SKILNAD: Det finst muslimar, hinduar og buddhistar i Kongressen i USA, men det store fleirtalet av representantane reknar seg som kristne.

Framleis stort kristent fleirtal i Kongressen

Det religiøse mangfaldet aukar i den amerikanske befolkninga, men Kongressen er stadig overveldande kristen og protestantisk.

Kontroversane uteblei ikkje då den 117. Kongressen i Washington D. C. kom saman på søndag. Det inkluderte ei opningsbøn frå ein representant som er ordinert prest.

Han avslutta med ordet «amen» etterfølgd av «a-woman». Det førte både til at somme reiste bust og andre stilte spørsmål ved kva dette skulle bety.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stabil dominans

Men noko som det sjeldan vert stilt spørsmål ved, er den religiøse samansetjinga av Kongressen. Både Representanthuset og Senatet er framleis kristent med stort fleirtal (88 prosent) og tungt protestantisk (53 prosent). Det viser ein oversikt som Pew Research Center har utarbeidd.

294 kongressrepresentantar og senatorar reknar seg som protestantiske kristne. Dette er omtrent som det var i den førre perioden. Til saman er det 535 sete i dei to kamra i Kongressen.

Dermed skil Kongressen seg frå USA som heilskap med tanke på livssyn.

Få utan tru

Rundt ein firedel (26 prosent) av vaksne amerikanarar reknar seg som religiøst uavhengige. Det betyr at dei kan vere ateistar, agnostikarar eller «ikkje noko bestemt». Men i Kongressen er den demokratiske senatoren Kyrsten Sinema frå Arizona den einaste som plasserer seg sjølv i denne kategorien.

Den demokratiske kongressrepresentanten Jared Huffman frå California kallar seg humanist. Både Sinema og Huffman seier at dei ikkje reknar seg som ateistar.

Skuffa ateist

18 andre kongresspolitikarar avslo å spesifisere kva religiøs tilknyting dei har.

– Er det skuffande at ikkje-religiøse røyster er så underrepresenterte i Kongressen? Ja, det er djupt deprimerande, seier Hemant Mehta, ein ateistisk skribent og podkastvert.

Men han la til at han var oppmuntra av at fire av dei 18 som ikkje ville svare, tilhøyrer Congressional Freethought Cacus. Det er ei gruppe som vart etablert i april 2018 for å «fremje vitskap og fornuft».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Overrepresentasjon

Ein veksande del av kongresspolitikarane identifiserer seg ikkje med eit bestemt trussamfunn eller ein konfesjon, ifølgje Pew.

Det betyr at dei ikkje reknar seg som til dømes metodistar, lutheranarar eller presbyterianarar. 96 kongresspolitikarar seier at dei ganske enkelt er kristne eller protestantar. I kontrast til dette var det berre 39 som gjorde det same i 2009.

Undersøkinga frå Pew viser at fleire religiøse grupperingar er overrepresenterte i Kongressen. Jødar utgjer to prosent av den amerikanske befolkninga, men seks prosent av Kongressen. Det vil seie 33 medlemer.

Katolikkar, som utgjer omlag 20 prosent av befolkninga, utgjer 30 prosent av Kongressen. Også presbyterianarar, episkopale (amerikanske anglikanarar) og metodistar er overrepresenterte.

Pinsevener er derimot underrepresenterte. Dei utgjer 0,4 prosent av Kongressen, men fem prosent av vaksne amerikanarar.

Tre muslimar

Her er nokre av dei andre funna:

• Det er ni mormonar i Kongressen.

• Tre muslimar sit i Kongressen, slik det også var i den førre perioden. Desse er André Carson, Ilhan Omar og Rashida Tlaib.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

• To buddhistar er innvalde: kongressrepresentant Hank Johnson og senator Mazie K. Hirono. Dei er attvalde frå den førre perioden.

• Det er to hinduar i Kongressen: Ro Khanna og Raja. Begge sat der i den førre perioden.

Vrei på amen

Nesten alle ikkje-kristne representantar, bortsett frå to jødar og ein som ikkje ville svare, er demokratar.

Kongressrepresentanten Emanuel Cleaver II, ein demokrat frå Missouri improviserte over velsigninga i 4. Mosebok då han bad ved innsverjinga av Kongressen. Han utløyste ein storm på Twitter då han avslutta bøna i namnet til Gud «kjend under mange namn av mange forskjellige trusretningar» og sa «amen and a woman».

Den avslutninga hissa opp fleire konservative kommentatorar. Sonen til presidenten, Donald Trump Jr., tvitra at bruken av «a-women» var vanvittig.

Møter motbør

«Amen betyr ’La det skje’ på latin. Det er ikkje eit kjønnsord, men det hindra dei ikkje frå å vere vanvittige», skreiv han.

Ordet amen uttrykkjer vanlegvis heilhjarta tilslutnad til ei bøn. Det kjem frå hebraisk og har inga språkleg tilknyting til ordet «man» (mann/menneske). Mest sannsynleg er det knytt til det hebraiske ordet for tru, «emunah».

Andre kommentatorar har påpeika at slike ordspel er vanlege i mange religiøse tradisjonar. Dei går ut frå at Cleaver, som har mastergrad frå St. Pauls School of Theology i Kansas City, veit kva ordet «amen» betyr.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Religiøse amerikanere flest tar korona på alvor, men én kristen gruppe skiller seg ut
Les også
– Eg vil gladeleg døy i denne kampen