– Ei vond handling å ikkje gi dei vern

For seks veker sidan måtte sokneprest Tor Magnus Amble i Hønefoss kyrkje ta eit vanskeleg val. Skulle han og soknerådet seie ja til den afghanske småbarnsfamilien som ønskte å bu i kyrkja deira?

Då han plutseleg oppdaga ein ukjent familie i kyrkja etter gudstenesta der dei tok i bruk det nye orgelet for første gong, blei han stilt ovanfor eit stort val.

Skulle han og soknerådet gi ly til familien på fem som seier dei er kristne, men som både Utlendingsnemnda og Borgarting lagmannsrett har slått fast at dei ikkje trur på?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den planlagde festen for å feire nyeorgelet blei avlyst, soknerådet måtte heller sette seg ned for å finne ut kva dei skulle gjere med familien som spurde etter husrom i Noregs nyaste kyrkje. Svaret blei ja.

– Når menneske har gitt seg ut på flukt bør dei møtast meir med tillit enn mistenksamheit, seier Tor Magnus Amble no seks veker seinare.

– Den dagen dei dukka opp her, frykta eg at dette kom til å bli veldig krevjande. Men det har vist seg å også vere ei hjelp, seier han.

Han forklarer at familien bidreg med vasking meir enn etter berre seg sjølve, og under medarbeidarfesten nyleg var det dei som tok seg av oppvasken.

Ikkje ideelt

Soknepresten meiner likevel at det absolutt ikkje er ein ideell situasjon å ha ein familie med tre barn under seks år buande i kyrkja.

– Familien ville hatt eit mykje betre liv om dei kunne fått bu på eit mottak utan frykt for å bli sende ut av landet, seier han.

Etter at Tor Magnus Amble har blitt kjent med familien, har han fått meir og meir tillit til at dei snakkar sant.

– Deikan vere verdas beste skodespelarar, men eg tenker motsett. Viss det det seier er sant, vil det vere ei vond handling å ikkje gi dei vern. Så vidt eg veit er Afghanistan eitt av de verste landa i verda å vere kristen i, seier Amble.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hjelpe alle?

– Det er ei kjensgjerning at mange menneske i verda i dag lir stor naud. Skal norske kyrkjer då opne dørene for alle som treng det?

– Eigentleg meiner eg at vi i utgangspunktet bør hjelpe folk så nært som mogleg der dei bur. Men eg synest det er interessant å legge merke til at mange folk som eigentleg ikkje har vore så opptekne av korleis flyktningar har det andre stader, begynner å snakke om dette først når dei kjem tett på oss. Noreg kan ikkje lindre all naud, men vi må tenke nøye over kor mistenksame vi skal vere til dei som kjem til oss og ber om hjelp.

 

 

DagensDebatt.no: «Som leder og pastor for en bedehusforsamling har jeg over fire år bidratt i to ulike kirkeasyl»,...Posted byDagen on Saturday, March 17, 2018

 

 

Trur på trua deira

– Om ikkje norske styresmakter oppfattar familien som kristne, så gjer i alle fall fleire muslimar det, seier presten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han viser til at familien har fortalt at då dei budde på mottak, kom det nokon om natta og skreiv drapstuslar på vindauga deira. Kvinna i familien er også redd for å ta av seg hovudplagget, fordi ho fryktar liknande reaksjonar.

– Viss denne familien ikkje er kristne, så vil eg tru at 90 prosent av medlemmene i Den norske kyrkja heller ikkje er det, slår Amble fast.