VÊRBØN: Den norske kyrkja har
...
VÊRBØN: Den norske kyrkja har hatt tradisjon for å be om «godt og tenleg vêr». Biletet er frå Slottsparken i Oslo på ein av dei vakre vår­kveldane dette året. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB scanpix
No ber kyrkja om godt og lagleg ver igjen
Del
Bøna var offisielt ute i 34 år. Så kom ho innatt i samband med klimaproblematikken.

I Sør–Noreg har vi hatt den varmaste mai månad på lange tider. Fleire stadar har fått nye varmerekordar, med temperaturar over 30 grader. Og klimaforskar og avdelingssjef ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen, seier til NTB at vårvarmen er eit symptom på klimaendringane.

Den norske kyrkja har i uminnelige tider bede om godt vêr – men det handlar ikkje berre om sol og varme.

– Frå gamalt av bad ein for jordbruket og avlinga. Godt og tenleg vêr er ikkje berre tenkt på som ei bøn for sol og varme. Ein bad om vêr som var høvleg for gode avlingar, seier Hans Arne Akerø, seksjonsleiar i seksjon for gudstenesteliv og kultur i Den norske kyrkja.

Borte i 34 år

«Godt og tenleg vêr» er ei veldig innarbeidd formulering, ifølgje Akerø. I nyare tid har omgrepet fått ei litt anna tyding. Den vart ikkje teken med i høgmesseliturgien frå 1977, men er komen attende i liturgiordninga frå 2011 i samband med klimaproblematikken.

– På 70–talet var ein meir oppteken av fattigdom og tok ikkje klimakrisa inn over seg. Klimaproblematikken var ikkje så openberr for alle på den tida då forbønene vart laga. I dag er folk meir medvitne om klima.

LITURGI: Hans Arne Akerø forklarer den historiske tankegangen bak bøna om «godt og lagleg vêr». Foto: Dagen-arkiv
 

Akerø meiner det er påfallande at ei slik bøn ikkje vart teken med den gongen.

– Det er ei bøn som er veldig gamal og har ein lang tradisjon. Godt og lagleg vêr er noko ein alltid har bede om og for, forklarar han.

Globalt perspektiv

Vern av skaparverket er også generelt ein del av bøneemna i kyrkja, ifølgje Akerø.

– I dei nye bønene er dette ­uttrykket knytt til alle folka på jorda. Så det er eit meir globalt perspektiv enn før. I dag er orda meir tenkt til konsekvensane ved klimaendringar, og ikkje berre jordbruket her i landet.

Bøna kjem inn under for­bønsdelen, etter preika og før nattverda.

– Ei anna bøn der dette temaet kjem inn, er bøna der vi nemner kva vi ber om. Der står det: «Vi bed om tenleg vêr, om rikeleg grøde på jorda og om fredlege tider, lat oss be til Herren.»

– Den bøna er veldig aktuell i samband med at kyrkja er oppteken av klima og matforsyninga til folket i verda.

– Den siste tida har vêret vore fint. No er det vassmangel, noko ein merkar godt. Og det har også vore flaum i Noreg mange stader. Forbøna er ei aktuell bøn å be, også i Noreg, seier Akerø.

Bøn for jordbruket

På Jæren har prestar variert bruken av den faste formulerte bøna og eigne formuleringar av den, ifølgje Kjell Børge Tjemsland, prost i Jæren prosti.

På Jæren har det vore vanleg å be for bøndene og jordbruket.

– Vi var tydlege på å be den i haust då det var regn. Regnet førte til at bøndene ikkje kom ut med jordbruksutstyret. Vêret var til hinder for gjødslinga, slåtten og haustinga av mellom anna poteter, fortel Tjemsland.

JORDBRUK: Kjell Børge ­Tjemsland fortel om kor viktig det har vore å be for vêrtilhøva og jordbruket på Jæren. Foto: Birgit Opheim

Han seier bøndene på Jæren lever med klima og natur rundt seg kvar dag.

– Vi ser det er mykje som skjer på klimafronten. Og det er noko vi er meir medvitne om i dag, no som meir klimavenlege jordbruksmetodar kjem inn.

– Viktig for sjømenn

Harold Holtermann, prostiprest i Lofoten prosti, seier at sjølv om «godt og tenleg vêr» ikkje var ein del av liturgien ein periode, var det frivillig å ta den med i dei frie bønene.

– Bøna har vore med oss i alle år. Ikkje minst har den vore viktig med tanke på fiskarar og dei som ferdast på havet, fortel Holtermann.

Han seier det er tryggare å ferdast på sjøen i dag etter at båtar er utstyrt med betre bergingsutstyr.

– Ein kan sjå på det som eit ­bønesvar. Og vi har grunn til å takke for det.

paywall
paywall
paywall