Luther ville kvardagskristendom

Det er feil når somme hevdar at Luther stod for ei kristendomsform som var teoretisk og heva over folks kvardag. Nei, trua skal levast ut der ein har fått sin plass, i familie, i arbeid og yrke!

I den katolske kyrkja hadde det utvikla seg ein dualisme: Ein skilde mellom det livet som er regulert av dei ti bodorda – og «Kristi lov», som var krav om å leva avsondra frå denne verda. Sølibatet og klosterlivet var eit slikt liv på eit høgare plan der ein kunne realisera Guds fremste vilje, «kallet». Klosterfolket og helgenane kunne stilla med fortenestfulle gjerningar, medan dei som sleit i sitt yrke og vanleg arbeid, var utafor kallet, med underskot på gode gjerningar.

Luther gjekk kraftig imot ein slik dualistisk tankegang. Han heldt seg til apostelordet om at «Kvar og ein skal bli verande i det kallet han hadde då han vart kalla» (1.Kor 7,20). Ut frå dette ordet og dei ti bodorda utvikla han det me kallar «luthersk kalls-etikk». – Det fins ulike «stender», så som «ektestanden, øvrighetsstanden og prestestanden», sa han. Til ektestanden høyrer ikkje berre ektefolk, men barn og tenestefolk – og alle som er knytta til hus og heim. Til øvrighetsstanden høyrer ikkje berre dei som styrer, men også dei som blir styrt; og til prestestanden høyrer ikkje berre presten og ande som tener i kyrkja, men alle som skal formidle trua i heim og skule.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Poenget er at alle fins i fleire stender. Der er dei eit verktøy i Guds hand til å skapa orden, rett og fred. I vår «stand» møter me Guds vilje heilt konkret, og der blir «kallet» realisert. Det kvardagslege arbeidet er difor noko stort og positivt, ei teneste for Gud og nesten.

Utviklinga har vist at det blei vanskeleg å halda fast ved denne kallsforståinga. Dualistiske tankar melde seg gjennom pietismen på 1700-talet. Der kom ein til å skilja ut spesielle yrker som spesielt Gud-vilja, så som presteyrket, misjonær- og sjukepleiaryrket. Desse hadde Guds kall på ein spesiell måte, blei det hevda. Og så fall det vanlege yrkeslivet utafor kallet. Kvardagens ulike arbeidsoppgaver blei sett på som eit nødvendig vonde. Det måtte utførast, men det var ikkje lenger ei Gudsteneste, slik Luther hadde sagt. Gud skulle ein tena gjennom deltaking i kristeleg og kyrkjeleg ekstraarbeid. Dermed var ein tilbake i den dualistiske tankegangen.

Hos oss viste Hans Nielsen Hauge kva den lutherske kallstanken innebar. Han forkynte og praktiserte ei livsnær tru. Me er Guds medarbeidarar når me utfører eit ærleg arbeid, hevda han. Trua må visa seg i at ein utviklar dei gåver og ressursar som Gud har gjeve oss. Difor blei Hauge sine folk pionerar for nye næringstiltak. Dei bygde møller, etablerte bedrifter og engasjerte seg i fiskeri og handel. Kvardagslivet var for dei eit kallsliv, slik Luther hadde lært i sine skrifter. Arbeidet har sin eigenverdi ved at mennesket der deltar i Guds skaparoppdrag. Men ein måtte ikkje gløyma samlinga om ordet og bøna, for det gav livet det rette perspektiv og motivering.

Men Luther hevda også at «korset» er lagt ned i eitkvart arbeid. Sidan fallets dag er arbeidet forbunde med slit, sveitte og frustrasjon. I vår tid er arbeidet gjerne prega av spesialisering, monotoni, kjedsomhet og psykisk slitasje. Ein har vanskeleg for å sjå at det fins ein heilskap og ei meining med det ein gjer. Korset blir erfart på ein annan måte i det industrialiserte og teknifiserte samfunn samanlikna med eit jordbruks- og handverkssamfunn.

Difor er det viktig å gjera arbeidsplassen meir menneskeleg, der ein kan kjenna seg trygg og få utvikla sin ibuande skapartrong. Arbeidaren eller yrkesutøvaren må ikkje bli ei brikke i eit system som blir styrt av profitt og utnytting. Ein rett kallsetikk må fremja tiltak som skaper trivsel og verdigheit. Det betyr at det må vera ein god dialog og gode samarbeidsformer mellom arbeidsgjevarar og tilsette. Arbeidsløyse er ei svær utfordring både for dei som har styringsmakt, arbeidsgjevarar og dei tilsette. Kreativitet og medansvar er nøkkelord for eit godt arbeidsmiljø.

Teologen og salmediktaren Arve Brunvoll har sett ord både på kallstankens «evangelium» – og utfordringane som kvardagen byr på i vår tid:



Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd, 

Her har du lagt eit verk i mine hender. 


Å Herre, lat meg i mi kvardags-gjerd 

Få sjå eit kall som du i nåde sender! 


Så eg kan gå med frimod til min dag 

Og tene i din skapnings arbeidslag!