Illustrasjonsfoto: Fotolia

Islam, kristendom og realitetar

torsdag 6. september 2018

Samfunn

Skal ein koma vidare med kristenarven i Europa, må også dei mange passive og umælande vera viljuge til å stå opp for kristentrua og tala høgt om dei gode verdiane me har ervd i våre vestlege samfunn.

Etter at eg var innbeden til i Sarons Dal 19. juli for å tala om kristendomens sjansar til å greia seg i mannjamninga med islam i Europa, og skreiv eit par kronikkar om dette i Dagen (4. og 5. august), er eg takksam både til Troens Bevis og Dagen. Dei vågar å ta opp desse problemstillingane som er avgjerande for vår kristenfunderte kultur og vår fridom framover.

To karar frå Norsk Luthersk Misjonssamband, Øyvind Åsland og Hans Arne Sanna, har kommentert enkelte sider ved mine synsmåtar, og det er gildt. Men, noko skuffande, berre etter eit par rundar kjem dei alt 31.august med sine «avsluttende» merknader om «trusselen fra islam».

Kanskje ordskiftet ikkje har vore fånyttes likevel, for i avslutningsinnlegget deira er islam blitt eit trugsmål, og no er dei òg komne såpass langt i analysen «at vi tar sterk avstand fra de som ønsker et lovverk under sharia.»

Dei har no fått med seg at det er noko som heiter islamsk imperialisme, og vil heller ikkje bagatellisera skuggesidene ved denne. Det kjem seg.

Slik eg skjønar det, vil NLM ikkje leggja seg borti politikk eller fremja ein politisk agenda. Hovudoppgåva, seier dei, er å møta muslimar med kall til tru på Jesus Kristus. Det er bra, men eit av mine poeng er at dei som skal fremja kristendomen, må ha internasjonale arbeidsvilkår som kan gje rom for røynleg framgang.

Kristne må ikkje jagast eller bli skuvde baklengs mot veggen. Dei må bry seg om politikk, ikkje minst finna ut kven som er pålitande allierte i striden, og kven som ikkje er det.

For å kunne tala «nyansert og balansert» om islam, må dei også kjenna historia om politisk islam og den hårreisande maktutøvinga som har utfalda seg i Allahs namn gjennom 1400 år.

Innvandring ikkje viktig? Demografien skapar sjølvsagt langt fleire problem i Europa når det er 50 eller 100 millionar muslimar å hanskast med, tilhøyrande ummahen, samanlikna med dei 5 som var her den gongen Åsland og Sanna sat på lesesalen.

Muslimar er ikkje farlege, seier debattantane, fordi det «heldigvis bare er et lite mindretall som støtter terror eller IS», og nemner at det ofte er under 15 prosent som har slike haldningar.

– Vel, om me då seier 10 prosent, er det likevel ein potensiell «hær» på rundt 150 millionar menneske som er viljuge til å bruke vald i Allahs namn når ting spissar seg og dei vert kalla til dåd. Koranen er full av referansar og gode råd om korleis «dei vantrue» skal handsamast.

Møtet med totalitære ideologiar, som til dømes islamisme og kommunisme, er ikkje lett for nokon. Eg kan ikkje sjå for meg evangelisering og kyrkjevokster dersom aktørane held seg bak rullgardina og ikkje prøver å påverka dei politiske tilhøva heime og ute.

Skal ein koma vidare med kristenarven i Europa, må også dei mange passive og umælande vera viljuge til å stå opp for kristentrua og tala høgt om dei gode verdiane me har ervd i våre vestlege samfunn.

I den ide- og religionsstriden som no tetnar til må kristne miljø og menneske snakka kvarandre opp og fram, ikkje ned og ut. Dersom demokratiet skal vera berekraftig i framtida, krevst det politisk og religiøs leiarskap som maktar å sjå dei kreftene som har slege rot i Europa, som vedgår dette, og som deretter handlar i samsvar med realitetane.