Statsministrer Benjamin Netanyahu skuer utover Jordandalen på Vestbredden. Foto: AP / NTB scanpix

Erstatningsteologi i ny drakt

Det framstår med nært slektskap til islamistane sin vulgærpropaganda – men pent pakka inn i kristelege talemåtar.

Leiar for Sabeels venner, Hans Martin Haugen har i avisa 1.7. eit innlegg om den påtenkte annekteringa av Jordandalen. Artikkelen er velskriven og god – ut frå hans ståstad – men føresetnadene som argumentasjonen hans byggjer på har ikkje berekraft.

Hovudpremisset i tankebygningane hans er okkupasjon. Denne situasjonen brukar han i argumentasjonen sin heile tre gonger. Men faktum er at det er ingen okkupasjon – og har heller aldri vore det!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då Jordan i 1948 ulovleg okkuperte delar av Jerusalem, Judea og Samaria – og kalla det «Vestbredden», vart erobringa fordømd av eit samstemt FN og av Verdssamfunnet.

Men då Israel i ein forsvarskrig i 1967 frigjorde området og tok sitt eige land tilbake, vart det fordømt av alle – endå det ikkje kunne kallast ein okkupasjon. Kven hadde tidlegare hatt godkjend suverenitet over Judea og Samaria?

I fredsavtalen mellom Israel og Jordan i 1994 sa Jordan frå seg alle krav på dette kjernelandskapet til jødane. Så kven skulle Jerusalem, Judea og Samaria vera okkupert av, røva, stole frå – slik som vulgærpropagandaen frå palestina-arabarane hevdar?

Men i alle dei 50 åra etter denne overtakinga av «Vestbredden» – erobringa av Judea og Samaria – har FN, EU, Verdssamfunnet og media kverna på ordet «Okkupasjon, okkupasjon» og «ulovleg okkupasjon».

Folk flest veit ikkje om noko anna, og framståande politikarar får seg til å seia – når dei vert pressa til det og går til kjeldene for dei folkerettslege vedtaka som gjeld: «San Remo er historie, FN–resolusjonane, EU-vedtak og Verdssamfunnet er nåtid.»

Sabeels venner, Palestinakomiteen og dei andre av israels-uvener og fiendar mister heile fotfestet dersom dei skulle ta innover seg den innlysande jussen i gjeldande Folkerett: Det er ingen okkupasjon. Det ville vore full kapitulasjon og ført til avvikling av organisasjonen!

Haugen kjenner seg uvel av å bli kalla palistinist, erstatningsteolog og antisemitt. Det bør han så absolutt vera – når han med tyngd brukar det sterkt negative begrepet okkupasjon på stoda mellom arabarar og jødar – og som motiv for sine aktivitetar. Når han dertil sluttar seg til erstatningsteologien – vil han støtta oppvigleriet hos palestinarane – og bera karakteristikkane med rette.

Erstatningsteologien har iført seg ny drakt – Oppfyllingsteologien – og antisemittane kallar seg antisionistar – utan at det har nedfelt seg i mildare sinnelag mot Israel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Antisemittismen har sitt opphav alt frå Ismaels dagar, og fekk stort påfyll i den første pavetida. Sidan har det vore auke både i utbreiing og intensitet.

«Oppfyllingsteologien» finn si einaste teologiske støtte i pauliordet slik det står i 2 Kor 1,20 – der han skriv: «For så mange som Guds lovnader er, i han har dei sitt Ja og Amen.»

Men å leggja dette ut som eit bortfall av landlovnadane til jødane kolliderer med ei rekke andre pauliord; og tek ein for seg Jeremias kapittel 32, 33, 42, 46 og 50, finn ein minst tolv stader der landlovnadane til israelsfolket blir omtala og bekrefta – ikkje fjerna.

Og desse orda kan ikkje omstøytast av ei tvilsam tolking av eitt Paulus-vers. For desse versa hos Jeremias er eintydige, konkrete, fysiske, geografiske nemningar som ikkje kan åndeleggjerast til berre å gjelda det kristne samfunnet.

«Palistinist» er ikkje så uhøveleg på den som samstemmer med Kairosdokumentet frå 2009. Andreas Johansson – Israelsmisjonens representant i Jerusalem – har skrive ei ni siders vurdering av skriftet og oppsummerer: «Kairosdokumentet er mangelfullt faktamessig, teologisk og moralsk.»

Det framstår med nært slektskap til islamistane sin vulgærpropaganda – men pent pakka inn i kristelege talemåtar.

Når Haugen – leiaren av Sabeels venner mister dei berande føresetnader for sin agenda – står han tomhendt tilbake og blir avdekka som ein av dei mange Israels-uvenene.

Les også
Cry for hope – eller gi oss håp
Les også
Konsekvensene av annektering