
- I praksis er det kanskje 150.000 katolikkar i Noreg i dag,
men nokre av dei er her berre mellombels. Det er også mange som av
andre grunnar ikkje registrerer seg.
Dingstad trur at veksten hovudsakleg skuldast
arbeidsinnvandring, mellom anna frå Polen.
- Nokre av arbeidsinnvandrarane kjem frå statar som ikkje
akkurat har gode demokratiske tradisjonar. Derfor vender dei seg
ofte til kyrkja, og ikkje til staten, for å få hjelp til
arbeidsformidling og kurs. Og vi har gjort ein god innsats dei
siste åra på det området.
Les meir i dagens papirutgave om kva konsekvensar
medlemsauken har for Den romersk katolske kyrkja i
Noreg.