STORE SKADAR: Store deler av taket og heile inventaret vart øydelagt av brannen i Tuastad bedehus.

Bedehus under utbygging herja av brann

Flammar og røyk har påført Tuastad bedehus i Karmøy kommune svært store skadar. Politiet undersøkjer saka.

Styreleiar Børge Thingbø strevar framleis med å fatte det som skjedde natt til førre laurdag.

– Eg var på hytta då eg fekk telefon om brannen midt på natta, seier Thingbø til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tuastad ligg i fastlandsdelen av Karmøy, sør for Haugesund.

UTBETRING: Nye toalett og nytt kjøkken var noko av det som skulle kome i tilbygget.

Politiet undersøkjer

Den siste tida har den ordinære aktiviteten på bedehuset vore stoppa på grunn av koronasituasjonen.

– Det einaste som har føregått, er arbeidet for å byggje ut huset, seier Thingbø.

Det har dreia seg om utviding av inngangspartiet med nye toalett, kjøkken og rullestolrampe.

Politiet undersøkjer saka, men har enno ikkje avklart kva som er brannårsaka.

– Er det mistanke om at brannen kan vere påsett?

– Eg vil ikkje spekulere i årsaker, men vente til politiet har gjort ferdig arbeidet sitt.

Haugesund politistasjon opplyser til Dagen at det er planlagt teknisk åstadsundersøking tysdag 5. mai.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Stort sjokk

Det 114 år gamle huset er eit av relativt få bedehus som er innvigd til kyrkjeleg bruk, også kalla bedehuskapell. Det har glasmåleri på frontveggen, i hørnet opp mot taket. Det hadde mønster av Guds auge.

Under vindauget hang det ein enkel kross. Bedehuset hadde også altar og altarring, og prestesakristi og dåpssakristi, noko som er uvanleg i slike hus.

– Det er stort sjokk og fortviling over at huset er brent ned, seier Thingbø.

Han fortel at det også har vore reaksjonar frå bygdefolk som ikkje går i huset til vanleg.

– Det er få i bygda som ikkje har vore innom og dermed har eit forhold til det, seier han.

– Kva vil de gjere framover?

– Det er for tidleg å seie. Vi må ta ein dag om gongen, seier Thingbø.

Han opplyser at dei også har dialog med forsikringsselskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

TILBYGG: Det er agt ned mange dugnadstimar for å byggje ut Tuastad bedehus.

– Kulturhistorisk skatt

Det næraste bedehuset til Tuastad er Fosen bedehus, som også husar Norsk bedehusmuseum.

– Det er eit stort tap at huset har brent ned, sidan det er ein åndeleg heim for ganske mange, men så er det også ein kulturhistorisk skatt, seier Svein Helge Torsteinsbø i bedehusmuseet.

Han synest det er ein sterk symbolsk verdi i at krossen på bedehuset var noko av det einaste som kom tilnærma uskadd frå brannen.

– Det same skjedde då Kopervik kirke på Karmøy brann, seier Torsteinsbø.