LIVERPOOL: Linjelærar Frode Lindtveit underviser taktikk for dei 16 elevane på Liverpool-linja på Folkehøgskolen Sørlandet.

Desse ungdomane brukar eit heilt år på favorittlaget

Då elevtalet svikta på fotballinja, valde folkehøgskulen å opprette ei linje berre om fotballklubben Liverpool. Då kom elevane.

– Dette er Mini-Anfield, seier linjelærar Frode Lindtveit og viser stolt fram rommet som det aller første Liverpool-kullet på Folkehøgskolen Sørlandet på Birkeland i Agder har pussa opp i haust. Anfield er heimebana til Liverpool.

Etter år med låge søkartal la Folkehøgskolen Sørlandet i fjor ned fotball-linja og starta ei Liverpool-linje. Det har vore ein suksess.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På veggane i «Mini-Anfield» har elevane skrive YNWA, som står for «You´ll never walk alone». Det er Liverpool sin klubbhymne og motto og difor også det offisielle namnet på linja.

Rommet ligg sentralt plassert mellom klasserom og matsal, og passande nok er det ei lita trapp ned til rommet som kan minne om ein spelartunnel på ein fotballstadion.

Over trappa har elevane hengt opp eit skilt med teksta «This is Anfield» som dei bankar på kvar gong dei går inn til time, slik heltane på det verkelege Anfield Road gjer.

– Her har vi undervisning, i tillegg til at vi ser alle Liverpool sine kampar i lag. Det er veldig kjekt å kunne dele lidenskapen vi har til klubben, seier linjelæraren.

ELEVAR: Marius Namtveit, Mikael Skinnestad og Benjamnin Bækelund Hope saknar berre ein ting på Liverpool-linja: Jenter.

– Utruleg flaks

Elevane Marius Namtveit, Mikael Skinnestad og Benjamin Hope fortel om ein fantastisk sesong i den raude bobla.

– Det kunne ikkje ha vore betre timing. Vi har vore utruleg heldige som har fått vore så tett på klubben dette året her, seier Namtveit.

Liverpool ligg på ein suveren førsteplass i den engelske ligaen. Laget har vunne 24 av 25 kampar denne sesongen og har ei luke på 22 poeng ned til laget på andreplass.

Med berre 13 kampar igjen av sesongen ser det ut til at mange sesongar utan siger kan vere over og at Liverpool vinner ligagullet for første gong sidan 1989.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi går på Liverpool-linja det året Liverpool sannsynligvis vinn ligaen for første gong på 30 år. Det er heilt utruleg kva flaks vi har hatt, seier Hope før han legg til:

– Vi har tapt det på målstreken før, men eg kan ikkje førestille meg korleis vi skal gjere det no.

Også linjelæraren har trua på seriegull.

– Då elevane kom til skulen, hadde vi nettopp vunne Meisterligaen, og vi snakka om at i år kunne vere året vi vann ligaen i England. Etter det har vi berre vunne alt, og eg hugsar knapt korleis det er å tape kampar, seier Lindtveit.

Saknar jenter

Sjølv om ting ser lyst ut er det ein ting gutane saknar.

– Vi saknar å ha nokre jenter på linja. Det blir veldig «guttastemning» blant oss. Viss det er nokon jenter som likar fotball og heiar på Liverpool, så er det berre å kome, seier Hope.

REKTOR: Geir Reinertsen er storfornøgd med Liverpool-linja.

Det er rektor Geir Reinertsen heilt samd i.

– Vi hadde ønskja oss jenter på linja. Det var nokre som fekk tilbod om plass, men ingen dukka opp. Eg meiner at det hadde vore ein fordel med ein viss kjønnsbalanse, men det er første mann til mølla og jentene må også vere tidleg ute, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mangfaldsskule

Skulen har tidlegare hatt ei fotballinje, men etter år med låge søkjartal var det på tide å tenkje nytt.

Det var i fjor at linjelærar Frode Lindtveit kom inn på Reinertsens kontor med ideen om ei Liverpool-linje.

– Då tenkte eg at det verka veldig gøy å teste ut. Det er eit konsept som ingen andre har. Det er mange fotballinjer rundt forbi, men ingen som er spesialisert på ein klubb, fortel rektoren.

Reinertsen seier at Liverpool-linja har vore ein stor suksess, og at den føyer seg inn i ei rekke av smale linjer på skulen. Han ønskjer at skulen skal vere ein «mangfaldsskule».

– Elevgruppa vår er samansett på ein veldig god måte. Det blir ikkje berre idrettsfolk, men litt av kvart. Vi har både «Bil og motor», «Data og media», «Barn i fokus» og ulike aktive linjer.

Èin heier på Arsenal

Ikkje alle på YNWA-linja heiar på Liverpool heller. Det har også snike seg inn ein einsam Arsenal-tilhengjar.

– Det går veldig greitt. Så lenge eg ikkje heiar på Manchester United, blir eg behandla fint, seier Erlend Sanne (19) og ler.

– Kvifor søkte du deg hit då?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg har to brør som har gått på fotballinja før meg, og det var dei som anbefalte meg å begynne her. Eg prøver å heller sjå vekk i frå at det er ei Liverpool-linje, seier Sanne.

Ein prosent er medlem

Same veka som Dagen besøker skulen har dei hatt besøk av Tore Hansen som er dagleg leiar i Liverpools offisielle norske supporterklubb. Han er også begeistra over linja.

– Dei tok kontakt med oss før oppstart i haust, og då anbefalte vi dei å heller starte ei Premier League-linje. Men dei valde å satse, og då er det veldig moro at dei har lukkast med det.

– Er du overraska over at linja har blitt slik ein suksess?

– For utanforståande kan det verke litt sært, men ein må hugse at éin prosent av Noregs befolkning er betalande medlemmar i supporterklubben. Liverpool er den desidert største klubben i Noreg, seier Hansen og legg til at han håpar på eit samarbeid mellom skulen i åra framover.

Liverpools supporterklubb i Noreg passerte 50.000 medlemer i fjor.

Liverpool-andakt

Folkehøgskolen Sørlandet er ein kristen folkehøgskule eigd av Normisjon, Indremisjonsforbundet og KFUK-KFUM. Rektor er tydeleg på at dei ønskjer at også elevane på Liverpool-linja skal møte den kristne bodskapen på skulen.

– Vi har ei andakt kvar dag som vi kallar «ord for dagen». Der har vi spelt av intervjuet kor Liverpool-trenar Jürgen Klopp snakkar om trua si, og vi har planar om å vise dåpen til Liverpool-spelar Roberto Firmino, fortel Reinertsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Er Liverpool den ideelle klubben for å formidle den kristne bodskapen?

– Kanskje, men den viktigaste grunnen til at det vart Liverpool-linje var at linjelæraren heiar på Liverpool. Hadde han heia på eit anna lag så hadde det blitt det.

– Til og med viss han hadde heia på «dei raude djevlane», som er kallenamnet på erkerivalen Manchester United?

– He he. Då hadde vi nok funne ein måte å formidle den kristne bodskapen akkurat like godt.