PRIORITERE: Jon Aarsland, leiar ved Familievernkontoret i Sør-Rogaland og Benita Christensen, direktør i Stiftelsen Kirkens Familievern var ein av dei første som fekk besøk av statsråd Solveig Horne. Det håper ho prioriterer familievern. (Foto: Silje Rognsvåg)

Horne lovar å prioritere familiane

Mindre enn to veker etter ho vart statsråd, vitja Solveig Horne Kirkens Familievern. - Løfter vi familievernet, vil vi sjå resultat på andre felt, seier ho.

I ei rek­kje år har føre­byg­gjan­de fa­mi­lie­vern kjent seg ste­mo­der­leg hand­sa­ma av den raud­grø­ne re­gje­rin­ga. Som ein av­skils­hel­sing frå SV-stats­rå­den Inga Marte Thor­kild­sen vart løy­vin­ga­ne til sam­livs­til­tak stro­ken i for­sla­get til stats­bud­sjett frå neste år. Det har vore stor spen­ning knytt til kva nye sig­nal som kjem frå den blå re­gje­rin­ga.

I går valde den nye bar­ne- like­stil­lings- og in­klu­de­rings­mi­nis­te­ren frå Frp å vitje Fa­mi­lie­vern­kon­to­ret i Sør-Ro­ga­land, som er ein del av Stif­tel­sen Kir­kens Fa­mi­lie­vern.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der fekk Horne pre­sen­tert ar­bei­det deira og ny­brotts­ar­beid, mel­lom anna gjen­nom tett sam­ar­beid med kom­mu­na­ne.

I Gjes­dal er fa­mi­lie­vern­kon­to­ret til sta­des ein dag i veka med te­ra­pi, kurs og rett­lei­ing. Den så­kal­la «Gjes­dal­mo­del­len» yns­kjer fa­mi­lie­ver­net å bruke til å få eit tett sam­ar­beid med andre kom­mu­nar.

Horne fekk også pre­sen­tert eit yn­skje om å satse på for­eld­ra til barne­verns­barn. Når barne­ver­net har over­teke an­sva­ret for borna, yns­kjer fa­mi­lie­ver­net å få for­eld­ra hen­vist til seg. Der skal dei få hjelp til å takle tapet og skam­ma, men også rett­lei­in­ga til å vere for­eld­re på ein ny måte, fordi mange av borna ven­der til­ba­ke til dei bio­lo­gis­ke for­eld­ra.

Ber om 150 mil­lio­nar

For­vent­nin­ga­ne til barne­mi­nis­te­ren frå Ro­ga­land var høge.

- Ho seier at ho yns­kjer å satse på fa­mi­lie­vern og at vi blir rekna med. Slik les eg henne, seier Jon Aars­land, leiar ved Fa­mi­lie­vern­kon­to­ret i Sør-Ro­ga­land.

- Ho er ty­de­leg på at ho yns­kjer å satse på ide­el­le ak­tø­r­ar og gje dei kår slik at dei også kan ek­sis­te­re, seier Be­ni­ta Chris­ten­sen, di­rek­tør i Stif­tel­sen Kir­kens Fa­mi­lie­vern.

Aars­land og Chris­ten­sen mei­ner det er rea­lis­tisk at Horne raskt får på plass att sam­livs­pen­ga­ne som er fjer­na frå bud­sjet­tet, men håper også på meir.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vil styr­kje

Etter vit­jin­ga hos Kir­kens Fa­mi­lie­vern er Horne ty­de­leg på at dette er eit fag­felt re­gje­rin­ga vil prio­ri­te­re.

- Løf­ter vi fa­mi­lie­ver­net, vil vi sjå re­sul­tat på andre felt, seier ho og viser til barne­vern og psy­kia­tri.

- Den raud­grø­ne re­gje­rin­ga kutta pos­ten til sam­livs­til­tak. Vil pen­ga­ne kome til­ba­ke?

- Eg kjem til­ba­ke til kor­leis det en­de­le­ge bud­sjet­tet ser ut, men det er klart at det er ei av mine ho­vud­opp­gå­ver å styr­ke det føre­byg­gjan­de fa­mi­lie­ver­net. Det er vik­tig for re­gje­rin­ga og ikkje minst for Venst­re og KrF, seier Horne.

- Kan du love noko til fa­mi­lie­ver­net?

- I dag lovar eg ingen ver­dens ting. Den nye re­gje­rin­ga skal setje sitt preg på det bud­sjet­tet som ligg der.

Små sum­mar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under vit­jin­ga i heim­fyl­ket viste Horne gjen­tek­ne gon­ger til sam­ar­beids­av­ta­len med Venst­re og KrF. Før valet ut­tal­te KrF at eit styr­ka fa­mi­lie­vern var ei av dei vik­ti­gas­te sa­ke­ne viss dei kom i re­gje­ring.

- Det er ei vik­tig sak for Frp også, og det har vi vist i bud­sjett­inn­stil­lin­ga­ne frå komitéen i Stor­tin­get dei siste åra. Der har alle dei tre bor­gar­le­ge par­tia i ko­mi­te­en løfta fa­mi­lie­ver­net. Det er ikkje snakk om mykje pen­gar, men fo­ku­set vert flyt­ta til føre­byg­ging.

Horne un­der­stre­kar at Frps po­li­tikk i op­po­si­sjon vil vere gjen­kjen­ne­leg no når dei har kome i re­gje­ring.

- Vi har snak­ka mykje om føre­byg­gjan­de ar­beid og at fa­mi­li­ar må få hjelp før det kjem så langt at dei mis­tar borna sine. Det er vik­tig å prio­ri­te­re føre­byg­ging i hei­men. Det har vore Frps ho­vud­man­tra på fel­tet så lenge eg har vore i po­li­tik­ken, seier Horne, som har site på Stor­tin­get i åtte år.

DAGEN

Familievernets ynskjeliste

På møtet i går la Kirkens Familievern fram ei ynskjeliste til statsråd Solveig Horne:

* 150 millionar kroner meir til familievern.

* Fire millionar kroner meir til administrasjonen i Stiftelsen Kirkens Familievern.

* Ta inn att løyvingane til samlivstiltak som er stroke i forslaget til statsbudsjett for neste år.

* Starte prosjekt retta mot foreldre av barnevernsbarn.

* Få meir ressursar til å drive tett samarbeid med kommunane.

Les også
Vil ha date-kveld i norske familier