Ekstremt: På Recap i Sogndal fekk deltakar for fyrste gong prøva å stå på vass-ski og hoppa i paraglidar. Mange fekk også sitt fyrste møte med Jesus. Biletet til venstre viser Kjartan Audnevik med tærne i Sognefjorden og vasskia høgt heva.

Fleire ungdommar frelst i Sogndal

Laurdagskveld gav 50 ungdommar respons på frelsesinnbydinga på ekstremsportfestivalen Recap i Sogndal.

Arrangørane hadde valt eit sitat frå Søren Kierkegaard som motto for Recap-festivalen i Sogndal. «Å våga er å mista fotfestet ein augneblink, å ikkje våga er å mista deg sjølv». I løpet av helga var det fleire som vågde å ta eit steg i tru for fyrste gong, og vart tekne i mot av Jesus. Ekstremsport-utøvarane Team Xtreme Vikings sto for frelsesinnbydinga for dei 190 frammøtte.



Jesus vart for sterk

- Minst 50 kom fram og gav respons på TX Vikings sin bodskap, fortel festivalleiar Knut-Erlend Rosvold sundagsmorgon.

- Det var kanon-sterke vitnesbyrd om Guds kjærleik. For nokre var det snakk om å koma tilbake, medan andre nok ikkje var heilt klare. Men alle opna seg og tok tid til samtale. Alle omvendingane er viktige, uansett kva utgangspunkt ungdommane hadde. For over ti personar me kjenner frå miljøet vart Jesus endeleg for sterk for, seier den slitne, men lukkelege festivalleiaren.



Forandra svaret

Dei merka det allereie på opningsmøtet på fredag. Den Heilage Ande jobba med ungdommane som var der. Allereie då var det ein del som gav uttrykk for at dei ønskte å fornya forholdet til Jesus. Ungdommar som vanlegvis ikkje går på møte, vart tiltrekte av ekstremsport-temaet. Vass-ski, sjonglering, downhill-sykling og fjellklatring var nokre av aktivitetane. Ei jente som DagenMagazinet fekk snakka med på laurdag hadde prøvt å hoppa i paraglidar for fyrste gong. På spørsmål om ho var kristen svarte ho «litt usikker», men på laurdagskveld sende ho ei SMS-melding der det stod: «Kan du forandre svaret mitt på om eg er kristen til ja?» Kanskje ho var ei av dei som fekk eit fornya tilhøve til ei kristen barnetru?



- Ikkje teoretisk å tru

- Dette har ikkje vore ein typisk møtefestival. Me ser på aktivitetane som verdfulle i seg sjølve. Midt i leiken kan det koma alvor, og dei som er kristne kan formidla ting gjennom dei dei er som personar, seier Rosvold.

Han kan fortelja at arrangørane har bedt mykje om at dei enkelte deltakarane måtte få merka Den Heilage Ande også når dei var ute i naturen. Kristne har så lett for å gjera trua til noko reint kognitivt eller teoretisk, meiner Rosvold. Folka bak Recap vil i staden ta Gud med inn i alt som skjer.



Bruer mellom kristne

Etter ein svært vellukka festival, er likevel ikkje jobben over. Det er kanskje heller no mykje av jobben tek til i forhold til dei som har møtt Jesus for fyrste gong.

- Ja, no startar arbeidet. Resultatet vil visa seg på sikt. Det er jo ikkje nokre frelsesobjekt som gir respons på Jesus, men menneske, seier Rosvold.

- Vil dei nyfrelste få noko konkret opplæring?

- Dei fleste er lokale, og dei vil få tilbod om å bli med i cellegrupper. Dei andre blir fulgt opp av ungdomsleiaren dei kom med, seier Rosvold, som til vanleg er forsamlingsleiar i Sogndal Indremisjonsforsamling. Festivalen er eit samarbeid mellom mange kristne organisasjonar. I tillegg til ImF, har Leikanger Husfellesskap og Sion Gaupne vore arrangørar, medan Pionerkirken og Den norske kyrkja har jobba i kulissane.

- Dette har vore ei felles greie. Me kan ha kvar vår heim, men me har verkeleg ei felles sak når det gjeld å nå ut med evangeliet. Me byggjer heller bruer mellom kristne, enn å fokusera på indre strid, avsluttar Rosvold.


DM