Er Gud og Allah den same?
Islam er «nær» kristendomen, men likevel uendeleg fjern.
Religion fengjer.Riksteateret er på turne med ei suksessoppsetjing frå Det norske teatret i Oslo. Stykket heiterAbrahams barn, har berre èin skodespelar, Svein Tindberg, som òg har skrivi manuskriptet. Førestellinga har lenge gått for fulle hus.
Tindberg er ein framifrå skodespelar. Han er òg aktiv som pressetalsmann for stykket. I fleire intervju fortel han: Når både jødar, kristne og muslimar reknar Abraham som sin stamfar, og han er inspirasjonen til dei tre monoteistiske verdsreligionane, jødedom, kristendom og islam, er det i grunnen dei same forteljingane me alle vedkjenner oss, berre i noko ulike utgåver.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Det er i grunnen same soga, men i tre bøker. Me burde difor kunne prate meir i lag på tvers av religionane, byggje ned grensene mellom dei, ikkje vera så påståelege på nokon kant. Me er jo brør! Me vil alle det same, ha eit fredeleg og harmonisk tilvære, men har berre litt forskjellige måtar å arbeide på for å nå desse måla. Trass alt, det er jo den same guden me tilber! Seier Svein Tindberg.
Er det verkeleg den same guden? Den same guddomen? Det same vesenet, eller den same krafta?
Likskapar mellom islam og kristendomen finst, med mange nok forteljingar til å fylle både eitt og to teaterstykke. Islam er «nær» kristendomen, men likevel uendeleg fjern, såpass negativ i omtalen av Jesus (ikkje Guds son, ikkje krossfest, ikkje frelsar) at islam i røynda framstår som anti-kristen.
Koranen nektar klart og utvetydig for at Gud er treeinig, eit grunnleggjande element i vår kristne tru. Dei som hugsar litt frå barnelærdomen, veit at Gud tilbyr frelse til fortapte syndarar, noko Allah ikkje gjer. Allah, i motsetnad til Gud, gjer ikkje noko i nåde. Gud viser vilkårslaus kjærleik. I Koranen er det ikkje kjærleik å få unntatt når du ofrar deg eller krigar for Allah.
Ein treng ikkje vera skriftlærd for å skjøne at Allah ikkje er ein far. I Koranen kapittel 11 vers 1,1 står det: «Si han er Gud, en. Ikke har han avlet noen, ei heller er han selv blitt avlet.» Etter mitt syn blir det då eit problem at norske forkynnarar, forlagsfolk og folkevalde går omkring og hevdar at me tilber den same guden. Allah er ikkje far til Jesus.
I Koranen står det fleire stader at Allah har ingen son. Det er til og med uttrykk for vantru, på lag med blasfemi, å seia noko slikt. Koranen seier tydeleg: «Det er ingen Gud uten Allah, og Muhammed er hans profet.» Bibelen seier i opninga av dei ti bodorda: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.» I Apostelgjerningane 4,12 blir det utdjupa om den krossfesta Jesus Kristus: «Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som me kan verta frelste ved.»
Som eit vanleg opplyst menneske er det for meg umogleg å få desse grunnleggjande skriftsitata til å sameinast. Begge bøkene gjer krav på absolutt sanning, og endåtil krav på at ein eråleine om sanninga.
Ein «utjamnande» tenkjemåte har teke til å breie seg: NRK og TV2 ser ut til å bruke namnetGud konsekvent også når det er tale omAllah. Me ser stadig innslag der muslimar heime og ute ropar: «Allahu akbar!» Anten det er tale om utbrot i raseri, triumf eller glede, høyrer me ropet, og på den norske tekstinga står det at «Gud er stor». Eg meiner å hugse at det tidlegare sto «Allah er stor» eller «prise Allah!»
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Truleg er eg ikkje åleine om å finne denne samanblandinga av Gud og Allah merkeleg. Når sjølvmordsbombene smell på marknadsplassane og kroppsdelane fyk omkring; når heile bydelar blir raserte i Syria; når rakettane susar frå Gaza innover mot sivile mål i Israel; når koptiske kyrkjer i Egypt og kristne kyrkjer blir brende ned i Nigeria; når islamistar i 2004 skyt tusenårsgamle Buddha-statuer i filler langs Silkevegen; når islamistar i Mali i 2012 smadrar utrulege byggverk tilhøyrande verdsarven; ja til og med når militsgrupper, utan atterhald, meiar ned og drep menn, kvinner og born i hopetal, høyrer me støtt ropet «Allahu akbar!»
Det er då ein spør seg: Kva slags «gud» er det som blir påkalla i slike situasjonar?
Eg går vidare på desse tankane om Gud og Allah i den ferske bokaDemokrati eller islamisme. Med tilvisingar til bandsterke verk, professor Aksel Valen Senstad, biskop Laila Riksaasen Dahl, domprost Øystein Bjørdal, forlagssjef Asle Dingstad, statsvitar Kjell Skartveit og ei rekkje andre glupingar, har eg fått kunnskap til å kunne sende eit brev til NRK og be dei slutte med å blande kristendomens Gud og islams Allah i fjernsynstekstinga.
Om dagens praksis i NRK går på slump, om det er ukunna som rår, eller om det er medviten politikk, får ein kanskje greie på i svarbrevet.
For ordens skuld vil eg opplyse om at ikkje er teolog, men filolog. I spørsmål om religiøs tru er eg såleis berre ein amatør. Den eller dei som har betaling for å arbeide med religion, og framføre resultatet på kateter eller på ein scene, erprofesjonelle. Men eg er likevel ikkje sikker på om deidifor alltid harretten og sanningapå si side.