– Har respekt for mektige sanger

Margit Jansdotter Garlid (23) har leita etter eit høve til å synge O helga natt.

Det fins legendariske innspelingar av «O helga natt». Jussi Bjørling, Tommy Körberg og vår eigenSissel Kyrkjebø har gjort eigne versjonar. Luciano Pavarotti ogPlacido Domingo syng og songen i ein konsert i Wien sett av to millionar på nettstaden Youtube. 9 millionar har sett Josh Groban syngje «O Holy Night». For å nemne nokre.

Det skremmer på ingen måte Margit Jansdotter Garlid. Då 23-åringen og venninna, Vilde Moe Havre, inviterte til julekonsert i Arna kyrkje førre laurdag, song Margit «O helga natt».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kjende du på forventningane?

– Ja, det skal eg ikkje lyge om.

– Han er mektig!

Ho har alltid litt nervar før ho skal opptre sjølv om ho har hatt publikum sidan ho var lita. Då ho var barn, var Margit med i Bergen musikkteater. I 2015 var ho ferdig på Musikkteaterhøyskolen i Oslo og kom attende til Vestlandet. No underviser ho i musikal og teater på Bergen Kulturskole.

Margit har hatt «O helga natt» med seg lenge. Då ho gjekk på Fyllingsdalen vidaregåande skule i Bergen vart ho sjuk før ho skulle opptre med songen.

– Etter det har eg spart han og har leita etter eit høve til å synge han, seier ho til Dagen.

Konserten var eit slikt høve, tykte ho.

– Han er mektig! Eg har stor respekt for mektige songar.

SE VIDEO: Sissel Kyrkjebø synger «O helga natt»