NÅDEGÅVE: I 1. Kor 12 omtalar apostelen ulike nådegåver, skriv Egil Sjaastad.

Nådegåva til å tru

I 1. Kor 12 omtalar apostelen ulike nådegåver. Poenget er forskjellen mellom dei ulike «lemene» på «Kristi kropp». Ei av nådegåvene omtalar han slik « … ein annan får tru ved den same Ande» (vers 9). Her er det ikkje tale om den frelsande trua, den som gjer oss til lemer på «Kristi kropp». Nei, her må «tru» bety å ha tru for noko, ei tru på Guds makt.

Eg kom til å tenkje på dette no, etter å ha lese om ulike Kina-misjonærar. Nokre av dei var nettopp utrusta med eit vågemot. De satsa – i tru til Gud, jf. Heb 11.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei av desse var den vesle kvinna Gladys Ailward (1902–1970). Ho fekk kall til å reise til Kina, men misjonsleiinga meinte at ho ikkje var kvalifisert.

Men Gladys visste råd. Ho kjende til ei eldre kvinne som dreiv eit diakonalt arbeid ein stad i Kina. Så spara ho pengar, tok billigaste reisemåte – tog gjennom Sibir – og kom omsider fram. Her vart ho snart den leiande og sto i eit stort omsorgsarbeid samtidig som ho fortalde folk om Herren. Lokale leiarar fekk respekt for henne. Under krigen med Japan hjelpte ho femti foreldrelause born trygt over eit fjellområde. Fleire av dei vart kristne.

Nådegåva til å satse i tru. Gladys hadde denne gåva. Våger vi å be Gud utruste nye slike?