Historisk låge adopsjonstal

I fjor vart 144 barn adoptert av norske familiar frå utlandet. Ikkje sidan 1970 har det vore færre utanlandsadopsjonar til Noreg.

- Det er synd at det ikkje er flei­re barn som får ein fa­mi­lie, men må vekse opp på barne­heim, seier Heidi Fjell­berg.

Ho og man­nen har sjølv adop­tert ei jente frå Etio­pia og har søkt om å adop­te­re eit barn frå Kenya.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det var heilt fan­tas­tisk, seier Heidi om då ho førs­te gang heldt vesle Liva (3) i ar­ma­ne. Heidi og man­nen henta dot­te­ra i Etio­pia for to år sidan.

Fa­mi­li­en til­hø­rer ei grup­pe som blir sta­dig mind­re. Sidan dei adop­ter­te i 2012 har talet på barn som har kome til adop­sjons­fa­mi­li­ar i Noreg gått til­ba­ke med 40 pro­sent. Då var alle­reie talet på fa­mi­li­ar som adop­ter­te re­kord­lågt.

Dra­ma­tisk til­bake­gang

Ikkje sidan 1970 har talet på utan­lands­adop­sjo­nar vore lå­ga­re enn i 2013. Den gang var det 61 barn som vart adop­tert til nors­ke fa­mi­li­ar.

Det er også førs­te gang på 20 år at Kina ikkje er det størs­te adop­sjons­lan­det i nokon norsk for­ei­ning.

- Det er ein kjempe­dra­ma­tisk til­bake­gang. Be­kym­rin­ga vår er at dette er tal som gjeld for heile adop­sjons­ver­da, seier Fred­rik Nord­by, leder for ad­mi­ni­stra­sjo­nen i Adop­sjons­fo­rum.

Han for­tel at adop­sjons­for­ei­nin­gar i Sve­ri­ge og Dan­mark har måtte leg­gje ned drif­ta.

- Det er ille. Alle tre for­ei­nin­ga­ne i Noreg job­bar hardt for å ved­li­ke­hal­de landa vi har, og for å skaf­fe nye land vi kan adop­te­re frå, seier Nord­by.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det skal li­ke­vel ikkje vere stor fare for dei nors­ke for­ei­nin­ga­ne.

- For oss er ikkje det ei ak­tu­ell pro­blem­stil­ling fordi vi har til­pas­sa oss ved å re­du­se­re sta­ben, seier Sol­berg i Ver­dens Barn.

Lang vente­tid

Ned­gang i adop­sjon frå ut­lan­det skul­dast auka na­sjo­nal adop­sjon, stram­ma­re reg­lar frå adop­sjons­lan­da og leng­re vente­tid. Det har også vore in­ter­na­sjo­nal po­li­tisk uro rundt adop­sjon.

- Det er færre barn som treng ein ny heim frå dei landa vi tra­di­sjo­nelt adop­te­rer frå. I til­legg er det flei­re land som adop­te­rer, som Ita­lia, Frank­ri­ke og Spa­nia, seier Helge Sol­berg i Ver­dens Barn.

To­talt tre år tok det frå fa­mi­li­en Fjell­berg søkte om å få adop­te­re til dei kunne hente Liva på barne­hei­men i Etio­pia. Dei var hel­di­ge som slapp til før vente­tida auka dras­tisk i det lan­det.

- Den dagen du får te­le­fon om til­de­lin­ga av barn, kjen­nes det heilt rik­tig. Du føler at bar­net du får, er det bar­net du skul­le ha. Då vert vente­tida gløymd, og det er bare lykke­rus, seier Heidi.

Den gjen­nom­snitt­le­ge vente­tida er no på over fire år frå ein fa­mi­lie sø­kjer til dei kjem heim med bar­net.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Talet på søkjar­fa­mi­li­ar har også gått til­ba­ke, sam­stun­des som flei­re nyt­tar as­sis­tert be­frukt­ning.

- Det har vore ei hal­ve­ring i søkja­rar dei siste tre, fire åra. Fram til for eit par år sidan hadde vi mel­lom 1000 og 1200 fa­mi­li­ar ein stad i søk­nads­pro­ses­sen. No er vi nede i 500, seier Nord­by.

- Færre vel adop­sjon når det er fryk­te­lig lang vente­tid, seier Sol­berg.

Treng stø­nad

Adop­sjons­for­ei­nin­ga­ne i Noreg har i flei­re år jobba for at fa­mi­li­ane som adop­te­rer skal få meir stø­nad frå sta­ten. Ut­gif­te­ne har nær dobla seg dei siste ti åra.

Ein auke av ein­gongs­stø­na­den er slått fast i re­gje­rings­er­klæ­rin­ga, men Adop­sjons­fo­rum er skep­tisk til lov­na­da­ne frå po­li­ti­ka­ra­ne.

- Dette har vi hørt i mange år, utan at noko har skjedd, seier Nord­by.

Han på­pei­kar at det no er det så få adop­sjons­fa­mi­li­ar at ein kan doble stø­nad til kvar fa­mi­lie, men sam­stun­des halde seg innan­for da­gens løy­ving til denne grup­pa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nord­by trur den låge po­li­tis­ke vil­jen grun­nar i at dei ikkje vert høyrt.

- Det er ein vel­dig liten pro­sent­del av be­fol­kin­ga som er adop­tert, og der­med er det ikkje press­grup­pa så stort at po­li­ti­ka­ra­ne er nøyd­de til å for­hol­de seg til oss på same måten som andre press­grup­per, seier han.

DAGEN